Sykkylven Stålindustri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven Stål starta som ein metallvareprodusent i Sykkylven i 1958. Bedrifta vart etablert av Jostein Gjerde på Tynes. Bedrifta var frå byrjinga underleverandør til møbelindustrien. Etter oppkjøp av Solberg AS og Metallakkering i 1999, vart det også leveransar til byggsektoren og maritim sektor.

Jostein Gjerde hadde brei røynsle i mekanisk arbeid då han i 1958 bygde eigen verkstad på Tynes. I 1949 hadde han teke til ved Det Vestnorske Elektriske A/SIkornnes, og han var med då Oddvar Rieve Kristiansen skipa A/S Møre Transformatorfabrikk i 1951. Her var Gjerde mange år arbeidsleiar. Dei siste åra han arbeidde ved verksemda, var han produksjonsplanleggar.

Fabrikkbygg på Vikøyra

Det var på kveldstid og om laurdagane han dreiv si eiga verksemd, Tynes Mekaniske Verksted, dei første elleve-tolv åra. Han laga beslag til den lokale møbelindustrien. Elles dreiv han med småreparasjonar. Etter kvart fekk han høve til å løne ein mann, slik at drifta kunne bli meir omfattande.

I 1970 sa Gjerde opp stillinga si ved Møre Transformatorfabrikk for å gå heilt inn for si eiga bedrift. Han hadde då to tilsette i produksjonen, og plassen i verkstadlokala på Tynes vart snart for liten. I 1971 kjøpte han ei to mål stor tomt på Vik, der han sette opp eit fabrikkbygg på 350 m2 golvflate. Då fekk verksemda namnet Sykkylven Stålindustri A/S.

Den unge verksemda har vore igjennom ein stor vekst. Fram til 1990 vart bygget utvida ti gonger. For å sikre seg plass for vidare ekspansjon kjøpte Gjerde i 1987 tre fabrikkbygg på Vikøyra av J.E. Ekornes A/S. Det var dei tidlegare lokala til Svanemøbler A/S, Vik & Blindheim og Solid.

Stål og Galvano

Møbelindustrien var viktigaste kundegruppa for Sykkylven Stålindustri. Hovudartikkelen var rørdelar til møbelindustrien. Dette er stålrammene i kvilestolar. Rammene vert sidan overstøypte med kaldskum av skumplastbedriftene. Bedrifta har halde fram med å lage beslag. Elles produserer ho utstyr for interntransport og luftløftarar.

Ein periode utvikla bedrifta mikroprossorstyrte spesialmaskiner for industrien i distriktet. I 1974 hadde bedrifta seks mann i arbeid, i 1980 var talet på tilsette 14 og i 1990 var det 30 arbeidarar der.

I 2003 gjekk Sykkylven Stålindustri AS konkurs. Sparebanken Møre skipa Stål og Galvano etter restane av Sykkylven Stålindustri AS og Stranda Galvano AS på Stranda som også hadde gått konkurs.

Møbel framleis viktigast

I 2004 vart Karl Inge Rekdal tilsett som administrerande direktør ved Stål og Galvano AS. I 2007 vart Galvano fisjonert ut og selskapet skifta namn til Sykkylven Stål AS. I 2009 solgte Sparebanken Møre seg ut og administrerande direktør Karl Inge Rekdal og fabrikksjef Lars Skog vart hovudaksjonærar i selskapet. I 2010 fekk bedrifta oppleve verknadene av den globale finanskrisa, og det vart raude tal i rekneskapen i 2011. Desse åra sleit bedrifta med svak inntening, noko som hadde samanheng med lågkonjunkturen i møbelindustrien som framleis var hovudmålgruppa til firmaet. Etter ei betydelig omstilling greidde bedrifta å snu den negative trenden og det vart overskot i drifta frå 2012. I denne perioden halverte dei staben og konsentrerte all produksjonen til anlegga i Sykkylven. Dei orienterte seg også vidare i marknaden og fekk mellom anna ordrar frå Rolls-Royce Marine. Bedrifta har også levert delar til Jets Vacuum på Hareid, i tillegg til at dei store aktørane i møbelindustrien står på kundelista.

Sykkylven Stål driv mest med delproduksjon, men dei lagar også skulemøblar og utemøblar som dei sel direkte under varemerket Dynoform. I 2012 utgjorde skulemøblane ni prosent av omsetninga, 37 prosent var knytt til møbelnæringa, medan dei maritime kundane stod for 32 prosent av omsetninga. Sykkylven Stål har utvikla funksjonssystemet Dyfosit som kan brukast i ulike typer sittemøblar.


Kjelde