Sáme girjjebussa

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. mar. 2024 kl. 10:07 av Cnyborgbot (samtale | bidrag) (Robot: Erstatter mal: Reflist)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sáme girjjebussa (lulesam.) eller Lulesamisk bokbuss er ein bokbuss som blir driven av Tysfjord folkebibliotekDrag. Eigar av bussen og ansvarlig for personalet er Tysfjord kommune. Bøkene inkluderer generelle bøker på samisk, med hovudvekt på lulesamisk, så vel som bøker om samiske emne på både samisk og skandinavisk. Dei har ein del generell fag- og skjønlitteratur på norsk og svensk òg. I tillegg har dei informasjonsmateriell om Sametinget i Norge.

Sáme girjjebussa kom i gang hausten 2001. I tillegg til at bussen dekkjer Tysfjord kommune, har han turar til Evenes, Narvik og Ballangen kommunar i Ofoten og til Hamarøy, Sørfold og Fauske kommunar i Salten. I 2004 gikk Gällivare og Jokkmokk kommunar i Norrbottens län inn i samarbeid med Tysfjord, og sidan den tid har bussen gått fire turar i året til Gällivare og Jokkmokk òg.[1]

Fotnotar

  1. Sjöblom, Carin: «Succé för den samiska bokbussen», Sveriges Radio P4 Norrbotten, publ. måndag 28. november 2005

Lenkjer