Sålåsundet

Sålåsundet (óg Solåsundet, Soleimsundet og Solemsundet) er namnet på sundet mellom øyene Tustna i vest og Stabblandet og Solskjelsøya i aust i Aure kommuneNordmøre. Det går frå Edøyfjorden i nord til Vinjefjorden i sør, og ligg i ei geologisk renne som fortset i Skålvikfjorden i Halsa. Eldre skrivemåtar er i Solæyasundi (1342) og Sollesundet (1817).

Sålåsundet sett fra Tustna mot Stabblandet.
Foto: Olve Utne (2007)

Langs sundet finn ein gardane Hals, Innersetra og Storsetra på Tustna og Innerberg og Fjelnesdalen på Stabblandet. Sålåsundet blir òg omtala som ei bygd med desse gardane. Poststaden var 6591 Indresæter. Lenger ut i sundet finn vi Baggan, Gullstein og Kalvika på Tustna; Stabben og Soleim på Stabblandet; og Solskjelsøydegarden og Solskjel på Solskjelsøya.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!


Koordinater: 63.186663° N 8.177426° Ø