Årnes brygge (veg i Sauherad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vegen Årnes brygge
Foto: Roy Olsen (2017).

Årnes brygge er ein veg på Årnes i Midt-Telemark kommune som går i ei stor boge aust- og nordover frå Strannavegen og tilbake til same veg 800 meter lenger nord. Han er drygt 1,6 kilometer lang og er utan fast dekke.

I 1999 blei vegen namnsett som Bryggevegen, men da det var ein veg med same namn på Hjuksebø, vedtok kommunen i 2009 å endre vegnamnet på Årnes til Årnes brygge.

Årnes brygge ligg ved Norsjø og var ein viktig anløpsstad for båttrafikken på Telemarkskanalen og Norsjø. Her har det mellom anna vore gjesgiveri, hotell, poståpneri og butikk. Åra mellom 1890 og 1910 var høgdepunktet for aktiviteten på brygga. Det blei frakta korn med lektarar frå brygga og til Skien fram til 1988. Det gamle bryggjemiljøet med fleire hus finst framleis.

Ved vegens nordende ligg det såkalla «fulgetårnet» som blei sett opp i 1993. Dette er ikkje egentlig eit tårn, men ein utsiktsplass under tak som står heilt sør i det freda våtmarksreservatet i Årnesbukta. Frå fugletårnet har ein godt utsyn over reservatet og bukta.

Kjelder


Koordinater: 59.36383° N 9.18318° Ø