Sondre Norheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. aug. 2017 kl. 08:14 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Sondre Norheim statue Morgedal bakfra 2015.JPG|I fødebygda Morgedal står Sondre Norheim og lengtar til bakkene. Statua av Knut Skinnarland vart avduka i 1988, og ei lik statue...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
I fødebygda Morgedal står Sondre Norheim og lengtar til bakkene. Statua av Knut Skinnarland vart avduka i 1988, og ei lik statue finst i Minot i Nord-Dakota.
Foto: Elin Olsen (2015).

Sondre Ouversson Norheim (fødd 10. juni 1825 i Morgedal, død 9. mars 1897 i Nord-Dakota) var ein pionér i moderne skisport. Han vidareutvikla og eksperimenterte med utstyr og teknikk, og var ein framifrå skiløpar. Fødebygda Morgedal kallast ofte for skisporten si vogge, og mange tenker på Sondre Norheim som skisporten sin far.

Slekt og familie

Han var son av husmann og hattemakar Ouver Eivindsson (1798–1871) og Ingerid Sondresdotter (1797–1827).

Den 15. januar 1854 vart han gift med Rannei Åmundsdotter (1824–1913). Ho var dotter av leiglending Aamund Oleson og Hæge Olavsdotter.

Liv og verke

Sondre vaks opp på husmannsplassan Øverbø og Kvæven i Morgedal. Som husmannssøner flest lærte han seg handverk, og særleg dreiv han og broren Eivind med treskjering og lafting. For å tene pengar til familien reiste dei ofte ut av bygda, og Sondre drog både rundt i Telemark og til Setesdal.

I Morgedal var skikøyring noko dei fleste dreiv med. Det var den greiaste og snøggaste måten å kome seg fram på på vinteren, men det var òg moro i ein hard kvardag. Sondre Norheim byrja tidleg å eksperimentere med nye bindingar. Ein nytta vidjespenningar for å feste skia, og Sondre fann ut at om ein la til ein ekstra vidjespenning rundt hælen sat skia betre fast. Ein kunne då ta telemarkssvingen, hoppe og køyre i brattare bakker. Å gå om kapp – langrenn – hadde dei gjort lenge, men no kunne dei òg finne på nye greiner å konkurrere i, eller berre more seg med. Slalåm – namnet tyder 'spor i helling' – vart utvikla i 1860-åra. Den barskaste formen for slalåm var uvyrdslåm, som gjekk føre seg i dei brattaste bakkane og hadde fleire hinder. Og den gongen var det ikkje ei plaststong som gav deg eit rapp over låret om du køyrde feil, det var stein og tre som ein kunne slå seg spent ihel mot.

Etter at Sondre Norheim i 1854 gifta seg med Rannei Åmundsdotter, budde dei ein tid på plassen Kasin. Dei flytta så ein del rundt, inntil dei rydda plassen Norheim, som han tok namn etter.

Sondre Norheim fekk eit ry som skiløpar som spredde seg langt utafor Telemark. I 1868 vart han invitert til Christiania, der Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug skulle samle dei beste skiløparane til eit renn. Sondre var då 43 år gamal – godt over høgden om ein ser på dagens utøvarar. Han gjekk i tre dagar frå Morgedal til Christiania, og stilte så i rennet. Løypa gjekk over St. Hanshaugen, ved Gamle Aker kyrkje og over Iverløkka, og det var vekslande terreng med fleire hopp. Det gjekk ikkje berre på tid, men òg stil. Domarar sto rundt om i løypa og gav karakter for løp, gange, holdning og stavbruk. Karakterane vart lagt saman og vurdert opp mot tida. Sondre vann førstepremien på ti spesiedalar. I avisene sto det at trea ved Iversløkka skalv når han hoppa. Den då 17 år gamle Fritz Huitfeldt, ein annan viktig skipioner, skreiv seinare at Sondre opne ei ny æra i skisporten.

Han vart i 1870 invitert til eit oppvisingsrenn i Christiania. På denne tida var det ein stor diskusjon i avisene, særleg i Morgenbladet og Fædrelandet, om skisporten. I hovudstaden undra ein seg over at telemarkinga var så mykje betre enn andre. Sondre Norheim sitt utstyr vart granska, og stilen hans vart standarden som Centralforeningen streva mot. I 1871 og 1875 gjekk han renn i Christiania. Han var no ikkje lenger den beste, for alderen gjorde sitt. Men han var framleis modellen for ein moderne skisport.

Den gongen gjekk det ikkje an å leve av å vere skiløpar. Ein pengepremie eller nokre dalar for ei oppvising rakk ikkje langt, og sponsorar var noko som låg langt inn i framtida. Det var som husmann at Sondre Norheim måtte livnære seg, og som så mange andre husmenn sleit han i 1870- og 1880-åra. I mai 1884 var det auksjon på Norheim; dei sleit med å betale festeavgifta. Seinare same året drog heile familien til Amerika. Dei hadde då tre ungar: Åmund, Talleiv og Anne. Dei kom først til Minnesota, der fleire andre frå Morgedal hadde funne ein ny heimstad. Så reiste dei etter nokre år vidare til Villard i Nord-Dakota. I 1888 underteikna Sondre Norheim ein intensjonserklæring om å verte amerikansk borgar, og i 1891 fekk han eit jordstykke av staten.

Han døydde i Denbigh i Nord-Dakota i 1897. Enka Rannei Åmundsdotter levde til 1913.[1]

Ettermæle

Sondre Norheim er eit av dei viktigaste namna i skisporten sin historie. Han er ikkje berre eit nasjonalt ikon og Morgedal sin store helt; han er òg kjend i andre delar av verda.

I Minot i Nord-Dakota vart det i 1987 sett opp ei statue av han, og året etter vart ei identisk statue sett opp i Morgedal. Statuane er laga av Knut Skinnarland.

Tre gonger har OL-fakkelen vorte tend på Sondre Norheim sin fødestad Øverbø i Morgedal: Oslo i 1952, Squaw Valley i 1960 og Lillehammer 1994.

Referansar

  1. Påstanden om at ho døydde 104 år gamal i 1929 er ikkje rett, sjå artikkelen om Rannei Åmundsdotter.

Litteratur og kjelder