Sykkylven Stålindustri

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. jan. 2014 kl. 09:07 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Sykkylven Stålindustri''' er ein metallvareprodusent i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av Jostein Gjerde i 1958. For nokre år sidan skifta verksemda namn til Sykkylven Stål AS. B...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven Stålindustri er ein metallvareprodusent i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av Jostein Gjerde i 1958. For nokre år sidan skifta verksemda namn til Sykkylven Stål AS. Bedrifta starta som underleverandør til møbelindustrien. Dei siste åra har ho utvida kundegrunnlaget sitt og også levert mykje til maritim sektor.

Jostein Gjerde hadde brei røynsle i mekanisk arbeid då han i 1958 bygde eigen verkstad på Tjønes. I 1949 hadde han teke til ved Det Vestnorske Elektriske A/SIkornnes, og han var med då Oddvar Rieve Kristiansen skipa A/S Møre Transformatorfabrikk i 1951. Her var Gjerde mange år arbeidsleiar. Dei siste åra han arbeidde ved verksemda, var han produksjonsplanleggar.

Det var på kveldstid og om laurdagane han dreiv si eiga verksemd, Tynes Mekaniske Verksted, dei første elleve-tolv åra. Han laga beslag til den lokale møbelindustrien. Elles dreiv han med småreparasjonar. Etter kvart fekk han høve til å løne ein mann, slik at drifta kunne bli meir omfattande.

I 1970 sa Gjerde opp stillinga si ved Møre Transformatorfabrikk for å gå heilt inn for si eiga bedrift. Han hadde då to tilsette i produksjonen, og plassen i verkstadlokala på Tjønes vart snart for liten. I 1971 kjøpte han ei to mål stor tomt på Vik, der han sette opp eit fabrikkbygg på 350 m2 golvflate. Då fekk verksemda namnet Sykkylven Stålindustri A/S.

Den unge verksemda har vore igjennom ein stor vekst. Fram til 1990 vart bygget utvida ti gonger. For å sikre seg plass for vidare ekspansjon kjøpte Gjerde i 1987 tre fabrikkbygg på Vikøyra av J.E. Ekornes A/S. Det var dei tidlegare lokala til Svanemøbler A/S, Vik & Blindheim og Solid.

Møbelindustrien var lenge viktigaste kundegruppa for Sykkylven Stålindustri. Hovudartikkelen var rørdelar til møbelindustrien. Dette er stålrammene i kvilestolar. Rammene vert sidan overstøypte med kaldskum av skumplastbedriftene i fylket. Bedrifta har halde fram med å lage beslag. Elles produserer ho utstyr for interntransport og luftløftarar.

Ein periode utvikla bedrifta mikroprossorstyrte spesialmaskiner for industrien i distriktet. I 1974 hadde bedrifta seks mann i arbeid, i 1980 var talet på tilsette 14 og i 1990 var det 30 arbeidarar der.


Kjelde