Stand: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Mellomlagring)
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
{{Under arbeid}}
'''[[Stand]]''', fleirtal ''stender'', er ei nemning for nærare bestemte samfunnsgrupper i samfunn der det er synberre og betydelege skilje og skilnader mellom høgare og lågare sosiale lag. Det kan svare seg å halde frå kvarandre dei ulike måtane nemninga er brukt på 1) i daglegtale, 2) om eit realhistorisk fenomen og 3) som samfunnsvitskapleg omgrep.
'''[[Stand]]''', fleirtal ''stender'', er ei nemning for nærare bestemte samfunnsgrupper i samfunn der det er skarpe skilje mellom og synberre skilnader høgare og lågare sosiale lag. Det kan svare seg å halde frå kvarandre dei ulike måtane nemninga er brukt på 1) i daglegtale, 2) om eit realhistorisk fenomen og 3) som samfunnsvitskapleg omgrep.


1) I ''daglegtale'' har nemninga litt lauseleg, og delvis overlappande med «klasse», vore brukt om ulike yrkesgrupper og befolkningssjikt, så som bondestand, embetsstand, legestand, middelstand osv. Saman med tilknytinga til yrke/samfunnsfunksjon har faktorar som ulikt fordelt makt og rikdom, danningsnivå og livsstil vore mykje bestemmande for bruken av ordet. Standsskilja blir i daglegtale dermed iallfall delvis samanfallande med skilja mellom «fine» og «mindre fine», «rike» og «fattige» delar av befolkninga.
1) I ''daglegtale'' har nemninga litt lauseleg, og delvis overlappande med «klasse», vore brukt om ulike yrkesgrupper og befolkningssjikt, så som bondestand, embetsstand, legestand, middelstand osv. Saman med tilknytinga til yrke/samfunnsfunksjon har faktorar som ulikt fordelt makt og rikdom, danningsnivå og livsstil vore mykje bestemmande for bruken av ordet. Standsskilja blir i daglegtale dermed iallfall delvis samanfallande med skilja mellom «fine» og «mindre fine», «rike» og «fattige», herskande og styrde delar av befolkninga.


2) ''Historisk'' var stender nemning på juridisk og politisk veldefinerte samfunnsgrupper, i fyrste rekkje [[Leksikon:Adel|adel]], presteskap, [[Leksikon:Borgerskap|borgarskap]] og [[Bonde|bønder]]. Stendene var klårt avgrensa frå kvarandre ved ulike rettar og plikter, og dei stod i ulike undersåttlege tilhøve til staten (kongen). Systematisk og formalisert ulikskap for lova var eit vesenstrekk ved standssamfunnet. Som  korporasjonar (samla einingar, ikkje enkeltindivid) kunne stendene også vere tillagde politiske rettar og innverknad gjennom [[stenderforsamlingar]] (riksdagar, herredagar, parlament, [[Leksikon:Stendermøte|stendermøte]] etc.). Ein kan da snakke om ein [[stenderstat]]. Som juridisk og politisk definert fenomen spela stendene ei særleg viktig rolle frå [[seinmellomalderen]] gjennom [[tidleg nytid]] fram til dei store amerikanske og europeiske revolusjonane på slutten av 1700-talet og utover på 1800-talet, inklusive den norske systemomveltinga i 1814. Desse hadde som uttrykkeleg mål å avskaffe standssamfunnet («fridom, ''likskap'' og brorskap»).  
2) ''Historisk'' var stender nemning på juridisk og politisk veldefinerte samfunnsgrupper, i fyrste rekkje [[Leksikon:Adel|adel]], presteskap, [[Leksikon:Borgerskap|borgarskap]] og [[Bonde|bønder]]. Stendene var klårt avgrensa frå kvarandre ved ulike rettar og plikter, og dei stod i ulike undersåttlege tilhøve til staten (kongen). Systematisk og formalisert ulikskap for lova var eit vesenstrekk ved standssamfunnet. Som  korporasjonar (samla einingar, ikkje enkeltindivid) kunne stendene også vere tillagde politiske rettar og innverknad gjennom [[stenderforsamlingar]] (riksdagar, herredagar, parlament, [[Leksikon:Stendermøte|stendermøte]] etc.). Ein kan da snakke om ein [[stenderstat]]. Som juridisk og politisk definert fenomen spela stendene ei særleg viktig rolle frå [[seinmellomalderen]] gjennom [[tidleg nytid]] fram til dei store amerikanske og europeiske revolusjonane på slutten av 1700-talet og utover på 1800-talet, inklusive den norske systemomveltinga i 1814. Desse hadde som uttrykkeleg mål å avskaffe standssamfunnet («fridom, ''likskap'' og brorskap»).  
Linje 15: Linje 15:
Stand brukt om juridisk-politisk definerte korporasjonar heiter på engelsk ''estate'' («Estates of the Realm» = «riksstender»), på fransk ''etat'', båe med opphav i det latinske status. Fransk ''etat'' har dessutan eit mangfald av andre tydingar, derunder to som er særleg relevante i denne samanhengen: «stat» og «etat» (som i politietaten).  
Stand brukt om juridisk-politisk definerte korporasjonar heiter på engelsk ''estate'' («Estates of the Realm» = «riksstender»), på fransk ''etat'', båe med opphav i det latinske status. Fransk ''etat'' har dessutan eit mangfald av andre tydingar, derunder to som er særleg relevante i denne samanhengen: «stat» og «etat» (som i politietaten).  


Stender brukt om samfunnsgrupper i meir generell tyding heiter derimot på engelsk ''orders'' (''society of orders'' = standssamfunn) og tilsvarande på fransk, ''ordres'' (''société d’ordres'' = standssamfunn). Men i eit anna romansk språk, spansk, heiter standssamfunn ''sociedad estamental'', som er laga av ''estamento'' =  (politisk) stand (stendene i den spanske stenderforsamlinga Cortes). Estamento blir nytta vekselsvis med estado, og dei to har etymologisk same rot, latin ''stare'' = å stå.  
Stender brukt om samfunnsgrupper i meir generell tyding heiter derimot på engelsk helst ''orders'' (''society of orders'' = standssamfunn) og tilsvarande på fransk, ''ordres'' (''société d’ordres'' = standssamfunn). Men i eit anna romansk språk, spansk, heiter standssamfunn ''sociedad estamental'', som er laga av ''estamento'' =  (politisk) stand (stender i den spanske stenderforsamlinga Cortes). Estamento blir nytta vekselsvis med ''estado'', og dei to har etymologisk same rot, latin ''stare'' = å stå.  


I tidleg nytid glei nemningane stand og stat over i kvarandre også i det danske språket. [[Arent Berntsen]] skriv i [[Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed]] om «Værie-staten» (verjestanden: adel, militær og sivil øvrigheit), «Lære-staten» (presteskap, professorar og andre intellektuelle) og «Nære-staten» (borgarskap, bønder og kanskje arbeidsfolk og «menige allmue» i det store og heile).
I tidleg nytid glei nemningane stand og stat over i kvarandre også i det danske språket. [[Arent Berntsen]] skriv i [[Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed]] om «Værie-staten» (verjestanden: adel, militær og sivil øvrigheit), «Lære-staten» (presteskap, professorar og andre intellektuelle) og «Nære-staten» (borgarskap, bønder og kanskje arbeidsfolk og «menige allmue» i det store og heile).
Linje 25: Linje 25:


=== Bellatores, oratores, laboratores ===
=== Bellatores, oratores, laboratores ===
Arent Berntsen tek i si samfunnsanalyse frå 1656 utgangspunkt i den klassiske trestandslæra der samfunnet blir inndelt i ''oratores'', ''bellatores'', og ''laboratores'' som det heitte på latin, dvs. dei som talar, dei som krigar og dei som arbeider. Ideane har opphav i antikken. I verket sitt om ''Staten'' deler Platon samfunnet inn i tre stender slik: 1)''Regentane'' utgjer den øvste, dei lærde som skal styre staten. 2) ''Vaktarane'' (krigarane) verjer staten mot fiendar. 3) ''Handverkarar og bønder'' produserer det folk skal leve av. Utanfor dei tre stendene held Platon slavane, den store ufrie produsentgruppa.  
Arent Berntsen tek i si samfunnsanalyse frå 1656 utgangspunkt i den klassiske trestandslæra der samfunnet blir inndelt i ''oratores'', ''bellatores'', og ''laboratores'', dvs. dei som talar, dei som krigar og dei som arbeider. Idéen har opphav i antikken. I verket sitt om ''Staten'' deler Platon samfunnet inn i tre stender slik: 1) ''Regentane'' utgjer den øvste, dei lærde som skal styre staten. 2) ''Vaktarane'' (krigarane) verjer staten mot fiendar. 3) ''Handverkarar og bønder'' produserer det folk skal leve av. Heilt utanom stendene held Platon slavane, den store ufrie produsentgruppa.  


Trestandslæra vart så tilpassa det kristne føydalsamfunnet og gjennomgripande praktisk implementert i europeisk mellomalder og tidleg moderne tid. Adel og presteskap utgjorde da dei to øvste og fornemste stendene. Funksjonsfordelinga av politikk, militærmakt, lærdom og kultus vart dermed noko annleis enn hjå Platon. Kva for ein av dei to stendene adel og presteskap som har vore rangert øvst i prestisjesystemet, har veksla. I katolske land har presteskapet tendert mot å vere den fremste, så som i Frankrike før revolusjonen. I [[Leksikon:Adel|artikkelen om adel]] i [[Norsk historisk leksikon]] blir det påpeikt at reformasjonen og sjølvstendetapet i 1536/37 gjorde at adelen overtok presteskapets tidlegare posisjon som den leiande stand i Noreg.
Trestandslæra vart så tilpassa det kristne føydalsamfunnet og gjennomgripande praktisk implementert i europeisk mellomalder og tidleg moderne tid. Adel og presteskap utgjorde da dei to øvste og fornemste stendene. Funksjonsfordelinga av politikk, militærmakt, lærdom og kultus vart dermed noko annleis enn hjå Platon. Kva for ein av dei to stendene adel og presteskap som har vore rangert øvst i prestisjesystemet, har veksla. I katolske land har presteskapet tendert mot å vere den fremste, så som i Frankrike før revolusjonen. I [[Leksikon:Adel|artikkelen om adel]] i [[Norsk historisk leksikon]] blir det påpeikt at reformasjonen og sjølvstendetapet i 1536/37 gjorde at adelen overtok presteskapets tidlegare posisjon som den leiande stand i Noreg.


«Tredjestanden», dei som «arbeidde», skilde seg sterkt frå dei to øvste stendene. For det fyrste bestod den arbeidande stand av ein ulikt mykje større del av befolkninga. Adel og presteskap utgjorde dei fleste stader berre ein ubetydeleg andel statistisk sett. «Tredjestanden» omfatta dessutan mange ulike yrkesgrupper og sjikt, og kan negativt definerast som dei i samfunnet som ikkje var adelege og ikkje geistlege (altså allmugen, «commoners» = vanleg folk). Men i praksis, og iallfall som «politisk» korporasjon, var det vel å merke berre dei ikkje-adelege og ikkje-geistlege ''sjølvstendig næringsdrivande'' som vart medrekna, dvs. dei med [[Leksikon:Borgerskap|handels-, handverkar- eller skipparborgarskap]] i byane og gardbrukarar på landet. Representasjonsmyndet var dessutan uløyseleg knytta til ''husbondsstatus''.  Familiemedlemmer, tenestefolk, husmenn og andre arbeidarar vart sedde som avhengige vedheng til dei husbondane som skulle representere tredjestanden.  
«Tredjestanden», dei som «arbeidde», skilde seg sterkt frå dei to øvste stendene. For det fyrste bestod den arbeidande stand av ein ulikt mykje større del av befolkninga. Adel og presteskap utgjorde dei fleste stader berre ein ubetydeleg andel statistisk sett. Tredjestanden omfatta dessutan mange ulike yrkesgrupper og sjikt, og kan negativt definerast som dei i samfunnet som ikkje var adelege og ikkje geistlege (altså allmugen, «commoners» = vanleg folk). Men i praksis, og iallfall som «politisk» korporasjon, var det vel å merke berre dei ikkje-adelege og ikkje-geistlege ''sjølvstendig næringsdrivande'' som vart medrekna, dvs. dei med [[Leksikon:Borgerskap|handels-, handverkar- eller skipparborgarskap]] i byane og gardbrukarar på landet. Representasjonsmyndet var dessutan uløyseleg knytta til ''husbondsstatus''.  Familiemedlemmer, sveinar og lærlingar, tenestefolk, husmenn og andre arbeidarar vart sedde som avhengige vedheng til dei husbondane som skulle representere tredjestanden.  


I kor stor grad bøndene var offisielt representerte blant riksstendene varierte sterkt frå land til land. Liveigne og bønder elles som var underkasta adelege eller geistlege herskapsrettar (seigneurial- eller føydalrettar), var haldne utanfor, for så vidt analogt med Platons utelating av slavane frå antikkens statsorden. I Noreg var husbondar på alle sjølvstendige (matrikulerte) gardsbruk inkluderte, anten gardane var sjølveigde eller leiglendingsgods. Bøndene som (del av ein) «riksstand» kan seiast å ha falle saman med dei som hadde fulle rettar på [[Leksikon:Bygdeting|bygdetinget]].
I kor stor grad bøndene var offisielt representerte blant riksstendene varierte sterkt frå land til land. Liveigne og bønder elles som var underkasta adelege eller geistlege herskapsrettar (seigneurial- eller føydalrettar), var haldne utanfor, for så vidt analogt med Platons utelating av slavane frå antikkens statsorden. I Noreg var husbondar på alle sjølvstendige (matrikulerte) gardsbruk inkluderte, anten gardane var sjølveigde eller leiglendingsgods, små eller store. Bøndene som (del av ein) «riksstand» kan seiast å ha falle saman med dei som hadde fulle rettar på [[Leksikon:Bygdeting|bygdetinget]].


=== Riksstender i Danmark-Noreg ===
=== Riksstender i Danmark-Noreg ===
Mange stader, som i Noreg, var borgarskapet og bøndene definerte som kvar sin stand for seg. Saman med adel og presteskap var dei rekna som riksstender som vart innkalla ved kongehyllingar og stendermøte. Adelsmenn og bispane hadde personleg møterett/-plikt. Det menige presteskapet og bøndene sende valde eller utpeikte representantar.
Mange stader, som i Noreg, var borgarskapet og bøndene definerte som stender kvar for seg. Saman med adel og presteskap var dei rekna som riksstender som vart innkalla ved kongehyllingar og stendermøte. Adelsmenn og bispane hadde personleg møterett/-plikt. Det menige presteskapet, borgarskapet og bøndene sende valde eller utpeikte representantar.


Etter innføringa av eineveldet i 1660 var riksstendene ikkje lenger ein del av det politiske systemet i Danmark-Noreg. Det vart slutt på stendermøta, og den fremste politiske standsforsamlinga, [[Leksikon:Riksrådet|Riksrådet]], vart avskaffa. Riksrådet, der eit utval av rikets høgaste adel hadde sete, var eit sentralorgan som modifiserte kongemakta i monaleg grad.  
Etter innføringa av eineveldet i 1660 var riksstendene ikkje lenger ein del av det politiske systemet i Danmark-Noreg. Det vart slutt på stendermøta, og den fremste politiske standsforsamlinga, [[Leksikon:Riksrådet|Riksrådet]], vart avskaffa. Riksrådet, der eit utval av rikets høgaste adel hadde sete, var eit sentralorgan som modifiserte kongemakta i monaleg grad.  

Sideversjonen fra 25. jan. 2012 kl. 07:32

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Stand, fleirtal stender, er ei nemning for nærare bestemte samfunnsgrupper i samfunn der det er skarpe skilje mellom og synberre skilnader på høgare og lågare sosiale lag. Det kan svare seg å halde frå kvarandre dei ulike måtane nemninga er brukt på 1) i daglegtale, 2) om eit realhistorisk fenomen og 3) som samfunnsvitskapleg omgrep.

1) I daglegtale har nemninga litt lauseleg, og delvis overlappande med «klasse», vore brukt om ulike yrkesgrupper og befolkningssjikt, så som bondestand, embetsstand, legestand, middelstand osv. Saman med tilknytinga til yrke/samfunnsfunksjon har faktorar som ulikt fordelt makt og rikdom, danningsnivå og livsstil vore mykje bestemmande for bruken av ordet. Standsskilja blir i daglegtale dermed iallfall delvis samanfallande med skilja mellom «fine» og «mindre fine», «rike» og «fattige», herskande og styrde delar av befolkninga.

2) Historisk var stender nemning på juridisk og politisk veldefinerte samfunnsgrupper, i fyrste rekkje adel, presteskap, borgarskap og bønder. Stendene var klårt avgrensa frå kvarandre ved ulike rettar og plikter, og dei stod i ulike undersåttlege tilhøve til staten (kongen). Systematisk og formalisert ulikskap for lova var eit vesenstrekk ved standssamfunnet. Som korporasjonar (samla einingar, ikkje enkeltindivid) kunne stendene også vere tillagde politiske rettar og innverknad gjennom stenderforsamlingar (riksdagar, herredagar, parlament, stendermøte etc.). Ein kan da snakke om ein stenderstat. Som juridisk og politisk definert fenomen spela stendene ei særleg viktig rolle frå seinmellomalderen gjennom tidleg nytid fram til dei store amerikanske og europeiske revolusjonane på slutten av 1700-talet og utover på 1800-talet, inklusive den norske systemomveltinga i 1814. Desse hadde som uttrykkeleg mål å avskaffe standssamfunnet («fridom, likskap og brorskap»).

3) I nyare tid har stand vore nytta som samfunnsvitskapleg term også om fenomen i moderne samfunn som er basert på likskap for lova og like statsborgarlege rettar for befolkninga. Som vitskapleg abstraksjon har stand noko varierande tydingsinnhald, og omgrepet blir nytta med ulik grad av stringens, men er ofte nær synonymt med statusgruppe bestemt ut frå yrkestilknyting, danningsnivå, sosial prestisje og sosiokulturell identitet i det store og heile. I røynda er denne bruken nært i slekt med daglegtalens bruk av stand. Stand blir i samfunns- og kulturvitskaplege samanhengar ofte jamført med og kontrastert til omgrep som klasse og kaste.


Stand, status, stat. Etymologi

Stand tyder eigentleg stilling, det å stå. Det er eit germansk ord med den same tydinga som status på latin. Uttrykket gjeld altså ståstaden i samfunnet.

Stand brukt om juridisk-politisk definerte korporasjonar heiter på engelsk estate («Estates of the Realm» = «riksstender»), på fransk etat, båe med opphav i det latinske status. Fransk etat har dessutan eit mangfald av andre tydingar, derunder to som er særleg relevante i denne samanhengen: «stat» og «etat» (som i politietaten).

Stender brukt om samfunnsgrupper i meir generell tyding heiter derimot på engelsk helst orders (society of orders = standssamfunn) og tilsvarande på fransk, ordres (société d’ordres = standssamfunn). Men i eit anna romansk språk, spansk, heiter standssamfunn sociedad estamental, som er laga av estamento = (politisk) stand (stender i den spanske stenderforsamlinga Cortes). Estamento blir nytta vekselsvis med estado, og dei to har etymologisk same rot, latin stare = å stå.

I tidleg nytid glei nemningane stand og stat over i kvarandre også i det danske språket. Arent Berntsen skriv i Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed om «Værie-staten» (verjestanden: adel, militær og sivil øvrigheit), «Lære-staten» (presteskap, professorar og andre intellektuelle) og «Nære-staten» (borgarskap, bønder og kanskje arbeidsfolk og «menige allmue» i det store og heile).

Det er såleis etymologisk nær samanheng mellom stand, status, stat og etat.


Det historiske standssamfunnet

Bellatores, oratores, laboratores

Arent Berntsen tek i si samfunnsanalyse frå 1656 utgangspunkt i den klassiske trestandslæra der samfunnet blir inndelt i oratores, bellatores, og laboratores, dvs. dei som talar, dei som krigar og dei som arbeider. Idéen har opphav i antikken. I verket sitt om Staten deler Platon samfunnet inn i tre stender slik: 1) Regentane utgjer den øvste, dei lærde som skal styre staten. 2) Vaktarane (krigarane) verjer staten mot fiendar. 3) Handverkarar og bønder produserer det folk skal leve av. Heilt utanom stendene held Platon slavane, den store ufrie produsentgruppa.

Trestandslæra vart så tilpassa det kristne føydalsamfunnet og gjennomgripande praktisk implementert i europeisk mellomalder og tidleg moderne tid. Adel og presteskap utgjorde da dei to øvste og fornemste stendene. Funksjonsfordelinga av politikk, militærmakt, lærdom og kultus vart dermed noko annleis enn hjå Platon. Kva for ein av dei to stendene adel og presteskap som har vore rangert øvst i prestisjesystemet, har veksla. I katolske land har presteskapet tendert mot å vere den fremste, så som i Frankrike før revolusjonen. I artikkelen om adel i Norsk historisk leksikon blir det påpeikt at reformasjonen og sjølvstendetapet i 1536/37 gjorde at adelen overtok presteskapets tidlegare posisjon som den leiande stand i Noreg.

«Tredjestanden», dei som «arbeidde», skilde seg sterkt frå dei to øvste stendene. For det fyrste bestod den arbeidande stand av ein ulikt mykje større del av befolkninga. Adel og presteskap utgjorde dei fleste stader berre ein ubetydeleg andel statistisk sett. Tredjestanden omfatta dessutan mange ulike yrkesgrupper og sjikt, og kan negativt definerast som dei i samfunnet som ikkje var adelege og ikkje geistlege (altså allmugen, «commoners» = vanleg folk). Men i praksis, og iallfall som «politisk» korporasjon, var det vel å merke berre dei ikkje-adelege og ikkje-geistlege sjølvstendig næringsdrivande som vart medrekna, dvs. dei med handels-, handverkar- eller skipparborgarskap i byane og gardbrukarar på landet. Representasjonsmyndet var dessutan uløyseleg knytta til husbondsstatus. Familiemedlemmer, sveinar og lærlingar, tenestefolk, husmenn og andre arbeidarar vart sedde som avhengige vedheng til dei husbondane som skulle representere tredjestanden.

I kor stor grad bøndene var offisielt representerte blant riksstendene varierte sterkt frå land til land. Liveigne og bønder elles som var underkasta adelege eller geistlege herskapsrettar (seigneurial- eller føydalrettar), var haldne utanfor, for så vidt analogt med Platons utelating av slavane frå antikkens statsorden. I Noreg var husbondar på alle sjølvstendige (matrikulerte) gardsbruk inkluderte, anten gardane var sjølveigde eller leiglendingsgods, små eller store. Bøndene som (del av ein) «riksstand» kan seiast å ha falle saman med dei som hadde fulle rettar på bygdetinget.

Riksstender i Danmark-Noreg

Mange stader, som i Noreg, var borgarskapet og bøndene definerte som stender kvar for seg. Saman med adel og presteskap var dei rekna som riksstender som vart innkalla ved kongehyllingar og stendermøte. Adelsmenn og bispane hadde personleg møterett/-plikt. Det menige presteskapet, borgarskapet og bøndene sende valde eller utpeikte representantar.

Etter innføringa av eineveldet i 1660 var riksstendene ikkje lenger ein del av det politiske systemet i Danmark-Noreg. Det vart slutt på stendermøta, og den fremste politiske standsforsamlinga, Riksrådet, vart avskaffa. Riksrådet, der eit utval av rikets høgaste adel hadde sete, var eit sentralorgan som modifiserte kongemakta i monaleg grad.

Eit anna fenomen som kan knyttast til stenderstaten vart også avskaffa i og med eineveldet. Lensordninga vart avløyst av amtsinndelinga, og samstundes fall det adelege monopolet på slike regionale øvrigheitsposisjonar (lensherrefunksjonen) også bort. I prinsippet skulle nå folk med borgarleg herkomst kunne få også så høge embete. Ei anna sak er at høge embetsmenn med borgarleg bakgrunn gjerne kunne bli tildelt adelskap når dei kom i slik posisjon. Frå 1679 medførte også visse plasseringar i rangen automatisk adeleg status (rangadel). Trass dette kan ein under eineveldet i Danmark-Noreg ikkje med god rett lenger snakke om ein stenderstat, i motsetnad til for eksempel Sverige, som hadde stenderforsamlinga Riksdagen i behald jamvel under tilnærma eineveldige kongar. Derimot gjev det meining å nytte uttrykket «rangstat» om det statlege styringssystemet i det som framleis under eineveldet definitivt var eit standssamfunn i Danmark og Noreg.

Standsskilje, rettar og plikter

I jordeigedoms- og skattetilhøve

Innan rettsstellet

Eit viktig samfunnsfelt der standsskilja var formelt og reelt fast institusjonaliserte, var rettsstellet. Det galdt for det fyrste ulik prosedyre for ulike stender i rettslege samanhengar. Adelen hadde såkalla privilegert verneting. I medhald av Chrsitian V's Norske lov 1687 skulle grevar og friherrar (baronar) og «de højeste Officerer» i livs- og æressaker stemnast direkte inn for Høgsterett i København. Andre av adel og «lige med Adelen privilegerede» hadde tilsvarande OverhoffrettenAkershus som verneting. Før 1660 var det herredagen som var adeleg verneting.

For det andre kunne privatpersonar vere tillagde justismakt i kraft av standsposisjon og privileg. Frå 1646 hadde eigarar av rette adelege setegardar såkalla hals- og håndsrett over sine vekedagsbønder. Medf hals- og hånd følgde rett til sikt- og sakefall (bøteinntekter). Privat sakefallsrett kunne etter eineveldet også følgje godssamlingar i ikkje-adeleg eige.

For det tredje


Livsstilsregulering

Symbolsk ære og gunst

Standssamfunn etter 1814?

Det samfunnsvitskaplege omgrepet

Weber og Marx

Frå standssamfunn til klassesamfunn?

Referansar


Kjelder og litteratur