Uskjo (Sandnes gnr. 96/1)
| Uskjo | |
|---|---|
| Stad: | Usken |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 96 |
| Bnr: | 1 |
| Type: | gardsbruk |
Uskjo (Sandnes gnr. 96/1) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 32/1. Gammalt matrikkelnr. 12 og løpenr. 47.
Brukarar
Ola Endresen,
født 1826. Son til Endre Svensen Riska (Riska-29).
Ola dreiv sannsynlegvis garden frå han gifta seg. I kyrkjeboka kallest han for "Gaardmand" i 1858 og "Gaardbruger" i 1860. Han fekk skjøte på gardsbruket frå svigerfaren i 1861 og her budde han til 1878. Då selde han.
Gift i 1857 med Berta Nilsdtr., født 1832, dotter til Nils Jonsen Uskjo (nr 22).
Barn:
- Berta Johanna, født 1858
- Nils, født 1860, død 1872
- Endre, født 1863
- Jon, født 1865, død liten (?)
- Ane Elisabet, født 1867
- Jon,født 1869
- Elen Maria, født 1870, gift i 1896 med Severin Pedersen, landhandlar og bonde på Solbakk i Strand
- Nils, født 1873
- Berta Olena, født 1876.
Bilde side 35
Bruksnummer 1 på Uskjo rett etter år 1900. Til høgre sit enkja Olufine med døtrene Anna til ven for seg og Berta til høgre. Dei andrefolka er ukjende.
Gabriel Samuelsen,
født 1847, død 1895. Son til Samuel Jonsen, husmann i Heia under Hommarsåk (Garden Hommarsåk-35).
Gabriel var kokk i 1865 og han var både til sjøs og også på Lofotfiske (sml at han fann seg kone i Nord-Norge). Den fyrste tida etter han gifta seg budde han i Rennesøy (nemnt der i 1877). Han kjøpte dette gardsbruket i Uskjo i 1878 og budde sidan her til han døydde. I tillegg til å driva garden var han fiskar.
Gift med Olufine Olsdtr. Strøm, født 1851, død 1943, dotter til Ole Michael Paulsen Strøm, styrmann, budde i Hadsel i Vesterålen. Då garden blei seld i 1908 reiste ho med dottera Anna til Austlandet.
Barn:
- Olaf Berdin, født 1877, tømmermann, budde ei stund på Hommersåk, sidan i Stavanger, gift med Stina Sivertsdtr.
- Berta Sofia, født 1881, gift i 1907 med Sigurd Bendiksen, bakar, budde i Stavanger
- Ole Gabriel, født 1883, hadde garden etter faren var død (sjå nedanfor)
- Samuel, født 1886, tømmermann, var fyrst ei tid i Amerika, så hadde han gard på Forus. Under krigen hadde han ein eigedom på Skjeret på Høg Jæren der han skar torv og selde. Etterpå hadde han eit gardsbruk på Riska (Riska- 104). Sidan budde han på Madla og i Dusavigå. Gift med Kristine Iversen
- Anna Bergitte, født 1889, gift med Peder Sørnæs, hadde gard fyrst i Lier ved Drammen, sidan på Blaker ved Oslo, arbeidde ved elverk
- Gustav Johan, født 1891, død 1895.
Ole G. Usken,
født 1883, død 1974. Son til Gabriel Samuelsen Usken (sjå ovanfor).
Ole var steinarbeidar, han murte kaiar for Statens Vegvesen. Etter at faren døydde i 1895 dreiv Ole garden til mora selde i 1908. Etterpå handla Ole i Vågjen (sjå Folk i bygda-16). Så budde han ei tid i Stavanger og så i Løbakkjen på Frøyland (Frøyland-70). Frå 1914 var han bureisar i Riskamarka, men han selde der då kona døydde i 1920 (sml Riska-100). Så hadde han eit småbruk på Asparhodl, Hana. Og i 1924 kjøpte han eit gardsbruk nede på Riska (Riska-58).
Gift med 1) 1907 Olava Hogstad, født 1883, død 1920, dotter til Ola Olsen Søra Hogstad (Hogstad-104). Av barna er bare den eldste fødd her:
- Georg Olaus, født 1908
Tønnes J. Malmin
Han var frå Bjerkreim. Tønnes Malmin kjøpte denne garden i 1908 og hadde han til ca 1910. Etterpå hadde han eit gardsbruk på Frøyland i eit par år (Frøyland-82), og så på Riska (Riska-86).
Gift med Hanna.
Johan Arnt Sundvor,
født 1873[1], død 1958. Son til Per Gyland og Kari, fødd Sundvor. Han hadde fyrst gard i Bjerkreim. Så her i Uskjo ei tid, ca 1910-1911. Etterpå hadde han gard på Jødestad (Jødestad-24), så på Austrått og til slutt på Høiland i Ogna[2].
Gift med Tabitta Sundvor, født 1884, død 1946, dotter til Anders Sundvor i Bjerkreim.
Barn:
- Kristine, født 1899
- Palmer, født 1901
- Anders, født 1905
- Siri, født 1907
- Arne, født 1909, død 1961.
Mathias Clausen Høie.
Han var frå Stavanger. Høie hadde vore seglskuteskipper. Han dreiv garden i Uskjo frå 1911 til 1917. I denne tida blei Riskafjord-selskapet stifta, og han var formann i styret. Sidan budde han i Stavanger igjen. Kona hans var syster til Omund Vik, statsråd, sidan fylkesmann i Møre og Romsdal.
Barn:
- Sverre
- Mathias
- Claus
- Irma
- Maria
- dotter
Karl Olsen,
født 1880, død 1957. Son til Daniel Olsen, Stavanger.
Han var blikk- og kopparslagarmeister og dreiv verkstad i Stavanger. Denne garden i Uskjo hadde han i 1917. Sidan kjøpte han skrivargarden på Ogna, der han også dreiv sementvarefabrikk[3]. Til slutt flytta han tilbake til Stavanger og tok opp igjen det gamle yrket.
Gift med Malena Grødem, født 1888, dotter til Halvor Kristoffersen Grødem i Strand. Dei eldste barna deira var:
- Daniel, født 1915
- Asta Karina, født 1917
Peder Sedberg,
født 1880.
Han var frå Strand. Peder Sedberg hadde garden i Uskjo etter Karl Olsen. Han er nemnt her i 1918, men selde allerede i 1920. Sidan reiste han som agent og selde landbruksmaskinar.
Gift med Hanna Helland, født 1881.
Barn:
- Herman Paulus, født 1918
Gustav Nervik.
Han hadde hatt svært mange gardar. Denne garden i Uskjo hadde han 1920-1922.
Georg Idsal,
født 1880. Son til Gunnar Ivarsen Idsal i Strand.
Han var fiskar og dreiv med nøter. Denne garden i Uskjo kjøpte han i 1922 og budde her i tjue år. Han selde i 1942 då han overtok garden broren hadde på Idsal. Gift med 1922 Agnes Karlsson, født 1903, dotter til Victor Karlsson, ein svensk anleggsarbeidar som budde på Idse.
Barn:
- Gunnar, født 1923, bonde på Idsal, ikkje gift. Han tok sidan denne garden i Uskjo igjen på odel og selde han til mostermannen Konrad Usken i 1949
- Borgny, føft 1925, gift i 1949 med Sveinung P. Idsøe, bonde på Idsal.
Planteskuleeigar Thoralf Bryne[4] i Stavanger eigde dette gardsbruket i åra 1942-1949.
Konrad Usken,
født 1892[5], død 1967. Son til Ane Bergitte Usken (nr 84).
Konrad dreiv fyrst garden til mora (sml nr 85). I 1949 kjøpte han dette gardsbruket av systerson til kona.
Gift i 1931 med Anna Karlsson, født 1902, dotter til Victor Karlsson, svensk anleggsarbeidar, budde på Idse.
Barn:
- Waldemar Arne, født 1936, hadde dette gards bruket etter faren (sjå nedanfor)
- Karl Andreas, født 1939, overtok gardsbruket som fastera hadde (nr 87), Gift med Ellen Undem.
Waldemar Usken,
født 1936, død 1973. Son til Konrad Usken (så ovanfor). Han budde i Uskjo, slakteriarbeidar. Waldemar hadde dette gardsbruket etter faren.
Gift med Liv, født 1942, ho er frå Stavanger.
Barn:
- Anne Kate, født 1962
- Børge, født 1964.
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 226-227 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 1-2 i Digitalarkivet
- Norges bebyggelse. Utg. Norsk faglitteratur. Oslo. 1958. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Referansar
- ↑ Johan Arnt Sundvor i Historisk befolkningsregister
- ↑ Hå g.o.æ. bind III Ogna, s 75, nr 37
- ↑ Hå g.o.æ. bind 111 Ogna, s 91, nr 40
- ↑ Thoralf Bryne i Historisk befolkningsregister
- ↑ Konrad Usken i Historisk befolkningsregister