Ånund Drengsson Mosdøl (1878–1904)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ånund Drengsson Mosdøl (1878-1904) fotografert i Kristiansand dagen før han la ut på sin siste ferd.
Foto: Ukjent (1904).
Ånund Drengsson vaks opp på Lunden i Bykle. Stoga var delt mellom Lunden og Berget, dei to delane av det eldre bruket Neire Mosdøl. Mannen ved kjerra er eldstebroren Hallvard Drengsson Mosdøl.
Foto: August Abrahamsson (1900–1910).

Ånund Drengsson Mosdøl (fødd 3. oktober 1878 i Bykle, død 28. juni 1904 ved Rockall) var gardbrukarson frå Bykle, og la i juni 1904 ut på ferda mot USA med DS «Norge». Han var ein av dei 628 som omkom då skipet gjekk på grunn ved Rockall nær Hebridane.

Han var son av gardbrukar Dreng Hallvardsson Tveiten (1830–1906) og Gunhild Taraldsdotter Mosdøl (1832–1896). Dei fekk elleve born, fire gutar og sju jenter, og Ånund var den yngste. To av systrene døydde tidleg, så han vaks opp i ein syskenflokk på ni på Lunden, eitt av bruka på Mosdøl.

Systera Birgit Drengsdotter (f. 1856) og mannen hennar Olav Knutsson Nesland (f. 1851) reiste i 1900 til Amerika og slo seg ned i Spruce Grove Township i Minnesota. Same året drog òg systera Tore Drengsdotter og mannen Olav Andresson Byklum (f. 1873), og etter ei tid i Nord-Dakota endte dei opp i Benville Township i Minnesota. Både Spruce Town og Benville var i Beltrami County.

I folketeljinga 1900 finn vi Ånund Drengsson på Lunden. Han står som gardeigar, men hadde leigd bort garden og tente i staden. Eldstebroren Hallvard Drengsson Mosdøl (1854–1921) var gardbrukar på Lunden, og ellers finn vi faren som var enkjemann og budde der i foddog, systera Gunhild Drengsdotter (f. 1861) og to døtrer av Hallvard Drengsson.

Ånund Drengsson fekk i 1904 ein «prepaid ticket», og dei fekk ein gjerne frå ein slektning som hadde reist over tidlegare. I emigrantprotokollen står det at målet var Nord-Dakota,[1] så det var kanskje Tore og Olav som hadde sendt billetten, sidan dei budde der ei tid. Den siste dagen på Lunden skrev han nokre liner under lokket på ei kiste på Lunden: «Aanund Drengson Mosdøl, Fød 3 okt. 1878. O Gud at de dager var gått at eg fekk kome igjen. Skriva den 21. juni 1904. Gud velsigne eder alle sammen. Gud hjelpe meg til på min vandring».

DS «Norge» la ut frå Kristiansand den 25. juni 1904. Dagen føre vart Ånund Drengsson fotografert. Som så mange andre utvandrarar fekk han lagt at eit bilete i gamlelandet, truleg det einaste som finst av han. På vegen over var det eitt kritisk punkt, med klippa Rockall utafor Hebridane. I tett tåke feilberekna kapteinen kursen, og emigrantskipet gjekk rett på klippa og sank på mindre enn ein halvtime. Det var ikkje livbåtar til alle dei 795 om bord – dette var åtte år før «Titanic» gjekk ned, og det kom krav om livbåtar til alle. 628 miste livet, av dei 224 nordmenn – og ein av dei var altså Ånund Drengsson Mosdøl.

Referansar

  1. Aannon Drengsen Mastøl i Emigranter over Kristiansand 1873-1930 fra Digitalarkivet.

Litteratur og kjelder