Severin Aarskog

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. sep. 2014 kl. 09:44 av Kallrustad (samtale | bidrag) (FT-lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Severin Aarskog (fødd 26. juni 1874 i RovdeSunnmøre, død?) var lærar og lokalpolitikar i Høle kommune ved Sandnes.

Han vaks opp i Årskog i Rovde, Sande kommune, som son av Johannes R. og Birte Aarskog. Severin Aarskog tok eksamen ved Kristiansand seminar i 1895. I 1896 fekk han stipend til lærarkurset i Tromsø.

Som nyutdanna var han 1895-97 lærar i Målselv i Troms, i krinsane Målselven, Tagelvdal, Rognmo og Sollid. Dei neste to åra (1897-99) arbeidde Aarskog i Bjerkreim i Rogaland, der han var lærar ved skulane Bjerkreim, Lauperak og Ørsdal. Frå 1899 var han tilsett ved Horve skule i Høle, som no er ein del av Sandnes kommune.

I Høle hadde Aarskog fleire kommunale ombod. Han sat mellom anna som medlem av Høle heradsstyre 1912-21 og frå 1928. Severin Aarskog var formann i fattigstyret 1908-12 og frå 1932, og i bolken 1910-14 var han formann i likningsnemnda. Frå 1913 var han dessutan bankkasserar.

Han var gift med Anna Sørensdotter Røvde, dotter av Søren og Sunniva Røvde.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket