Skjåk Almenning: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Ei hjørnesteinsverksemd: Litt redigering)
(Omredigering og tillegg)
Linje 8: Linje 8:

== Ei hjørnesteinsverksemd ==
Forutan å vere grunneigar og forvaltar av skog, fisk, vilt og andre naturressursar, driv Skjåk Almenning skogbruk, foredlings- og forretningsverksemd i bygda. Det blir årleg avverka om lag 9000 m<sup>3</sup> furutømmer (opplysning frå 2009). Foredlinga skjer ved ålmenninga sitt sagbruk og høvleri i Bismo. Denne delen av verksemda blir i dag (2010) organisert gjennom dotterselskapet Skjåk Trelast as, som også driv omsetjing av trelast og byggevarer i Bismo (Bygger'n i Skjåk). Ålmenninga har elles inntekter av jakt- og fiskerettar, av kraftutbygginga og av festeavgifter av hyttetomter.
Seterdrift, beite og fôrhenting, bygningsmaterialar og anna vyrke, ved, trekol, tjøre, never, fisk og vilt, fossekraft, rekreasjon - alt dette er ressursar frå ålmenninga som har hatt stor betydning for jordbruk og busetnad i bygda. Tømmersal frå byrjinga av 1700-talet og eksport av foredla trelast frå 1930 har gjort ålmenninga til ein svært viktig faktor i økonomi og sysselsetjing i Skjåk.
I ein kortare periode rundt 1850, og sidan frå 1890-åra til midt på 1960-talet var det tamreindrift i ålmenninga. Det var dels enkeltpersonar, dels private andelslag og ei tid jamvel eit kommunalt selskap som stod for dette.
Ålmenninga har lenge leigd ut hyttetomter til private. I seinare år har det vorte utbygd fleire hyttefelt, og ålmenninga har i dag inntekter frå om lag 500 festetomter. Ålmenninga eig også fleire overnattingshytter til bruk for turgåarar, jegerar og fiskarar.

== Areal og ressursgrunnlag ==
== Areal og ressursgrunnlag ==
Linje 30: Linje 21:

{{thumb høyre|ReinTundradalen.jpg|<small>Reinsdyr i Tundradalen i Skjåk-ålmenninga. I bakgrunnen Tundradalskyrkja og Tverrådalskyrkja. Foto: Per Dagsgard.</small>}}Skjåk Almenning er den største jaktrettshavaren innan [[Ottadalen villreinområde]], med ei årleg fellingskvote på ca. 400 dyr (367 i 2010). Det blir elles felt ca. 50 elgar i året, og dertil hjort, rådyr og småvilt. Det finst meir enn 200 fiskeførande vatn og tjønner og ca. 250 km fiskeførande elver.  

== Eigar- og bruksrett ==
== Eigar- og bruksrett ==
Dei særskilde bruksretts- og eigedomstilhøva har bakgrunn i heimkjøpet av ålmenninga i 1798. Da selde daverande eigar Bernt Anker ålmenninga til «Ole Mallaug, Sevald og Hans Spærstad, Lars Eriksen Andvord og med Intressentere, som ere alle Almuer i Schiagers Annex til Loms Præstegjeld», som det heiter i skøytet av i [[Leksikon:Pantebok|panteboka]] (22. januar 1798).<ref>[http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=10056&uid=ny&idx_side=-4  Panteboka på Digitalarkivet]</ref> «Alle almuer», i andre avskrifter «Almuesmænd», var gardbrukarane dei om lag 140 matrikulerte bruka som da fanst i bygda, pluss den eine garden Andvord i Lom. Eigarlutane vart fastsette i [[Leksikon:Hudlag|huder og skinn]] i samsvar med matrikkelskylda på dei enkelte bruka, og innskota i kjøpesummen (i alt 2500 riksdalar) vart fastsette i forhold til dette.  
Alle jordbrukseigedomar i bygda over 5 dekar dyrka mark, har bruksrett i ålmenninga. Det er i dag (2010) 368 slike eigedomar. Det viktigaste ved bruksretten i vår tid er bruksrettrabatt ved og materialar til gardsbehov, i tillegg til hevdvunne rettar til setrer og beite.

Ved seinare oppdeling av gardar med eigedomsrett har talet på eigarar auka. ''Eigedomsretten'' følgjer i dag (2010) 206 av gardsbruka i bygda, noko over halvparten av det samla talet på gardsbruk i Skjåk. Eigedomsretten inneber fyrst og fremst krav på kontantutbytte av drifta. Det er også eigarane direkte som får dei årlege inntektene av fossefallsrettar som vart selde i 1960-åra.
Av desse 368 gardsbruka er det 206 som også har ''eigedomsrett'' til ålmenninga. Det er desse gardane som har mest direkte interesse av ålmenninga som forretningsføretak, ikkje berre som tilleggsressurs til eiga gardsdrift. Eigedomsretten inneber fyrst og fremst krav på kontantutbytte av drifta. Det er også eigarane direkte som får dei årlege inntektene av fossefallsrettar som vart selde i 1960-åra.  

''Bruksrett'' har alle gardar og bruk, i praksis rekna til jordbrukseigedomar over 5 dekar, alt i alt ca. 370  einingar inklusive dei med eigedomsrett. (I 2010 er det 162 bruk med berre bruksrett og altså 206 med både bruksrett og eigedomsrett.) Det viktigaste ved bruksretten i dag er bruksrettrabatt ved og materialar til gardsbehov, i tillegg til hevdvunne rettar til setrer og beite.
I høve til ålmenningsrettane kan bygdefolket dermed delast i tre grupper:
1) Dei med bruksrett og eigedomsrett i ålmenninga (ca. 206 hushald)
2) Dei med berre bruksrett (ca. 160 hushald)
3) Dei som ikkje har ålmenningsrettar i det heile,  men som nyt allemannsretten på linje med alle andre (ca. 580 hushald). http://www.ssb.no/emner/02/01/20/familie/tab-2010-04-08-05.html Privathusholdninger, etter husholdningstype, fylke, kommune og bydel. 1. januar 2010 (Rettet 27. april 2010) Det blir elles ikkje gjort forskjell folk med og utan ålmenningsrett når det gjeld jakt- og fiske for  innanbygds buande

Dette tilhøvet, at dei som har bruksrett består av to grupper, ei med og ei utan eigedomsrett. skil Skjåk Almenning ut frå andre bygdeålmenningar.
Det tilhøvet at bruksrettshavarane består av to grupper, ei med og ei utan eigedomsrett, skil Skjåk Almenning ut frå andre bygdeålmenningar

Talet på gardsbruk med bruksrett, men ikkje eigedomsrett, auka jamt frå slutten av 1800-talet med frikjøpet av husmannsplassar/bygselsbruk i og utanfor ålmenninga. Som følgje av bureisinga i 1920- og 1930-åra kom det også til ca. 30 slike bruk.
=== Bakgrunn ===

I takt med denne utviklinga oppstod det interessemotsetningar mellom eigarane og dei i bygda som berre hadde bruksrett. Brukarar av gardar med liten og ubetydeleg eigarlut har hatt ein tendens til å følgje den reine bruksretten i ålmenningspolitikken. Eigedomsretten er etter måten konsentrert. 36% av dei som har bruksrett, eig 94% av ålmenninga, medan ca. 19% eig dei siste 6%. Dette har mellom anna gjort seg utslag i at den reine bruksretten har fått fleirtal ved styrevala, noko som i sin tur har ført til langvarig strid om kva kompetanse ålmenningsstyret har hatt i høve til eigarane. Det har dreia seg mellom anna om disponeringa av overskotet, fondsoppbygging, sal av ålmenningsplassar, jordsal til bureising med meir.
Dei særskilde bruksretts- og eigedomstilhøva har bakgrunn i heimkjøpet av ålmenninga i 1798. Da selde daverande eigar Bernt Anker ålmenninga til «Ole Mallaug, Sevald og Hans Spærstad, Lars Eriksen Andvord og med Intressentere, som ere alle Almuer i Schiagers Annex til Loms Præstegjeld», som det heiter i skøytet av i [[Leksikon:Pantebok|panteboka]] (22. januar 1798).<ref>[http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=10056&uid=ny&idx_side=-4  Panteboka på Digitalarkivet]</ref>(I andre avskrifter heiter det «Almuesmænd». Originalskøytet er gått tapt.

Interessemotsetningane har gjort seg organisatorisk utslag i danninga av eit bruksrettslag og eit eigarlag frå 1960-åra av. Vel 100 av gardbrukarane har partar store nok til at dei identifiserer seg spesifikt med eigedomsretten, og som såleis soknar til eigarlaget.
«Allmugen» var her identisk med gardbrukarane på dei om lag 140 matrikulerte bruka som da fanst i bygda, pluss den eine garden [[Andvord]] i Lom. Eigarlutane vart fastsette i [[Leksikon:Hudlag|huder og skinn]] i samsvar med matrikkelskylda på dei enkelte bruka, og innskota i kjøpesummen (i alt 2500 riksdalar) vart fastsette i forhold til dette.
 
Ved seinare oppdeling av gardar med eigedomsrett har talet på eigargardar auka til dagens tal på 206. Eigedomsretten er etter måten konsentrert. 36% av dei som har bruksrett, eig 94% av ålmenninga, medan ca. 19% eig dei siste 6%.
 
Gruppa av gardsbruk med berre bruksrett voks fram frå slutten av 1800-talet. Det var for ein del utskilde eigedomar der ikkje eigarrett følgde med når gardar vart delte. Viktigast var nok at husmannsplassar i og utanfor ålmenninga vart kjøpte til sjølveige og matrikulerte. Som følgje av bureisinga i 1920- og 1930-åra kom det også til ca. 30 nye bruk med bruksrett utan eigedomsrett.
 
=== Interessemotsetningar mellom eigedomsrett og rein bruksrett ===
 
I takt med auken i talet på hushald med varierande tilhøve til ålmenninga, og med forskyvinga av høvestalet desse imellom, vart motsetningar mellom eigedomsretten og den reine bruksretten skjerpa. Brukarar av gardar med liten og ubetydeleg eigarlut har hatt ein tendens til å følgje den reine bruksretten i ålmenningspolitikken, og dei har vist større vilje til å la noko av goda (særleg materialrabatten) ved ålmenninga tilfalle også resten av bygdefolket.
 
Dette har mellom anna gjort seg utslag i at eigedomsretten har kome i mindretal ved styrevala, noko som i sin tur har ført til langvarig strid om kva kompetanse ålmenningsstyret har hatt i høve til eigarane. Det har dreia seg mellom anna om disponeringa av overskotet, rabattsal av materialar til ikkje bruksrettshavarar,  fondsoppbygging, sal av ålmenningsplassar, jordsal til bureising med meir.
 
Interessemotsetningane har gjort seg organisatorisk utslag i danninga av eit bruksrettslag og eit eigarlag. Vel 100 av gardbrukarane har partar store nok til at dei identifiserer seg spesifikt med eigedomsretten, og som såleis soknar til eigarlaget.  

Ei tilsynelatande varig løysing på motsetningane vart oppnådd ved ein avtale mellom ålmenningsstyret og eigarlaget av 5. mars 1995. Den går ut på at «Eigarlaget v/styret aksepterer at all forvaltning av almenningen tilligger styret, jfr. lov om bygdealmenning kap. 3». Motytinga var regulering og sikring av eigarutbytte i høve til storleiken på bruksrettsytingane til kvar tid.  

=== Hadde husmennene ålmenningsrett? ===
Det har gjennom heile historia vore grupper innan bygdefolket utan både bruks- og eigedomsrett i ålmenninga. Det gjeld dei som ikkje har drive gardsbruk. Utviklinga av sekundær- og tertiærnæringar på 1900-talet har ført til ein sterkt auka andel av desse. Men også medan bygda var heilt dominert av jord.- og skogbruk som næringsveg, var det monalege delar av bygdefolket som ikkje eller berre i avgrensa grad naut godt av ålmenninga. Det galdt arbeidsfolk som berre hadde ei tomt og stugu. Med omsyn til dei ganske talrike husmennene, som jo i dei fleste tilfelle dreiv jordbruk, er tilhøvet noko uvisst. I ein del kontrakter på ålmenningsplassar er nærare avgrensa rettar til beite, for, ved og vyrke avtalefesta, noko som logisk inneber at dei ikkje har hatt generell bruksrett på linje med gardbrukararne. I andre plasskontrakter er det stundom nemnt at plassen kan nyte ålmenningsressursar som følgjer av retten som ligg til husbondsgarden.

Linje 74: Linje 95:
{{thumb høyre|Nordre Bysjet i Skjaak.JPG|<small>Det tidlegare ålmenningsbruket Nørdre Bysjet (gnr. 148.1 Nyhus) i Skjåk. Truleg rydda tidleg på 1800-talet. Bruket vart kjøpt til sjølveige i 1929. I bakgrunnen, på andre sida av dalen, skimtast ålmenningsgrenda Jøingslia.</small>}}

{{thumb høyre|Skoglund i Skjaak.JPG|<small>Bureisingsbruket Skoglund (gnr. 150.1 i Skjåk). Det vart rydda på ålmenningsgrunn frå 1922. Merk dreneringskanalen i framgrunnen. Det var eit fellestiltak for fleire bureisingsbruk som vart oppdyrka samstundes i dette opphavlege myrlendet.</small>}}Nyryddinga skaut fart mot slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-åra. Nye grender av plassbruk kom til i Jøingslia og [[Billingsdalen]]. (Sjå døme på plasskontrakter [[Kjeldearkiv:Husmannskontrakter, Skjåk Almenning 1804| her.]]) Mot slutten av 1800-talet byrja ålmenninga å selje ein og annan av dei gamle husmannsplassane til sjølveige. Eit nytt, bruksrettsorientert ålmenningsstyre sette frå 1915 i gang sal i større omfang av ålmenningsplassar i Jøingslia og andre stader.  Dette vekte motstand blant ein del av eigarane, og vart kjelde til strid i fleire tiår frametter. Det same galdt [[Bureising|bureisinga]] som tok til fyrst i 1920-åra, og som i tida fram til 1945 skapte 24 nye bruk i ålmenninga.

Linje 90: Linje 110:

I 1890-åra tok ein til med fellesdrift for uttak til bruksretten. Akkordar vart sette bort ved lisitasjon, dvs. til lågastbydande hoggarar og køyrarar. Også fløyting og arbeidet ved sagbruka som ålmenninga dreiv frå 1896, vart sett bort på akkord. Lisitasjonssystemet varte ved til 1920-åra.

'''Høgfjellet'''
'''Høgfjellet'''
Linje 98: Linje 117:
Da Hans Sperstad selde fjellområde til staten i 1872, hadde han halde attende to delar av det området han hadde hevd på. Det galdt [[Vien]], som Skjåk Almenning fekk kjøpt av Per Sperstad i 1937, og [[Breidablikk]], som vart verande i privat eige til det vart kjøpt, ikkje av ålmenninga, men av Skjåk kommune i 1985.  

'''Begynnande kraftutbygging'''

'''Begynnande kraftutbygging'''
Under fyrste verdskrigen byrja elektrisitetsutbygginga i Skjåk. Ålmenninga var sterkt involvert i arbeidet i nært samvirke med kommunen, mellom anna likeverdig part med kommunen i Skjåk kraftselskap. Ålmenningsstyret garanterte for større lån til kraftselskapet, noko som elles førde til sterk strid da tidene vart dårlegare. Det var konkrete planar for utbygging av Høgfossen, og ålmenninga var villig til å overlate denne vederlagsfritt til kommunen. Tidlegare haddedei stilt  Åstrafossen til disposisjon til same formål. Arbeidet i Høgfossen vart sett i gang med mellom anna tilsetjing av ingeniør og bygging av ingeniørbustad i Øyberget. For å skaffe kraft til denne ei større utbygging av Høgfossen vart kraftverket i Aura bygd. Det stod ferdig og gav ljos til større delar av bygda  i februar 1920. Av ulike grunnar kom derimot ikkje Høgfossen til å bli utbygd før på 2000-talet.

Høgfossen. Aura. Medeigar i Skjåk kraftselskap

=== Frå 1930 til i dag ===
=== Frå 1930 til i dag ===
Linje 110: Linje 129:

Fram til 1930 gjekk den innanbygds foredlinga av trelast føre seg på små bygdesager i og utanfor ålmenninga, åtte av privatpersonar. I 1890-åra byrja ålmenninga så smått med sagbruksdrift for eiga rekning. Heggjeåsaga vart innkjøpt i 1895, og vart meir eller mindre halden i gang til 1933. I 1901 bygde ålmenninga eit nytt sagbruk i Åstra (Bråtåsaga), som var i drift til 1946, med avbrot. Så i 1916 overtok ålmenninga [[Skamsar-saga]]. Den låg rett vest for Bismo, langt austafor ålmenningsgrensa, slik at ho kunne fange opp tømmer frå heile ålmenningsskogen. Nå gjekk det 15 år med planlegging av og strid om oppbygging av eit større og modernisert sagbruk og høvleri, med tanke på å behalde foredlingsgevinsten i bygda. Mellom anna var utvegane til transport av foredla trelast blitt mykje betre etterat lastebilane kom i sving for alvor i 1920-åra. I 1930 opna det nye sagbruket i Skamsarfossen og eit høvleri i Bismo. Frå saga til høvleriet vart det bygd ei transportrenne som vart teken i bruk i 1932.

'''Eigaraksjonen 1938'''
Våren 1938 vart det sett i gang ein protestaksjon blant eigarane i ålmenninga. Protesten retta seg mot ålmenningsstyret, og dei viktigaste punkta var desse:
*Sal av jord i ålmenninga må opphøyre straks.
*Stemmeretten ved ålmenningsval må trekkjast attende frå alle dei bruka som har vore selde i ålmenninga og på nymatrikulerte bruk i det heile teke. Brukarane på slike bruk skal ikkje kunne veljast inn i styret..
*Disponeringa av overskotet i ålmenninga er det berre dei med eigedomsrett som har rett til bestemme. Korkje departementet eller dei med berre bruksrett kan leggje seg opp i dette.
*Styret i ålmenninga har ikkje mynde til å ta opp lån eller pantsetje ålmenninga.
Litt seinare gjekk aksjonskomiteen inn for utskifting av ålmenninga, dvs. ei deling mellom Skjåk og Nordberg sokn.
Aksjonen hadde i byrjinga god oppslutning blant dei om lag 100 gardbrukarane som identifiserte seg med eigedomsretten. I spissen stod den største luteigaren, Rikard Skjelkvåle. Mellom anna på grunn av Skjelkvåles leiarstil, distanserte snart mange av dei meir moderate eigarane seg frå aksjonen. Aksjonen ebba ut under krigen. Men fleire av problemstillingane vart aktualiserte etter krigen og delvis prøvde for retten.
'''«10-prosent-dommen» 1956'''
Truleg i 1890-åra hadde ålmenninga byrja selje materialar med rabatt til folk i bygda utan plmenningsrett. Prisen vart fastsett til bruksrettpris pluss 10%. Det såkalla Brandsarstyret 1911-1913 prøvde å setje ein stoppar for dette. Men med eit meir bruksrettsvennleg styre helt i ettertid fram med dette. Spørsmålet fekk auka økonomisk betydning etter andre verdskrigen med nokså omfattande bustadbygging utanom jordbruket. Til dømes vart det rekna ut at eigarane i året 1954 hadde gått glipp av 44 000 i eigarutbytte på slik rabattsal. I 1955 gjekk 101 ålmenningseigarar til sak mot fleirtalet i ålmenningsstyret som hadde halde fram med slik rabattsal trass protestar frå eigarhald. Eigarane fekk medhald i dom ved Nord-Gudbrandsdal heradsrett 30. mai 1956.

'''Fallingen-dommen 1963'''
'''Fallingen-dommen 1963'''
Linje 116: Linje 151:

'''Sal av fallrettar og kraftutbygging'''
'''Sal av fallrettar og kraftutbygging'''

'''Bruksrettslag og eigarlag'''
'''Bruksrettslag og eigarlag'''

Fallingen-domen, sal av fallrettar m.m. aktualiserte spørsmålet om fordelinga av ålmenningsrettane. I 1969 vart Skjåk Almennings Eierlag stifta. Vedtektene, utforma i medhald av Sameigelova, gjev eigarlaget fullmakt som representativt organ for eigarinteressene m.o.t. forhandlingar, inngåing av avtaler etc.  
10-prosent-dommen, Fallingen-domen, sal av fallrettar m.m. aktualiserte spørsmålet om fordelinga av ålmenningsrettane. I 1969 vart Skjåk Almennings Eierlag stifta. Vedtektene, utforma i medhald av Sameigelova, gjev eigarlaget fullmakt som representativt organ for eigarinteressene m.o.t. forhandlingar, inngåing av avtaler etc.  

Skjåk bruksrettslag var opphavleg skipa i 1911, men har lege nede i periodar. Det vart revitalisert i 1960-åra med bakgrunn i dei same omstenda som gjorde at eigarlaget vart stifta. Alle med bruksrett, med eller utan eigedomsrett, kan vere medlemmer i bruksrettslaget.

'''Fjellstyre og utmarksbruk '''  
'''Fjellstyre og utmarksbruk'''

{{thumb høyre|Tverraahytta-Skjaak.jpg|<small>Tverråhytta i Tordalen, ei av Skjåk ålmennings hytter for turgåarar, jegerar og fiskarar. Hytta var opphavleg oppsett i 1941 til for dei som gjette fellesdriftene der. Også før det har det vore gjetarbuer i same området. Foto: Stig Aaboen.</small>}}Til å regulere jakt- og fiskerettar, bruken av beite for tamrein og krøtter og annan bruk av høgfjellet, oppretta ålmenninga eit eige [[fjellstyre]] i 1933. Det var i verksemd til 1964.  

Sideversjonen fra 30. des. 2010 kl. 05:33

Mal:Thumb høyreSkjåk Almenning (i lokal daglegtale Skjåk ålmenning eller berre «Ålmeinningje») er ei bygdeålmenning i Skjåk kommune. Med sine 2 millionar dekar er Skjåk Almenning landets største private grunneigedom. Den omfattar praktisk tala all grunn over tregrensa i heile kommunen, og dessutan skogen i det meste av Nordberg sokn. Mesteparten av høgfjellsområdet i ålmenninga inngår nå i nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen.

Som bygdeålmenning går historia attende til 1798, da gardbrukarane i bygda fekk kjøpt eigedomen av daverande eigar Bernt Anker. Eigedomsretten hadde til da lege til enkeltpersonar, alt sidan kongen hadde selt ålmenninga på auksjon i 1726. Etter seinare definisjonar vart Skjåk Almenning ved salet i 1726 til ei privatålmenning, og før det kongs- eller statsålmenning, sidan kongen hevda ein overordna eigedomsrett. Til langt ut på 1800-talet vart eigedomen kalla Nordherredsmarkens allmenning («Nordheradsmorkje») etter det gamle bygdenamnet Nordherad. Stundom finn ein også brukt namnet Langmarken («Langmorkje»), og desse namna må ikkje forvekslast med Nordherad og Langmorkje i Vågå.

Skjåk Almenning er og har vore ei hjørnesteinsverksemd i bygdesamfunnet, med stor betydning for busetjingsmønster, økonomi og arbeidsliv i bygda. Ein særeigen bruksretts- og eigarstruktur har gjennom tidene sett sitt sterke preg på bygdesamfunnet også sosialt og politisk.

Skjåk Almenning blir leia av eit styre valt av bruksrettshavarane i samsvar med Lov om bygdeallmenninger,[1] under dagleg leiing av ein ålmenningsstyrar. Styrar og administrasjon held til i bygdesenteret Bismo.

Areal og ressursgrunnlag

Mal:Thumb høyre Ålmenninga dekkjer eit landareal på i alt ca. 2 millionar dekar. Eigedomen utgjer 95% av arealet i Skjåk kommune. Det aller meste er høgfjellsområde. Arealet fordeler seg prosentvis om lag slik:

  • Fjell og vidde: 83%
  • Brear: 6%
  • Vatn og vassdrag: 5 %
  • Skog:. 6%, av dette 93 000 dekar produktiv skog (furu).

Lågaste punktet, litt vest for Nordberg kyrkje, er 420 m.o.h., høgste fjelltoppen er Nørdre Hestbrepiggen på 2172 m.o.h.

Mal:Thumb høyreSkjåk Almenning er den største jaktrettshavaren innan Ottadalen villreinområde, med ei årleg fellingskvote på ca. 400 dyr (367 i 2010). Det blir elles felt ca. 50 elgar i året, og dertil hjort, rådyr og småvilt. Det finst meir enn 200 fiskeførande vatn og tjønner og ca. 250 km fiskeførande elver.

Ei hjørnesteinsverksemd

Forutan å vere grunneigar og forvaltar av skog, fisk, vilt og andre naturressursar, driv Skjåk Almenning skogbruk, foredlings- og forretningsverksemd i bygda. Det blir årleg avverka om lag 9000 m3 furutømmer (opplysning frå 2009). Foredlinga skjer ved ålmenninga sitt sagbruk og høvleri i Bismo. Denne delen av verksemda blir i dag (2010) organisert gjennom dotterselskapet Skjåk Trelast as, som også driv omsetjing av trelast og byggevarer i Bismo (Bygger'n i Skjåk). Ålmenninga har elles inntekter av jakt- og fiskerettar, av kraftutbygginga og av festeavgifter av hyttetomter.

Seterdrift, beite og fôrhenting, bygningsmaterialar og anna vyrke, ved, trekol, tjøre, never, fisk og vilt, fossekraft, rekreasjon - alt dette er ressursar frå ålmenninga som har hatt stor betydning for jordbruk og busetnad i bygda. Tømmersal frå byrjinga av 1700-talet og eksport av foredla trelast frå 1930 har gjort ålmenninga til ein svært viktig faktor i økonomi og sysselsetjing i Skjåk.

I ein kortare periode rundt 1850, og sidan frå 1890-åra til midt på 1960-talet var det tamreindrift i ålmenninga. Det var dels enkeltpersonar, dels private andelslag og ei tid jamvel eit kommunalt selskap som stod for dette.

Ålmenninga har lenge leigd ut hyttetomter til private. I seinare år har det vorte utbygd fleire hyttefelt, og ålmenninga har i dag inntekter frå om lag 500 festetomter. Ålmenninga eig også fleire overnattingshytter til bruk for turgåarar, jegerar og fiskarar.

Eigar- og bruksrett

Alle jordbrukseigedomar i bygda over 5 dekar dyrka mark, har bruksrett i ålmenninga. Det er i dag (2010) 368 slike eigedomar. Det viktigaste ved bruksretten i vår tid er bruksrettrabatt på ved og materialar til gardsbehov, i tillegg til hevdvunne rettar til setrer og beite.

Av desse 368 gardsbruka er det 206 som også har eigedomsrett til ålmenninga. Det er desse gardane som har mest direkte interesse av ålmenninga som forretningsføretak, ikkje berre som tilleggsressurs til eiga gardsdrift. Eigedomsretten inneber fyrst og fremst krav på kontantutbytte av drifta. Det er også eigarane direkte som får dei årlege inntektene av fossefallsrettar som vart selde i 1960-åra.

I høve til ålmenningsrettane kan bygdefolket dermed delast i tre grupper: 1) Dei med bruksrett og eigedomsrett i ålmenninga (ca. 206 hushald) 2) Dei med berre bruksrett (ca. 160 hushald) 3) Dei som ikkje har ålmenningsrettar i det heile, men som nyt allemannsretten på linje med alle andre (ca. 580 hushald). http://www.ssb.no/emner/02/01/20/familie/tab-2010-04-08-05.html Privathusholdninger, etter husholdningstype, fylke, kommune og bydel. 1. januar 2010 (Rettet 27. april 2010) Det blir elles ikkje gjort forskjell på folk med og utan ålmenningsrett når det gjeld jakt- og fiske for innanbygds buande

Det tilhøvet at bruksrettshavarane består av to grupper, ei med og ei utan eigedomsrett, skil Skjåk Almenning ut frå andre bygdeålmenningar

Bakgrunn

Dei særskilde bruksretts- og eigedomstilhøva har bakgrunn i heimkjøpet av ålmenninga i 1798. Da selde daverande eigar Bernt Anker ålmenninga til «Ole Mallaug, Sevald og Hans Spærstad, Lars Eriksen Andvord og med Intressentere, som ere alle Almuer i Schiagers Annex til Loms Præstegjeld», som det heiter i skøytet av i panteboka (22. januar 1798).[2](I andre avskrifter heiter det «Almuesmænd». Originalskøytet er gått tapt.)

«Allmugen» var her identisk med gardbrukarane på dei om lag 140 matrikulerte bruka som da fanst i bygda, pluss den eine garden Andvord i Lom. Eigarlutane vart fastsette i huder og skinn i samsvar med matrikkelskylda på dei enkelte bruka, og innskota i kjøpesummen (i alt 2500 riksdalar) vart fastsette i forhold til dette.

Ved seinare oppdeling av gardar med eigedomsrett har talet på eigargardar auka til dagens tal på 206. Eigedomsretten er etter måten konsentrert. 36% av dei som har bruksrett, eig 94% av ålmenninga, medan ca. 19% eig dei siste 6%.

Gruppa av gardsbruk med berre bruksrett voks fram frå slutten av 1800-talet. Det var for ein del utskilde eigedomar der ikkje eigarrett følgde med når gardar vart delte. Viktigast var nok at husmannsplassar i og utanfor ålmenninga vart kjøpte til sjølveige og matrikulerte. Som følgje av bureisinga i 1920- og 1930-åra kom det også til ca. 30 nye bruk med bruksrett utan eigedomsrett.

Interessemotsetningar mellom eigedomsrett og rein bruksrett

I takt med auken i talet på hushald med varierande tilhøve til ålmenninga, og med forskyvinga av høvestalet desse imellom, vart motsetningar mellom eigedomsretten og den reine bruksretten skjerpa. Brukarar av gardar med liten og ubetydeleg eigarlut har hatt ein tendens til å følgje den reine bruksretten i ålmenningspolitikken, og dei har vist større vilje til å la noko av goda (særleg materialrabatten) ved ålmenninga tilfalle også resten av bygdefolket.

Dette har mellom anna gjort seg utslag i at eigedomsretten har kome i mindretal ved styrevala, noko som i sin tur har ført til langvarig strid om kva kompetanse ålmenningsstyret har hatt i høve til eigarane. Det har dreia seg mellom anna om disponeringa av overskotet, rabattsal av materialar til ikkje bruksrettshavarar, fondsoppbygging, sal av ålmenningsplassar, jordsal til bureising med meir.

Interessemotsetningane har gjort seg organisatorisk utslag i danninga av eit bruksrettslag og eit eigarlag. Vel 100 av gardbrukarane har partar store nok til at dei identifiserer seg spesifikt med eigedomsretten, og som såleis soknar til eigarlaget.

Ei tilsynelatande varig løysing på motsetningane vart oppnådd ved ein avtale mellom ålmenningsstyret og eigarlaget av 5. mars 1995. Den går ut på at «Eigarlaget v/styret aksepterer at all forvaltning av almenningen tilligger styret, jfr. lov om bygdealmenning kap. 3». Motytinga var regulering og sikring av eigarutbytte i høve til storleiken på bruksrettsytingane til kvar tid.

Hadde husmennene ålmenningsrett?

Det har gjennom heile historia vore grupper innan bygdefolket utan både bruks- og eigedomsrett i ålmenninga. Det gjeld dei som ikkje har drive gardsbruk. Utviklinga av sekundær- og tertiærnæringar på 1900-talet har ført til ein sterkt auka andel av desse. Men også medan bygda var heilt dominert av jord.- og skogbruk som næringsveg, var det monalege delar av bygdefolket som ikkje eller berre i avgrensa grad naut godt av ålmenninga. Det galdt arbeidsfolk som berre hadde ei tomt og stugu. Med omsyn til dei ganske talrike husmennene, som jo i dei fleste tilfelle dreiv jordbruk, er tilhøvet noko uvisst. I ein del kontrakter på ålmenningsplassar er nærare avgrensa rettar til beite, for, ved og vyrke avtalefesta, noko som logisk inneber at dei ikkje har hatt generell bruksrett på linje med gardbrukararne. I andre plasskontrakter er det stundom nemnt at plassen kan nyte ålmenningsressursar som følgjer av retten som ligg til husbondsgarden.

Historie

Privatålmenning 1726-1798

Etter Store nordiske krig selde kongen ein del ålmenningar i Noreg til private. «Nordherredsmarkens almenning» (Skjåkålmenninga) vart seld for 950 riksdalar på auksjon på Elstad i Ringebu 3. august 1726. Allmugen hadde sine representantar til stades der for å by, men nådde ikkje opp i bodgjevinga.

Eigarane i privatålmenningstida var:

  • 1726-1731: Kjøpmann Johan Jokum Lonicer, Kristiania. Han kjøpte ålmenninga på auksjonen i Ringebu 3.8.1726 og fekk utferda kongeskøyte 25.2.1727. Før den tid var det altså kongen som hevda eigedomsretten, medan allmugen hadde bruksrett etter lova.
  • 1731-1743: Bonde Tosten Olsen Hjelle (Rik-Skjeillen), Dovre.
  • 1743-178?: Kjøpmennene Claus Bendeke og Iver Eliessen, Kristiania. Etter Bendekes død (før 1748) overtok Eliessen halvdelen hans etter overeinskomst med arvingane. Enkefru Karen Leuch Eliessen har behalde ålmenninga etter mannens død (før 1758), og var framleis eigar iallfall så seint som i 1781.
  • 178?-1785: Kammerjunker og kjøpmann Johan Wilster. Han åtte ålmenninga seinast frå februar 1783.
  • 1785-1798: Etatsråd, kjøpmann, gods- og verkseigar Bernt Anker.

Særleg i Tosten Hjelles tid som eigar vart det gjennomført store uthogster som vart fløytte nedover Ottaelva og Gudbransdalslågen og levert på Vingnes ved Mjøsa til trelasthandlarar frå Christiania. Mykje arbeidsfolk var involvert, både innanbygds og utanbygds. Ein sideeffekt av det var at det vart rydda gardar og plassar i Bråtå, Kvitingslia og Langleitsgrend. Tosten Hjelle gav dei fyrste løyva til slik nyrydding i 1739. Det galdt tre bruk i Bråtå (Mork, Slette og Storbråtå) og eitt i Langleitsgrenda (truleg nåverande Søre Langleite). Sidan kom det mange bruk og plassar til, med og utan løyve frå grunneigar og styresmakter. Nokre av nyryddingane vart matrikulerte bygselsbruk, medan andre vart verande husmannsplassar. Om lag 20 av dei matrikulerte småbruka vart sjølveigande da Bernt Anker selde dei til brukarane i 1790-åra. Dei blir den dag i dag omtala som gardar med Anker-skøyte.

Nyryddinga hadde ein tendens til å gå ut over dei gamle beiteområda og heimsetrene til gardane i hovudbygda, og det oppstod spenningar og mange konfliktar.

Bygdeålmenninga før sagbrukets tid 1798-1930

Nye grender og sal av ålmenningsbruk

Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyreNyryddinga skaut fart mot slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-åra. Nye grender av plassbruk kom til i Jøingslia og Billingsdalen. (Sjå døme på plasskontrakter her.) Mot slutten av 1800-talet byrja ålmenninga å selje ein og annan av dei gamle husmannsplassane til sjølveige. Eit nytt, bruksrettsorientert ålmenningsstyre sette frå 1915 i gang sal i større omfang av ålmenningsplassar i Jøingslia og andre stader. Dette vekte motstand blant ein del av eigarane, og vart kjelde til strid i fleire tiår frametter. Det same galdt bureisinga som tok til fyrst i 1920-åra, og som i tida fram til 1945 skapte 24 nye bruk i ålmenninga.

Bruksrettsreglar og fast administrasjon

Drift og administrasjon kom inn i fastare former frå ca. 1840 av. Dei fyrste kjende bruksreglane vart fastsette i 1834. Tillegg og nye reglar kom 1837, 1845 og 1858. Frå 1880 har det vore ein fast ålmenningsstyrar med forstfagleg kompetanse.

Tømmersal

Etter eit fleire tiårs langt opphald, tok ein rundt 1850 på nytt til med salsdrifter av tømmer. Det foregjekk med ujamne mellomrom gjennom dei neste 70-80 åra. Skogen vart seld på rot til utanbygds oppkjøparar som sjølve organiserte hogging og transport. Den siste salsdrifta av denne typen var i 1924.

Fellesdrift

I 1890-åra tok ein til med fellesdrift for uttak til bruksretten. Akkordar vart sette bort ved lisitasjon, dvs. til lågastbydande hoggarar og køyrarar. Også fløyting og arbeidet ved sagbruka som ålmenninga dreiv frå 1896, vart sett bort på akkord. Lisitasjonssystemet varte ved til 1920-åra.

Høgfjellet

Eigedomsretten til høgfjellet var lenge omtvista. Staten hevda at dette var statsålmenning, medan Skjåk Almenning gjorde krav på full eigedomsrett også til høgfjellet innan Skjåks grenser. Saka vart behandla av Høgfjellskommisjonen. Ved høgsterettsdom 10.2.1922 vart Skjåk Almenning tilkjend eigedomsretten til høgfjellet med unntak av den såkalla Sperstadstrekninga av Grotlis utmål. Dette var eit område i Breidalen som staten hadde kjøpt av privatmannen Hans Hansen Sperstad i 1872 i samband med etablering av Grotli fjellstove. Dette vart verande eit stridsspørsmål, den såkalla Grotli-saka, som vart løyst ved forlik mellom Skjåk Almenning og staten i 1933. Da vart ålmenninga eigar også av dette området.

Da Hans Sperstad selde fjellområde til staten i 1872, hadde han halde attende to delar av det området han hadde hevd på. Det galdt Vien, som Skjåk Almenning fekk kjøpt av Per Sperstad i 1937, og Breidablikk, som vart verande i privat eige til det vart kjøpt, ikkje av ålmenninga, men av Skjåk kommune i 1985.

Begynnande kraftutbygging

Under fyrste verdskrigen byrja elektrisitetsutbygginga i Skjåk. Ålmenninga var sterkt involvert i arbeidet i nært samvirke med kommunen, mellom anna likeverdig part med kommunen i Skjåk kraftselskap. Ålmenningsstyret garanterte for større lån til kraftselskapet, noko som elles førde til sterk strid da tidene vart dårlegare. Det var konkrete planar for utbygging av Høgfossen, og ålmenninga var villig til å overlate denne vederlagsfritt til kommunen. Tidlegare haddedei stilt Åstrafossen til disposisjon til same formål. Arbeidet i Høgfossen vart sett i gang med mellom anna tilsetjing av ingeniør og bygging av ingeniørbustad i Øyberget. For å skaffe kraft til denne ei større utbygging av Høgfossen vart kraftverket i Aura bygd. Det stod ferdig og gav ljos til større delar av bygda i februar 1920. Av ulike grunnar kom derimot ikkje Høgfossen til å bli utbygd før på 2000-talet.

Frå 1930 til i dag

Det grunnleggjande nye i ålmenningsdrifta frå 1930 at ein gjekk over til innanbygds foredling også av den trelasta som vart seld ut av bygda, til skilnad frå tidlegare tiders salsdrifter av rundtømmer. Den langsiktige økonomiske og forstfaglege planlegginga vart innretta med dette for auga.

Sagbruk og høvleri

Fram til 1930 gjekk den innanbygds foredlinga av trelast føre seg på små bygdesager i og utanfor ålmenninga, åtte av privatpersonar. I 1890-åra byrja ålmenninga så smått med sagbruksdrift for eiga rekning. Heggjeåsaga vart innkjøpt i 1895, og vart meir eller mindre halden i gang til 1933. I 1901 bygde ålmenninga eit nytt sagbruk i Åstra (Bråtåsaga), som var i drift til 1946, med avbrot. Så i 1916 overtok ålmenninga Skamsar-saga. Den låg rett vest for Bismo, langt austafor ålmenningsgrensa, slik at ho kunne fange opp tømmer frå heile ålmenningsskogen. Nå gjekk det 15 år med planlegging av og strid om oppbygging av eit større og modernisert sagbruk og høvleri, med tanke på å behalde foredlingsgevinsten i bygda. Mellom anna var utvegane til transport av foredla trelast blitt mykje betre etterat lastebilane kom i sving for alvor i 1920-åra. I 1930 opna det nye sagbruket i Skamsarfossen og eit høvleri i Bismo. Frå saga til høvleriet vart det bygd ei transportrenne som vart teken i bruk i 1932.

Eigaraksjonen 1938

Våren 1938 vart det sett i gang ein protestaksjon blant eigarane i ålmenninga. Protesten retta seg mot ålmenningsstyret, og dei viktigaste punkta var desse:

  • Sal av jord i ålmenninga må opphøyre straks.
  • Stemmeretten ved ålmenningsval må trekkjast attende frå alle dei bruka som har vore selde i ålmenninga og på nymatrikulerte bruk i det heile teke. Brukarane på slike bruk skal ikkje kunne veljast inn i styret..
  • Disponeringa av overskotet i ålmenninga er det berre dei med eigedomsrett som har rett til bestemme. Korkje departementet eller dei med berre bruksrett kan leggje seg opp i dette.
  • Styret i ålmenninga har ikkje mynde til å ta opp lån eller pantsetje ålmenninga.

Litt seinare gjekk aksjonskomiteen inn for utskifting av ålmenninga, dvs. ei deling mellom Skjåk og Nordberg sokn.

Aksjonen hadde i byrjinga god oppslutning blant dei om lag 100 gardbrukarane som identifiserte seg med eigedomsretten. I spissen stod den største luteigaren, Rikard Skjelkvåle. Mellom anna på grunn av Skjelkvåles leiarstil, distanserte snart mange av dei meir moderate eigarane seg frå aksjonen. Aksjonen ebba ut under krigen. Men fleire av problemstillingane vart aktualiserte etter krigen og delvis prøvde for retten.

«10-prosent-dommen» 1956

Truleg i 1890-åra hadde ålmenninga byrja selje materialar med rabatt til folk i bygda utan plmenningsrett. Prisen vart fastsett til bruksrettpris pluss 10%. Det såkalla Brandsarstyret 1911-1913 prøvde å setje ein stoppar for dette. Men med eit meir bruksrettsvennleg styre helt i ettertid fram med dette. Spørsmålet fekk auka økonomisk betydning etter andre verdskrigen med nokså omfattande bustadbygging utanom jordbruket. Til dømes vart det rekna ut at eigarane i året 1954 hadde gått glipp av 44 000 i eigarutbytte på slik rabattsal. I 1955 gjekk 101 ålmenningseigarar til sak mot fleirtalet i ålmenningsstyret som hadde halde fram med slik rabattsal trass protestar frå eigarhald. Eigarane fekk medhald i dom ved Nord-Gudbrandsdal heradsrett 30. mai 1956.

Fallingen-dommen 1963

Ålmenningsstyrets fleirtal hadde i 1958 selt 17 dekar tilleggsjord til bureisaren Titus Fallingen. 101 eigarar gjekk da til sak mot styrefleirtalet med påstand om at salet skulle kjennast ugyldig, da styret ikkje har kompetanse til å avhende grunneigedom frå ålmenninga. Saksøkjarane fekk medhald i heradsretten, men dommen vart omgjort i lagmannsretten. Lagmannsrettens dom vart stadfesta i Høgsterett 2. mars 1963.

Sal av fallrettar og kraftutbygging

Bruksrettslag og eigarlag

10-prosent-dommen, Fallingen-domen, sal av fallrettar m.m. aktualiserte spørsmålet om fordelinga av ålmenningsrettane. I 1969 vart Skjåk Almennings Eierlag stifta. Vedtektene, utforma i medhald av Sameigelova, gjev eigarlaget fullmakt som representativt organ for eigarinteressene m.o.t. forhandlingar, inngåing av avtaler etc.

Skjåk bruksrettslag var opphavleg skipa i 1911, men har lege nede i periodar. Det vart revitalisert i 1960-åra med bakgrunn i dei same omstenda som gjorde at eigarlaget vart stifta. Alle med bruksrett, med eller utan eigedomsrett, kan vere medlemmer i bruksrettslaget.

Fjellstyre og utmarksbruk

Mal:Thumb høyreTil å regulere jakt- og fiskerettar, bruken av beite for tamrein og krøtter og annan bruk av høgfjellet, oppretta ålmenninga eit eige fjellstyre i 1933. Det var i verksemd til 1964.

Det hadde også tidlegare, i perioden 1920-1925, vore eit fjellstyre. Det var oppnemnt av kommunen i samsvar med Fjellova frå 1920, som eigentleg galdt for statsålmenningar. Etter at eigedomsretten til høgfjellet vart tilkjent Skjåk Almenning, var det uaktuelt med eit offentleg oppnemnt fjellstyre.

Fisken i dei fleste vatna og elvene i ålmenninga er planta på 1900-talet. Fjellstyret saman med Skjåk jeger og fiskarlag (stifta 1942?) sette i gang med fiskekultivering i 1930-åra. Eit klekkeri i Luskvea (i Aurmoen) kom i gang i 1934. Frå 1946 var eit større settefisk anlegg i drift i Botten. Det var i verksemd til 1971 med opp til sju dammar. Fleire stader i bygda, i og utanfor ålmenninga, var det i mindre skala drive klekkeri og settefiskanlegg. Staten i samband med etableringa fjellstova på Grotli hadde byrja så smått allereie i 1870-åra.

Fellesgjeting av små- og storfe er kjent frå langt attende på 1800-talet og til ei god stund etter andre verdskrigen. Det foregjekk slik gjeting i Breidalen, Mårådalen, Vetldalen, Tordalen, Føisfjellet, Lendfjellet, rundt Honnsjoen og Råkåvatnet og fleire andre stader.

Sagbruk

Vi kjenner til desse sagbruka som har lege i ålmenninga eller som Skjåk Almenning har drive:

  • Ved Jøinga. Generalforstamtet registrerte i 1725 ei sag her «i Nordherreds bøigdens fælleds Eje». Eigarar var Kristen Sperstad, Per Holmork, Hans Kvåle, Jon Marlo, Knut Gjeilo, Eirik Skamsar, Hans Kitilstad og Rolv Lykre. Saga hadde etter seiande da vore i drift i om lag 20 år.
  • Dønfossaga. Eit sagbruk her var oppført før 1798. Peder Jevnheim, som var med å betale kjøpesummen for ålmenninga det året, var eigar av saga. Saga var i drift iallfall til 1880-åra. Av eigarane gjennom tidene er nemnde Per P. Jevnheim, Syver A. Fallingen, Amund Hyrvemoen, Hans Gjerdet (Nerjordet), Gregor Jøingsli og Per S. Skamsar.
  • Kollungssaga. Lars Toresen Bråten (Storbråtå) og Ole Eriksen Bråten (Smedhaugen) fekk kongeleg løyve til å drive bygdesag i Kollungselva 17. juli 1807. Saga var i bruk til sist på 1800-talet.
  • Åstrafossen. Pål Flekkøy (1791-1887) bygde sag her. Siste (?) eigaren var Per P. Brumillom.
  • Stamåsaga. Torgeir Øyberg inngjekk kontrakt med ålmenninga 4. juli 1863, der han fekk løyve til å byggje eit sagbruk i Stamåa. Saga vart nedlagt og vatnet overført til Heggjeåsaga ca. 1890.
  • Heggjeåsaga. Per S. Skamsar bygde sag her i 1860-åra. Lars Lien vart medeigar, og han var blitt eineeigar i 1873, til Ole Flekkøy kjøpte seg inn med halvparten i 1889. Saga vart kjøpt av ålmenninga i 1895. I perioden 1904-1911 vart ho utleigd til M.L.Flydal. Det var lite drift på saga etter 1915, og ho vart seld til riving i 1933.
  • Pollmosaga. I Pollfossen. I drift ca. 1890-1925. Saga vart reist i fellesskap av Ola Pollmo og Kolbent Guddal. Ola Pollmo var eineeigar dei siste åra saga var i drift. Sagbruket var basert på leigesaging, fyrst og fremst for vestlendingar som kjøpte tømmer på rot i ålmenninga.
  • Bråtåsaga vart bygd og driven for eiga rekning av ålmenninga. Den stod ferdig bygd i 1900, og var i gang med avbrot til 1945. Fyrste og lengst fungerande sagmeister var Thore Lilleødegaard.
  • Skamsarsaga. Ålmenninga kjøpte denne av P. H. Stensgaard i 1916, og reiste eit nytt, større og moderne bruk i 1930.

Ålmennings- og sagbruksstyrarar

Ålmenningsstyrarar:

  • 1880-1902: Gregor Johannessen Rudser (Øyberget)
  • 1902-1913: Bjørn Washus
  • 1913-1933: Ivar E. Jensen
  • 1933-1936: Tarjei Wæthing
  • 1936-1939: Nils Nordby
  • 1939-1968: Einar Sandbakken
  • 1968-1994: Svein Tengesdal
  • 1994-  : Stig Aaboen

Sagbruksstyrarar:

  • 1929-1934: Anton Semmingsen
  • 1934-1941: P. Skaarer
  • 1941-1956: A Haugan
  • 1956-1984: Jon L. Andreassen

Andreassen var den siste sagbruksstyraren, og sideordna ålmenningsstyraren. Etter hans tid var det fleire produksjonsleiarar, men desse var underlagde ålmenningsstyraren fram til 2000, da sagbruket vart skilt ut som eige selskap, Skjåk Trelast AS. Selskapet er 100 % eigd av Skjåk Almenning. Hans Skamsar har vore disponent sidan starten.

Nasjonalparkar og verneområde

I 2005 vart Honnsrøve naturreservat oppretta, eit område på 16,4 km2. Det var det fyrste av fleire verneområde innan Skjåk Almennings eige.

Reinheimen nasjonalpark vart oppretta i 2006. Det som ligg innan Skjåkålmenninga av denne, utgjer 420,6 km2. Det tilstøytande Ottadalen landskapsvernområde har 126,6 km2 innan ålmenningsgrensene. Skjåk Almenning har ein representant i det regionale kontaktutvalet for nasjonalparken. Den lokale forvaltningsordninga skal opphøyre i 2011, og det er pr. desember 2010 uklårt om Skjåk Almenning blir representert der. Det er oppretta to stillingar frå Statens naturoppsyn i Reinheimen, og den eine av dei to tilsette har kontor hjå Skjåk Almenning.

Breheimen nasjonalpark med dei tilliggjande landskapsvernområde vart oppretta i august 2009. Nasjonalparken utgjer 951,1 km2 av ålmenningas grunn. Det utgjer over halvparten av arealet i nasjonalparken. Landskapsvernområdet Mysubytta er på 5,6 km2 og Strynefjellet 11,8 km2. Skjåk Almenning har eit medlem i eit lokalt forvaltningsstyre som skal konstituerast i 2011. Også i 2011 skal det tilsetjast to nasjonalparkforvaltarar, den eine med kontor hjå Skjåk Almenning.

Kjelder og litteratur

  • Bruheim,M.: Skjåk Ålmenning 1798-1948. Utg. av ålmenninga 1969
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, 1-3, Skjåk kommune 1994, 1995, 1998 ISBN 82-993371-0-0
  • Informasjonsskriv nytta ved årsmøte i Norsk Almenningsforbund i Skjåk sommaren 2010 v/ålmenningsstyrar Stig Aaboen
  • Innstilling fra Skjåkutvalget. Oppnevnt av Skjåk almenningsstyre den 17. oktober 1976. Trykt 1979.
  • Opplysningar på e-post til Hans P. Hosar frå Skjåk Almenning ved Stig Aaboen og Kari Elin Sperstad

Notar