Undis Blikken

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. aug. 2014 kl. 18:44 av Stigrp (samtale | bidrag) (bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Ragnhild Undis Blikken (fødd i Åsnes 7. mai 1914, død i Oslo 29. januar 1992) var idrettsstjerne, kristeleg ungdomsarbeidar, politikar og mellom anna informasjonsmedarbeidar i Oslo kommune. Ho var ein idrettsutøvar i verdsklasse, og ein modig pioner for kvinneidrett i fleire greiner. Fyrst og fremst vart ho kjend som skeiselaupar i 1930-åra, mellom anna med tre noregsmeisterskap og eit verdsmeisterskap på merittlista.

Familie, oppvekst og utdanning

Ho var fødd og oppvaksen på småbruket Nordre Toverud i Åsnes i Solør. Foreldra var lærar Rasmus Blikken (1872-1961) og Petra (Petrine Marta) fødd Bjørnaset (1871-1970). Faren kom frå ein husmannsplass i Skjåk i Gudbrandsdalen, mora var oppvaksen på ein gard i nærleiken av Volda. Undis var den yngste av fem sysken. Ho var ugift.

Skulegangen ut over folkeskulen er dårleg belyst i gjennomgådde kjelder. I ein notis i Aftenposten 1962 står det at ho hadde handelsskule og artium.

Samfunnsengasjement og yrkeskarriere

Undis Blikken var personleg sterkt kristeleg engasjert. I nokre år like etter krigen reiste ho omkring i heile landet som predikant og ungdomsarbeidar for indremisjonen.

På byrjinga av 1950-talet var ho tilsett i Reisetrafikkforeningen for Oslo og Omegn, deretter styrar for Reiseopplysningskontoret. I 1962 vart ho av Oslo formannskap tilsett som leiar for det da nyskipa Veilednings- og opplysningskontoret i Oslo Rådhus.

Blikken var politisk engasjert i Venstre, og representerte partiet i Oslo bystyre. Ho stilte også til stortingsval, på Venstres liste for Hedmark i 1945 og for Oslo 1957 og 1961. Ho nådde ikkje fram til stortingsplass ved noko av vala.

Idrettsprestasjonane

Som skeiselaupar vann Undis Blikken tre noregsmeisterskap (1934, 1936 og 1938). Ho var vinnar i det uoffisielle verdsmeisterskapet på Frogner i Oslo 1934, der ho sette verdsrekord på 1500-meter. Ho representerte Åsnes idrettslag 1929/30-1932/33 of Oslo skøytekubb 1933/34-1945/46.

Blikken og to andre kvinner fra Oslo skøyteklubb – Synnøve Lie og Laila Schou Nilsen – har mykje av æra for at lengdeløp fekk gjennombrot også som kvinneidrett.

Dei personlege rekordane til Undis Blikken i skeiselaup var:

  • 500 m – 48,2
  • 1000 m – 1.44,4
  • 1500 m – 2.39,1
  • 3000 m – 5.54,7
  • 5000 m – 9.53,1

Undis Blikken ho tok også premiar i skihopping og sykling, og var også i desse sportsgreinene å rekne som ei foregangskvinne for kvinneidretten.

Kjelder og litteratur

  • Aftenposten 9.2.1962, notis i samband med at Blikken var tilsett som sjef for det kommunale opplysningskontoret.
  • «Undis - skøyter og bibel» portrett i Glåmdalen 4.12.1948.
  • Ættebok for Skjåk band 1 side 105.
  • Wikipedia