Stand

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyre Stand, fleirtal stender, er ei nemning for nærare bestemte samfunnsgrupper i samfunn der det er skarpe skilje mellom og synberre skilnader på høgare og lågare sosiale lag. Det kan svare seg å halde frå kvarandre dei ulike måtane nemninga er brukt på 1) i daglegtale, 2) om eit realhistorisk fenomen og 3) som samfunnsvitskapleg omgrep.

1) I daglegtale har nemninga litt lauseleg, og delvis overlappande med «klasse», vore brukt om ulike yrkesgrupper og befolkningssjikt, så som bondestand, embetsstand, legestand, middelstand osv. Saman med tilknytinga til yrke/samfunnsfunksjon har faktorar som ulikt fordelt makt og rikdom, danningsnivå og livsstil vore mykje bestemmande for bruken av ordet. Standsskilja blir dermed mykje samanfallande med skilja mellom «fine» og «mindre fine», «rike» og «fattige», «herskande» og «styrde», «høge» og «låge» delar av befolkninga.

2) Historisk var stender nemning på juridisk og politisk veldefinerte samfunnsgrupper, i fyrste rekkje adel, presteskap, borgarskap og bønder. Stendene var klårt avgrensa frå kvarandre ved ulike rettar og plikter, og dei stod i ulike undersåttlege tilhøve til staten (kongen). Systematisk og formalisert ulikskap for lova var eit vesenstrekk ved standssamfunnet. Som korporasjonar (samla einingar, ikkje enkeltindivid) kunne stendene også vere tillagde politiske rettar og innverknad gjennom stenderforsamlingar (riksdagar, herredagar, parlament, stendermøte etc.). Ein kan da snakke om ein stenderstat. Som juridisk og politisk definert fenomen spela stendene ei særleg viktig rolle frå seinmellomalderen gjennom tidleg nytid fram til dei store amerikanske og europeiske revolusjonane på slutten av 1700-talet og utover på 1800-talet, inklusive den norske systemomveltinga i 1814. Desse hadde som uttrykkeleg mål å avskaffe standssamfunnet («fridom, likskap og brorskap»).

3) I nyare tid har stand vore nytta som samfunnsvitskapleg omgrep også om fenomen i moderne samfunn som er basert på likskap for lova og like statsborgarlege rettar for befolkninga. Som vitskapleg abstraksjon har stand noko varierande tydingsinnhald, og omgrepet blir nytta med ulik grad av stringens, men er ofte nær synonymt med statusgruppe bestemt ut frå yrkestilknyting, danningsnivå, sosial prestisje og sosiokulturell identitet i det store og heile. I røynda er denne bruken nært i slekt med daglegtalens bruk av stand. Stand blir i samfunns- og kulturvitskaplege samanhengar ofte jamført med og kontrastert til omgrep som klasse og kaste.


Stand, status, stat. Etymologi

Stand tyder eigentleg stilling, det å stå. Det er eit germansk ord med den same tydinga som status på latin. Uttrykket gjeld altså ståstaden i samfunnet.

Stand brukt om juridisk-politisk definerte korporasjonar heiter på engelsk estate («Estates of the Realm» = «riksstender»), på fransk etat, båe med opphav i det latinske status. Fransk etat har dessutan eit mangfald av andre tydingar, derunder to som er særleg relevante i denne samanhengen: «stat» og «etat» (som i politietaten).

Stender brukt om samfunnsgrupper i meir generell tyding, heiter derimot på engelsk helst orders (society of orders = standssamfunn) og tilsvarande på fransk, ordres (société d’ordres = standssamfunn). Men i eit anna romansk språk, spansk, heiter standssamfunn sociedad estamental. Det er laga av estamento = (politisk) stand (stender i den spanske stenderforsamlinga Cortes). Estamento blir nytta vekselsvis med estado, og dei to har etymologisk same rot, latin stare = å stå.

I tidleg nytid glei nemningane stand og stat over i kvarandre også i det danske språket. Arent Berntsen skriv i Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed om «Værie-staten» (verjestanden: adel, militær og sivil øvrigheit), «Lære-staten» (presteskap, professorar og andre intellektuelle) og «Nære-staten» (borgarskap, bønder og kanskje arbeidsfolk og «menige allmue» i det store og heile).

Det er såleis etymologisk nær samanheng mellom stand, status, stat og etat.


Det historiske standssamfunnet

Bellatores, oratores, laboratores

Arent Berntsen tek i si samfunnsanalyse frå 1656 utgangspunkt i den klassiske trestandslæra der samfunnet blir inndelt i oratores, bellatores, og laboratores, dvs. dei som talar, dei som krigar og dei som arbeider. Idéen har opphav i antikken. I verket sitt om Staten deler Platon samfunnet inn i tre kategoriar slik: 1) Regentane er dei lærde som skal styre staten. Dette utgjer den mest prestisjefylte kategorien i Platons førestillingar. 2) Vaktarane (krigarane) verjer staten mot fiendar. 3) Handverkarar og bønder produserer det folk skal leve av. Heilt utanom dette kategorisystemet held Platon slavane, den store ufrie produsentgruppa.

Trestandslæra vart så tilpassa det kristne føydalsamfunnet og gjennomgripande praktisk implementert i europeisk mellomalder og tidleg moderne tid. Adel og presteskap utgjorde da dei to øvste og fornemste stendene. Funksjonsfordelinga av politikk, militærmakt, lærdom og kultus vart dermed noko annleis enn hjå Platon. Kva for ein av dei to stendene adel og presteskap som har vore rangert øvst i prestisjesystemet, har veksla. I katolske land har presteskapet tendert mot å vere den fremste, så som i Frankrike før revolusjonen. I artikkelen om adel i Norsk historisk leksikon blir det påpeikt at reformasjonen og sjølvstendetapet i 1536/37 gjorde at adelen overtok presteskapets tidlegare posisjon som den leiande stand i Noreg.

«Tredjestanden», dei som «arbeidde», skilde seg sterkt frå dei to øvste stendene. For det fyrste bestod den arbeidande stand av ein ulikt mykje større del av befolkninga. Adel og presteskap utgjorde dei fleste stader berre ein ubetydeleg andel statistisk sett. Tredjestanden omfatta dessutan mange ulike yrkesgrupper og sjikt, og kan best definerast negativt som dei i samfunnet som ikkje var adelege og ikkje geistlege (altså allmugen, «commoners» = vanleg folk). Men i praksis, og iallfall som «politisk» korporasjon, var det vel å merke berre dei ikkje-adelege og ikkje-geistlege sjølvstendig næringsdrivande som vart medrekna, dvs. dei med handels-, handverkar- eller skipparborgarskap i byane og gardbrukarar på landet. Representasjonsmyndet var dessutan uløyseleg knytta til husbondsstatus. Familiemedlemmer, sveinar og lærlingar, tenestefolk, husmenn og andre arbeidarar vart sedde som avhengige vedheng til dei husbondane som skulle representere tredjestanden.

I kor stor grad bøndene var offisielt representerte blant riksstendene varierte sterkt frå land til land. Liveigne og bønder elles som var underkasta adelege eller geistlege herskapsrettar (seigneurial- eller føydalrettar), var haldne utanfor, for så vidt analogt med Platons utelating av slavane frå antikkens statsorden. I Noreg var husbondar på alle sjølvstendige (matrikulerte) gardsbruk inkluderte, anten gardane var sjølveigde eller leiglendingsgods, små eller store. Bøndene som «riksstand» kan seiast å ha falle saman med dei som hadde fulle rettar på bygdetinget.

Riksstender i Danmark-Noreg

Mange stader, som i Noreg, var borgarskapet og bøndene definerte som stender kvar for seg. Saman med adel og presteskap var dei rekna som riksstender som vart innkalla ved kongehyllingar og stendermøte. Adelsmenn og bispane hadde personleg møterett/-plikt. Det menige presteskapet, borgarskapet og bøndene sende valde eller utpeikte representantar.

Etter innføringa av eineveldet i 1660 var riksstendene ikkje lenger ein del av det politiske systemet i Danmark-Noreg. Det vart slutt på stendermøta, og den fremste politiske standsforsamlinga, Riksrådet, vart avskaffa. Riksrådet, der eit utval av rikets høgaste adel hadde sete, var eit sentralorgan som modifiserte kongemakta i monaleg grad.

Eit anna fenomen som kan knyttast til stenderstaten vart også avskaffa i og med eineveldet. Lensordninga vart avløyst av amtsinndelinga, og samstundes fall det adelege monopolet på slike regionale øvrigheitsposisjonar (lensherrefunksjonen) også bort. I prinsippet skulle nå folk med borgarleg herkomst kunne få også så høge embete, etter kvalifikasjonar dugleik og kongeleg gunst. Ei anna sak er at høge embetsmenn med borgarleg bakgrunn gjerne kunne bli tildelt adelskap når dei fyrst var komne i slik posisjon. Frå 1679 medførte også visse plasseringar i rangen automatisk adeleg status (rangadel). Trass dette kan ein under eineveldet i Danmark-Noreg ikkje med god rett lenger snakke om ein stenderstat, i motsetnad til for eksempel Sverige, som hadde stenderforsamlinga Riksdagen i behald jamvel under tilnærma eineveldige kongar. Derimot gjev det meining å nytte uttrykket «rangstat» om det statlege styringssystemet i det som framleis under eineveldet definitivt var eit standssamfunn i Danmark og Noreg.

Standsskilje, rettar og plikter

I jordeigedoms- og skattetilhøve

Fritt gods (setegardar, vekedagsgods) Beste manns bygselsrett. Rett til å påleggje leiglendingar og husmenn arbeidsplikt

Innan rettsstellet

Eit viktig samfunnsfelt der standsskilja var formelt og reelt fast institusjonaliserte, var rettsstellet. Det galdt for det fyrste ulik prosedyre for ulike stender i rettslege samanhengar. Adelen hadde såkalla privilegert verneting. I medhald av Chrsitian V's Norske lov 1687 skulle grevar og friherrar (baronar) og «de højeste Officerer» i livs- og æressaker stemnast direkte inn for Høgsterett i København. Andre av adel og «lige med Adelen privilegerede» hadde tilsvarande OverhoffrettenAkershus som verneting. Før 1660 var det herredagen som var adeleg verneting.

For det andre kunne privatpersonar vere tillagde justismakt i kraft av standsposisjon og privileg. Frå 1646 hadde eigarar av rette adelege setegardar såkalla hals- og håndsrett over sine vekedagsbønder. Medf hals- og hånd følgde rett til sikt- og sakefall (bøteinntekter). Privat sakefallsrett kunne etter eineveldet også følgje godssamlingar i ikkje-adeleg eige.

For det tredje var det ein særskild justis for embetsgrupepr og fagområde. Dette er rett nok ikkje utenkjeleg heller i moderne samfunn (jf. namsrett, arbeidsrett m.m.), men var i tidleg nytid tydeleg filtra inn i standstenkinga. Prestar vart stilte for geistlege domsstolar, futar, stiftamtsskrivarar og andre oppebørselsbetjentar vart ved mistanke om mishald av tenesta førde for Kammerretten i København, tilsette ved bergverka tilhøyrde ein eigen bergverksjurisdiksjon osv.


Livsstilsregulering

Kongelege luksusforordningar alt frå 1500-talet gav til dels særs detaljerte føresegner om kva medlemmene av dei ulike stender hadde lov til å bruke av smykke, klede av meir eller mindre fine stoff (særleg silke var det restriksjonar på!) osv. Likeins var det lagt meir eller mindre strenge band på korleis bryllaup, gravferder osv kunne markerast med samkomer innan dei ulike stendene.


Symbolsk ære og gunst

... jf. livsstilsreguleringane Heraldiske utmerkingar. Rang, gang og sete. Titulatur...

Standssamfunn etter 1814?

Eidsvollsgrunnlova bygde etter konstitusjonskomiteens innstilling på «den borgerlige Friheds Betryggelse, Ejendommenes Sikkerhed og Rettighedernes muligste Lighed». Om desse prinsippa er realiserte i eit samfunn gjev det ikkje lenger meining å snakke om eit «standssamfunn» i ovanståande realhistoriske forstand. Det skulle likevel gå bortimot eit hundreår iallfall før prinsippet om «Rettighedernes muligste lighed» skulle bli verkeleggjort i vanleg liberal-demokratisk forstand. Det viktigaste leivningen frå det formaliserte standssamfunnet var røysteretten, som heilt til 1898 i all hovudsak var lagt til dei sjølvstendige husbondar i bygd og by. Dei «avhengige» i samfunnet, dei som var i andres brød, føderådsfolk (om dei enn var tidlegare husbondar og matmødre!), fattiglemmer osv. fekk ikkje denne grunnleggjande statsborgarlege retten før i 1898. Kvinner av kva «stand» det måtte vere fekk ikkje fulle politiske rettar før i 1913.

Verneplikt...

Handels- og andre næringsprivleg?


Det samfunnsvitskaplege omgrepet

Weber og Marx

Frå standssamfunn til klassesamfunn?

Referansar


Kjelder og litteratur