Telemark Bilruter: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
(Overhaling) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''Telemark Bilruter''' | '''[[Telemark Bilruter]]''' A/S er det største kollektivselskapet i Telemark og har i dag kring 170 tilsette. Selskapet eig om lag 70 bussar, i tillegg til fleire køyretøy for godskøyring. Selskapet har hovudkontor i [[Seljord]], men har i tillegg hatt avdelingskontor fleire stadar i fylket; [[Åmot (Vinje)|Åmot]], [[Fyresdal]], [[Vrådal]], [[Åmli]], og dessutan i [[Skien]] sidan 1998. | ||
==Historikk== | |||
Då [[Telemarkskanalen]] vart opna i 1892 kunne turistane ta båten inn til hjarta av Telemark. [[Dalen]] vart eit turistsenter, og herifrå kunne ein tinge hesteskyss og kome opp i fjellet og vidare over til Vestlandet. I 1908 kom dei fyrste rutegåande bilane her i landet, og ikkje lenge etter byrja framsynte folk i [[Vest-Telemark]] å tenke dristige tankar om å køyre turistane med bil i staden for hest. | |||
Frå 16. september 1909 finst det eit dokument som fortel om eit "forberedende møde for at faa i gang en automobilrute Bandaksli-Fyresdal". Hesteskyssordninga frå kanalbryggja ved [[Bandaksli]] til [[Folkestadbyen]] i [[Fyresdal]] vitna om eit tydeleg behov for transport, og velorienterte personar i bygda såg ein marknad for motoriserte automobilar i rutetrafikk. I arkivet etter bilrutene er det bevart fleire referat som fortel om prosessen med å ordne finansiering, tilsette sjåførar og skaffe bil. Frå 1910 kom ruta i gang. Fotograf [[Bendik Taraldlien]] dokumenterte grundig den fyrste bilen [[Fyresdal Kommunale Bilrute|Fyresdal Automobilselskap]] kjøpte inn; ein "La Buire" med ratt på høgre side og registreringsnummer H-7. | |||
===Dei fyrste laga=== | |||
Snart vart det danna mange mindre rutebilselskap i Vest-Telemark, som i sin tur slo seg saman til større einingar utover på 1900-talet: | |||
*1909: '''[[Fyresdal Kommunale Bilrute|Fyresdal Automobilselskap]]''' (frå 1920: '''Fyresdal kommunale bilrute'''). | |||
*1911: '''[[Automobillaget Haukeli]]'''. | |||
*1918: '''[[L/L Lastebil]]'''. | |||
*1919: '''[[Grungedal Billag]]''' (seinare '''Vinje kommunale Billag'''). | |||
*1919: '''[[Seljord Billag|Seljord automobillag]]''' (seinare '''Seljord Billag L/L'''). | |||
*1920: '''[[Tjostolf Fossli si Bilrute]]''' | |||
*1920: '''[[Lårdal-Høydalsmo-Øyfjell bilrute]]'''. | |||
*1927: '''[[Åmdalsverk-Dalen bilrute]]'''. | |||
*1930: '''[[Straand Billag]]'''. | |||
===Samanslåingar=== | |||
*1935: "L/L Lastebil" og "Lårdal, Høydalsmo, Øyfjell bilrute" blir slått saman til '''[[Rauland-Lårdal Billag]]'''. | |||
*1943: "Rauland-Lårdal Billag" slår seg saman med "Automobillaget Haukeli", "Vinje kommunale Billag", "Åmdalsverk-Dalen bilrute", og dannar '''[[Vest-Telemark Billag]]'''. | |||
*1951: "Fyresdal Kommunale Bilrute", "Tjostolf Fossli si Bilrute" og "Straand Billag" slåt seg saman og dannar '''[[Fyresdal-Vrådal-Nissedal-Billag]] L/L''', ('''F.V.N.'''). | |||
*1972: "Seljord Billag, "Vest-Telemark Billag" og "F.V.N." slår seg saman og dannar '''[[Vest-Telemark Bilruter]] L/L'''. | |||
===Eit fylkesdekkjande rutebilselskap=== | |||
Lengre sør i fylket var det '''[[Grenland Nord Trafikkselskap]]''' som hadde vore rådande. Selskapet vart til etter at '''[[Siljan Bil]]''', '''[[A/S Rutebil]]''' og '''[[Norborg Bilruter]]''' slo seg saman i 1989. Før dette hadde det eksistert ei rekkje mindre rutebilselskap som med tida hadde slått seg saman på same måte som i Øvre Telemark. Dei fyrste bilrutene hadde starta opp kring 1920. | |||
I 1998 kjøpte "Vest-Telemark Bilruter" opp selskapet, og '''[[Telemark Bilruter A/S]]''' vart dermed skapt. | |||
==Arkivet== | |||
Arkivet etter Telemark Bilruter går attende til stiftinga av Fyresdal Automobillag i 1909. Mykje av materialet vart samla i samband med utarbeiding av boka ''Bakke opp og bakke ned: rutebildrift i Vest-Telemark''. Arkivet vert ordna ved [[Vest-Telemark Museum]]. | |||
==Kjelder== | |||
*Henriksveen, Herman og Åsen, Kjell, ''Bakke opp og bakke ned: rutebildrift i Vest-Telemark'', Seljord, 1997. [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011030403013 Digital utgåve] på bokhylla. | |||
[[Kategori:Rutebilselskap]] | [[Kategori:Rutebilselskap]] |
Sideversjonen fra 24. aug. 2017 kl. 14:59
Telemark Bilruter A/S er det største kollektivselskapet i Telemark og har i dag kring 170 tilsette. Selskapet eig om lag 70 bussar, i tillegg til fleire køyretøy for godskøyring. Selskapet har hovudkontor i Seljord, men har i tillegg hatt avdelingskontor fleire stadar i fylket; Åmot, Fyresdal, Vrådal, Åmli, og dessutan i Skien sidan 1998.
Historikk
Då Telemarkskanalen vart opna i 1892 kunne turistane ta båten inn til hjarta av Telemark. Dalen vart eit turistsenter, og herifrå kunne ein tinge hesteskyss og kome opp i fjellet og vidare over til Vestlandet. I 1908 kom dei fyrste rutegåande bilane her i landet, og ikkje lenge etter byrja framsynte folk i Vest-Telemark å tenke dristige tankar om å køyre turistane med bil i staden for hest.
Frå 16. september 1909 finst det eit dokument som fortel om eit "forberedende møde for at faa i gang en automobilrute Bandaksli-Fyresdal". Hesteskyssordninga frå kanalbryggja ved Bandaksli til Folkestadbyen i Fyresdal vitna om eit tydeleg behov for transport, og velorienterte personar i bygda såg ein marknad for motoriserte automobilar i rutetrafikk. I arkivet etter bilrutene er det bevart fleire referat som fortel om prosessen med å ordne finansiering, tilsette sjåførar og skaffe bil. Frå 1910 kom ruta i gang. Fotograf Bendik Taraldlien dokumenterte grundig den fyrste bilen Fyresdal Automobilselskap kjøpte inn; ein "La Buire" med ratt på høgre side og registreringsnummer H-7.
Dei fyrste laga
Snart vart det danna mange mindre rutebilselskap i Vest-Telemark, som i sin tur slo seg saman til større einingar utover på 1900-talet:
- 1909: Fyresdal Automobilselskap (frå 1920: Fyresdal kommunale bilrute).
- 1911: Automobillaget Haukeli.
- 1918: L/L Lastebil.
- 1919: Grungedal Billag (seinare Vinje kommunale Billag).
- 1919: Seljord automobillag (seinare Seljord Billag L/L).
- 1920: Tjostolf Fossli si Bilrute
- 1920: Lårdal-Høydalsmo-Øyfjell bilrute.
- 1927: Åmdalsverk-Dalen bilrute.
- 1930: Straand Billag.
Samanslåingar
- 1935: "L/L Lastebil" og "Lårdal, Høydalsmo, Øyfjell bilrute" blir slått saman til Rauland-Lårdal Billag.
- 1943: "Rauland-Lårdal Billag" slår seg saman med "Automobillaget Haukeli", "Vinje kommunale Billag", "Åmdalsverk-Dalen bilrute", og dannar Vest-Telemark Billag.
- 1951: "Fyresdal Kommunale Bilrute", "Tjostolf Fossli si Bilrute" og "Straand Billag" slåt seg saman og dannar Fyresdal-Vrådal-Nissedal-Billag L/L, (F.V.N.).
- 1972: "Seljord Billag, "Vest-Telemark Billag" og "F.V.N." slår seg saman og dannar Vest-Telemark Bilruter L/L.
Eit fylkesdekkjande rutebilselskap
Lengre sør i fylket var det Grenland Nord Trafikkselskap som hadde vore rådande. Selskapet vart til etter at Siljan Bil, A/S Rutebil og Norborg Bilruter slo seg saman i 1989. Før dette hadde det eksistert ei rekkje mindre rutebilselskap som med tida hadde slått seg saman på same måte som i Øvre Telemark. Dei fyrste bilrutene hadde starta opp kring 1920.
I 1998 kjøpte "Vest-Telemark Bilruter" opp selskapet, og Telemark Bilruter A/S vart dermed skapt.
Arkivet
Arkivet etter Telemark Bilruter går attende til stiftinga av Fyresdal Automobillag i 1909. Mykje av materialet vart samla i samband med utarbeiding av boka Bakke opp og bakke ned: rutebildrift i Vest-Telemark. Arkivet vert ordna ved Vest-Telemark Museum.
Kjelder
- Henriksveen, Herman og Åsen, Kjell, Bakke opp og bakke ned: rutebildrift i Vest-Telemark, Seljord, 1997. Digital utgåve på bokhylla.