Sagelva Vasskraftsenter: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 17: Linje 17:


==== Framveksten av saganlegget ====
==== Framveksten av saganlegget ====
Det er usikkert når anlegget her vart etablert, men det var sannsynlegvis i samband med ei vanskeleg tid for [[Lesja jernverk]] kring 1720. Jernverkseigaren, [[Reinholdt Ziegler]], bad i alle fall i 1721 om eit [[Leksikon:Tingsvitne|tingsvitne]] som kunne stadfeste at han hadde behov for å drive ei sag under garden [[Stuguflotten (Lesja)|Stuguflotten]].
Det er usikkert når anlegget her vart etablert, men det var sannsynlegvis i samband med ei vanskeleg tid for [[Lesja jernverk]] kring 1720. Jernverkseigaren, [[Reinholdt Ziegler]], bad i alle fall i 1721 om eit [[Leksikon:Tingsvitne|tingsvitne]] som kunne stadfeste at han hadde behov for å drive ei sag under garden [[Stuguflotten (Lesja)|Stuguflotten]]. Ziegler hadde i 1719 bygsla halve Stuguflotten av eigaren, som var [[Oslo Hospital]] etter skøyte frå den tidlegare jernverkseigaren [[Jørgen Fillipsen]]. Det er ikkje usannsynleg at verkseigaren bygsla garden nettopp av omsyn til den saga som ifølgje tingsvitnet alt stod på garden.


==== Sirkelsag ====
==== Sirkelsag ====

Sideversjonen fra 25. jan. 2020 kl. 17:20

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Skilt ved innkøyringa
Foto: Arnfinn Kjelland (2010)

Sagelva Vasskraftsenter er eit anlegg bygd og drive av Brøste-Stueflotten Kulturlag omkring Brøstsaga. Det ligg ved vegen inn over mot Brøstdalen, der den gamle Sagelva renn nær fylkesgrensa mellom Oppland og Møre og Romsdal. Oppbygginga av arbeidet

starta i 1999, og det blir brukt til å vise, demonstrere og forklare viktige sider ved næringsutviklinga ikkje berre i Lesja og Romsdalen, men i heile landet i dese siste 500 åra.

Markeringa av kulturminnedagen 13. september gav arrangørane den nasjonale kulturminnedagens pris for 2009, sjå kulturlaget.

Anlegget i ein større samanheng

Under omvisingar prøver ein gjerne, etter å ha vurdert tilhøyrarane, å plassere anlegget i ein større samanheng. Da kan ein gå tilbake til den perioden der folketalet i Noreg var på det lågaste, først på 1500-talet, der det ikkje budde fleire enn mellom 150.000 og 180.000 menneske i heile landet (dei noverande grensene). Folketalet hadde stupt drastisk etter Svartedauden, gamal dyrka mark hadde grodd att i alle fall i utkantstrøk og fjellbygder som Lesjaskogen var sannsynlegvis heilt fråflytt.

Da voks skogen opp ikkje berre i innlandet, men òg langs heile kysten stod tømmeret på rot heilt ned i fjøresteinane.

I denne perioden skjedde det òg store endringar i økonomi og befolkning særleg i Nordvest-Europa. Spania og Portugal hadde starta utforskinga av «den nye verda», og England, Skottland og Nederlanda følgde etter med raskt aukane urbanisering. Denne utviklinga kravde byggematerial, og dermed vart det norske tømmeret ei lett tilgjengeleg og ettertrakta vare. Prosessen starta kanskje med den såkalla skottehandelen, som utvikla seg vidare langs kysten både aust- og nordover.

Denne handelen med norsk trelast var avhengig av ein teknologiske nyvinning, oppgangssaga, for i alle fall langs mesteparten av kysten var det lett tilgjengelege kraftkjelder i form av vassdrag; elver og åer, som kunne drive den nye, effektive teknologien. Desse kan godt vere heilt eller delvis kunstige, og det er mange som har namnet Sagelva rundt om i landet.

Framveksten av saganlegget

Det er usikkert når anlegget her vart etablert, men det var sannsynlegvis i samband med ei vanskeleg tid for Lesja jernverk kring 1720. Jernverkseigaren, Reinholdt Ziegler, bad i alle fall i 1721 om eit tingsvitne som kunne stadfeste at han hadde behov for å drive ei sag under garden Stuguflotten. Ziegler hadde i 1719 bygsla halve Stuguflotten av eigaren, som var Oslo Hospital etter skøyte frå den tidlegare jernverkseigaren Jørgen Fillipsen. Det er ikkje usannsynleg at verkseigaren bygsla garden nettopp av omsyn til den saga som ifølgje tingsvitnet alt stod på garden.

Sirkelsag

  • Rekonstruksjon av Brøstsaga slik ho var i 1934, vassdrive sirkelsag med undervasshjul.

Oppgangssag

Tradisjonell gardskvern

  • Kopi av tradisjonell gardskvern med liggande vasshjul og kvernstein frå Selbu.

Illegal kvern frå andre verdskrig

  • Kvern frå 1942 med elektrisk motor, opphavleg montert i skjul på Stuguflotten og brukt til ulovleg maling av korn under andre verdskrigen.

Stampe

  • Kopi av vassdrive stampe frå Stuguflotten, opphavleg oppsett midt på 1800-talet. I slike stamper behandla ein vadmel. Denne har fire stampestokkar.

Kol- og tjærebrenning

Kunstig kanalsystem med nåledammar

  • Kanalsystem med fleire vassrenner, den største på 40 m lengde og med 6,6 m fall. Systemet har fleire nåledammar og luker for kontroll av vatnet, som blir overført frå Asbjørnsåe til Sagelva gjennom Teppa, eit rekonstruert tradisjonelt inntakssystem som både sikrar minstevassføring og avgrensar vassføringa under flaum.

Moderne minikraftverk

  • Eit moderne minikraftverk ovafor anlegget med ein maksimumsproduksjon på 640 kW.

Industribygg

  • Bygg innehaldande ymse vassdrivne maskiner og reiskap frå siste fase før den elektriske krafta kunne utnyttast i lokal næringsverksemnd frå 1950- eller 60-talet.


Bilde frå vasskraftsenteret

Kjelder

Koordinater: 62.27750° N 8.12040° Ø