Øystein Klovning
Øystein Klovning (født 22. januar 1965 i Bergen) er teolog. Han var tidligare prest i Den norske kyrkja.
Klovning vart cand.theol. ved Menighetsfakultetet i 1992. I 1994 vart han ordinert til teneste som sokneprest i Hattfjelldal. Frå september 1996 til juli 1997 var han kapellan i Lurøy prestegjeld, før han vende attende til stillinga som sokneprest i Hattfjelldal.
Han fråtrådte stillinga 1. oktober 2000, og vart då etter eige ynskje løyst fra ordinasjonsløftet. Årsaken til at han slutta som prest, var at ein homofilt sambuande mann hadde blitt tilsatt som prest i Oslo.
Kilder
- Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Utg. Verbum. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Sørhaug, Olaf Kjell Træna kirke gjennom tidene, Sørhaug forlag 2020, ISBN 978-82-997965-8-3
Artikkelen Øystein Klovning er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |