Valet til riksforsamlinga i Nordre Bergenhus 1814
Nordre Bergenhus amt skulle velje tre representantar til riksforsamlinga på Eidsvoll som kom saman 10. april 1814.
Valmannsvala
Rundskriva frå regent Kristian Fredrik 19. februar 1814 gav retningslinene for valet. Kvar «menighed» skulle halde ein bededag der det vart valt to representantar som så skulle kome saman til eit amtsmøte som valde dei tre utsendingane til riksforsamlinga. 20 av prestegjelda heldt bededagar og val fredag 18. mars (Eivindvik 11. mars).
Amtsmøtet i Vik
Alle dei 42 valmennene møtte på amtsmøtet som vart halde på garden Vange i Vik 30. mars. Møtet vart leia av amtmann Herman Gerhard Treschow som kort tid etter fekk avskil og drog til Danmark der han kom frå. Lite har til no vore kjent om kva som hende på møtet ut over resultatet: Dei tre som vart valde som representantar til Eidsvoll, var sorenskrivar Lars Johannes Irgens (Sogndal), sokneprest Niels Nicolay Nielsen (Ytre Holmedal) og gardbrukar Peder Hjermann (Lærdal).
Valmennene
Fullmakta som vart utferda på møtet, inneheld underskrifta til amtmannen og 39 av valmennene. Dei tre valmennene som vart valde til representantar, skreiv ikkje under fullmakta, men er her tekne med som nr. 41-43 på lista. Amtmann Treschow møtte og skreiv under i kraft av embetet og var ikkje vald frå noko prestgjeld.
Underskrift amtsfullmakt inneheld namn og eventuell yrkestittel attgjeve bokstavrett frå amtsfullmakta. Dei andre kolonnene er sette til her. Nummer er den rekkjefølgja dei skreiv under i. Yrke er den tittelen dei stod oppgjevne med i fullmakta frå prestegjeldet. Prestegjeldsnamna er attgjevne i modernisert rettskriving.
Nr | Underskrift amtsfullmakt | Yrke prestegjeldsfullmakt | Prestegjeld | Fødd |
---|---|---|---|---|
1 | Treschow, amtmand | |||
2 | R. Endresen, Foged for Indre og Ytre Sogn | foged | Vik | 1767 |
3 | U. F. Bøyesen, Sognepræst til Leirdals Præstegjeld | sognepræst | Lærdal | 1773 |
4 | Edv. Qvale, Sognepræst i Lyster | sognepræst ridder | Luster | 1766 |
5 | Ole Aabel, Sognepræst | sognepræst | Aurland | 1757 |
6 | Ludv. Daae, Sognepræst | sognepræst | Lavik | 1774 |
7 | Ludvig Daae, Personel Capellan | personel capellan | Leikanger | 1786 |
8 | T. L. Ravn, Forligelses Commissair | handels-mand og proprietair og forligelses comissair | Eid | 1753 |
9 | Tobiesen, Forligelses Comissair | forligelses commissair | Hafslo | 1749 |
10 | Hans Urdahl | lensmand | Luster | 1769 |
11 | Peder Erichsen Otterdahl | gaardbruger og bygselmand | Eid | 1781 |
12 | O. Kaland | gjæstgiver | Askvoll | 1781 |
13 | Peder Jenssen Florøen | gaardbruger | Kinn | 1780 |
14 | Peder Abrahamsen | gaardbruger | Kinn | 1778 |
15 | Wilum Jansen Wilnes | bondemand | Askvoll | 1774 |
16 | Joen Tollevsen Høydal | gaardmand | Aurland | 1783 |
17 | R. Kirkhorn | lensmand | Innvik | 1765 |
18 | Lasse Abrahamsen Opeim | bondemand | Innvik | 1764 |
19 | Anders Pederssen Ottren | bondemand og gaardbruger | Davik | 1764 |
20 | Marttins Pedersen Levdhal | bondemand og gaardbruger | Davik | 1769 |
21 | Ingebrigt Hanssen Hals | gaardbruger | Selje | 1745 |
22 | Christen Waldemarsen Barmmen | gaardbruger | Selje | 1777 |
23 | Mathias Mortensen Flogeness | gaardmand | Førde | 1773 |
24 | Ole Iversen Gravdahl | gaardmand | Førde | 1759 |
25 | Seffen Thorsen Biercheloe | (ingen) | Gloppen | 1779 |
26 | Jetmund Larssen Ryg | (ingen) | Gloppen | 1758 |
27 | Johannes Erichsen Nedrebøe | forligelses commissair | Jølster | 1764 |
28 | Ole Nielssen Huus | gaardmand | Jølster | 1757 |
29 | Lasse Johannessen Hægejm | bonde | Ytre Holmedal | 1759 |
30 | Lars Arnessøn Grow | bondemand | Hafslo | 1774 |
31 | Marchus Anfindssøn Hovland | gaardmand | Leikanger | 1763 |
32 | Tøger Larssøn Kronen | (ingen) | Jostedalen | 1774 |
33 | Ole Rognaldssøn Hopperstad | gaardmand | Vik | 1761 |
34 | Ole Olssøn Torvesetter | (ingen) | Indre Holmedal | 1777 |
35 | Rasmus Larssøn Faaberg | (ingen) | Jostedalen | 1777 |
36 | Mads Olssøn Grønhoug | (ingen) | Indre Holmedal | 1764 |
37 | Lars Iversen Westrem | lehnsmand | Sogndal | 1749 |
38 | Mons Anderssen Netteland | (ingen) | Eivindvik | 1784 |
39 | Lasse Hermundsen Breche | (ingen) | Eivindvik | 1759 |
40 | Anders Torchildsen Ringerejde | lensmand | Lavik | 1761 |
41 | Herr cancellieraad og sorenskriver Lars Johannes Irgens | sorenskriver | Sogndal | 1775 |
42 | Sognepræsten til yttre Holmedahls Præstegjeld Nr. Nicolay Nielsen | sognepræst | Ytre Holmedal | 1777 |
43 | Gaardbruger Peder Hjermand | gaardbruger | Lærdal | 1754 |
Dei tre siste (41-43) vart valde som representantar til riksforsamlinga og stod ikkje som underskrivarar på fullmakta.
Referansar
Kjelder
- Stortingsval i Sogn og Fjordane (liste)
- Fullmakter til Riksforsamlinga, skanna originalar (Digitalarkivet)
- Riksforsamlingens forhandlinger, 2den Del Adresser og Fuldmagter, Kristiania 1914, side 41-66 (Digital utgåve, NBdigital)