Møre Trafo AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Møre Transformatorfabrikk er ein produsent av transformatorar, lokalisert i Sykkylven. Bedrifta er ei vidareføring av Det Vestnorske Elektriske AS som voldingen Kåre Kårstad skipa i lokala til Jens E. Ekornes Fabrikker AS i Sykkylven i 1948. Kårstad tok på seg arbeid med omvikling og reparasjonar av elektriske motorar. Oddvar Rieve Kristiansen, som var inngift i familien til Jens E. Ekornes, var i 1948 på vitjing i Sykkylven. Ekornes ivra for at Kristiansen skulle hjelpe Kårstad med verksemda, som tidleg fekk økonomiske problem. Etter at Kristiansen hadde avslutta ingeniørutdanninga si kom han attende til Sykkylven, og i 1951 tok han over ein del av maskinene til Kårstad.

Forsiktig oppstart

Kristiansen starta forsiktig og i byrjinga avgrensa han seg til å reparere brukte elektromotorar og generatorar. Han fekk også oppgåver med å reparere og vedlikehalde maskinparken til Jens E. Ekornes sin møbelfabrikk som han var samlokalisert med. Det gjekk likevel ikkje lang tid før transformatorproduksjonen vart teken opp. På dette området hadde Oddvar Rieve Kristiansen solid fagleg bakgrunn. Diplomoppgåva hans frå den tekniske skulen hadde nett transformatorar som emne.

Då transformatorproduksjonen vel var komen i gang, årsskiftet 1951/52, auka talet på tilsette gradvis, frå tre i 1951 til om lag tjue i 1960. Marknadsføringa av transformatorane skjedde gjennom AS Elektrosalg i Oslo, og dei vart selde over heile landet. Det som drog salet i gang var ein langsiktig ordre frå Trondheim Elverk på spenningsforhøgjarar som transformerte straumen frå 150 til 230 V. Desse stod snart i kvart husvære i Trondheim.

Det var ei stor vinning for Kristiansen då han kunne tilsette sine to første ingeniørar, Olav Myklebust i 1960 og Olav Ulstein i 1963. Han hadde lenge sakna eit fagleg miljø, personar han kunne diskutere tekniske problem med og utvikle nye produkt i lag med. I Sykkylven var det møbelindustrien alle var fortruleg med. Elektroteknisk industri var noko ukjent.

Produksjonen til Møre Transformatorfabrikk var dei første åra allsidig, sjølv om transformatorframstillinga snart vart den viktigaste delen. Fabrikken var mellom anna ein periode maskinleverandør til J.E. Ekornes. På bestilling laga dei også madrassfjørmaskiner. Elles laga dei stolbeinholkar i messing, holkar til vegstikker og sovesofabeslag. I 1959 kom dei i gang med produksjon av elektriske kablar og leidningar. I åra framover konsentrerte bedrifta seg om transformator- og leidningproduksjonen.

Flytting

På grunn av plassproblem på Ikornnes måtte bedriftsleiinga sjå seg om etter ei høveleg fabrikktomt. Valet fal på Ørsneset, der Lars Karl Aursnes stilte til disposisjon ei sjøtomt på Ole-bruket. Lars Karl Aursnes hadde i nokre år stått for produksjonen av trafokasser for verksemda. Hausten 1962 tok grunnarbeidet til, og eitt år seinare byrja dei å flytte utstyret frå Ikornnes. I slutten av februar 1964 var dei siste maskinene på plass i dei nye fabrikklokala på Ørsneset.

I 1964 var det vel 30 tilsette ved Møre Transformatorfabrikk, og omsetninga det året kom opp i tre millionar kroner. Det var ein kraftig auke i høve til dei 150.000 kronene som var omsetninga i 1951. Oddvar Rieve Kristiansen meinte at bedrifta no var blitt for stor til at ein mann kunne ha ansvaret åleine. Fram til 1964 hadde han vore eineiegar av bedrifta, og han hadde sjølv teke hand om dei fleste leiarfunksjonene. Etter bygginga såg han det slik at det var på tide å trekkje eksterne krefter inn i styret for bedrifta og på eigarsida. I det første styret knytte han til seg direktør Holger Sinding i NEBB og advokat Rolf Kristian Engelsen frå Ålesund. Sinding kom med fordi NEBB hadde gått inn i sykkylvsverksemda på eigarsida. Det var ei motyting for at NEBB skulle ta over salet av transformatorar. I 1964 fekk NEBB ein eigardel på 20%. Fram til 1976 kom eigardelen opp i 35% av aksjeverdien. Samarbeidet med NEBB førte til ein framgang i salet på dei nemnde produkta, og sykkylvsbedrifta auka bemanninga og omsetninga nesten kvart år.

Leidningframstillinga var eit kjærkome supplement for Møre Transformatorfabrikk, og den kom til i ein periode då transformatorproduksjonen stridde i ein motbakke. Fram til 1977 laga verksemda fleire dimensjonar av leidningar. Det året gjorde dei avtale med Norsk Kabelfabrikk og Standard Telefon- og Kabelfabrikk for å få til ei produktfordeling og spesialisering mellom bedriftene. Resultatet vart at Møre Transformatorfabrikk gjekk over til å produsere berre P.N. 1.5 mm. og P.N. 2.5 mm. installasjonsleidning. Bedrifta tok over alt dei to konkurrentane tidlegare hadde hatt av desse dimensjonane.

1977 var også året då Møre Transformatorfabrikk kom i gang med produksjon av trafokioskar. Fram til då hadde transformatorboksane vore plasserte oppe i leidningsstolpane. No vart slagordet ”Ned med trafoen”. Med trafokioskar plasserte nede på bakken vart ettersynet og vedlikehaldet lettare.

Kioskavdelinga vart i 1987 flytta over til dei tidlegare lokala til Aursnes Fiskegarnfabrikk. Dette bygget hadde Møre Transformatorfabrikk kjøpt og seinare utvida.

I 1979 tok Møre Transformatorfabrikk over Norsk Profilforming. Ein av eigarane av Norsk Profilforming var Asbjørn Vik, som var nabo til Oddvar Rieve Kristiansen på Vik. Dei hadde ofte lange samtalar om den vanskelege økonomiske situasjonen som Norsk Profilforming var hamna i. Etter handelen var ikkje Møre Transformatorfabrikk lenger avhengig av utviklinga innan elektroteknisk industri. Bedrifta fekk også eit bein innanfor bygg- og anleggssektoren.

Merkeåret 1987

1987 var eit merkeår for Møre Tafo AS, som vart det nye bedriftsnamnet. Hausten det året vart det avgjort at ASEA i Sverige og Brown Boveri i Sveits skulle fusjonere. Det fekk konsekvensar for Møre Trafo, for Brown Boveri eigde 51% av NEBB. NEBB hadde heile salsapparatet til Møre Trafo og 35% av aksjekapitalen. Møre Transformatorfabrikk sine norske konkurrentar hadde tidlegare vore ASEA – Per Kure, Elektrisk Bureau og National Industri. I kjølvatnet av den internasjonale fusjonen vart det vedteke at desse selskapa skulle gå saman med NEBB. Den nye eininga tok namnet til Elektrisk Bureau, og det internasjonale moderselskapet vart heitande ASEA Brown Boveri.

Året før dette skjedde døydde Oddvar Rieve Kristiansen og sønene hans overtok hans eigardel. Dei diskuterte den nye situasjonen som mellom anna innebar at Elekrisk Bureau kontrollerte nesten heile den norske transformatorproduksjonen. Eit alternativ var å selje dei resterande 65 % av bedrifta. Men i staden for å selje kjøpte dei tre Kristiansen-brørne NEBB sin aksjepost i desember 1987. Like etter vart Møre Trafo delt opp i tre einingar: eit eigedomselskap Møre Eiendom AS, og driftsselskapa Norsk Profilforming AS og Møre Trafo AS.

Møre Trafo har greidd å halde stillinga på transformatormarknaden, medan leidningsproduksjonen arbeidde tyngre. Det vart difor vedeteke å avvikle den i 1990.

Møre Trafo står att som den einaste norskeigde produsenten av fordelingstrafoar, og dei brukar med hell den posisjonen i marknadsføringa. Som ein relativt liten produsent har bedrifta også godt høve til å spesialtilpasse trafoane etter kundane sine ønske.

Møre Trafo har også prøvd seg på eksportmarknaden og bedrifta var den første transformatorprodusenten i Europa som vart offisielt godkjend som leverandør av NATO-materiell. Leveransane omfatta m.a. sjokksikre trafoar til torpedobåtar og ubåtar.

Produksjonen omfatter også lavspenningstavler, aluminiumsdører og -ventiler til transformatorrom. Møre Trafo har eit produksjonsareal på 14.750m2 og sysselsette i 2023 177 medarbeidarar.

Selskapet er i 2024 eigd av konsernet Møre Electric Group (MEG). MEG er eigd med 66 prosent av familiekonsernet Rieve-gruppen og 34 prosent av Schneider Electric. MEG eig også KL Industri i Sverige. KL Industri betener den nordiske marknaden og har produksjonsanlegg i Finspång i Sverige.

Leif Leira var administrerande direktør i Møre Trafo AS til 2023, då Runar Tandstad tok over.

Kjelder og litteratur