1814 på 24 timar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

1814 på 24 timar var ein sakte-TV-sending frå NRK i samband med 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014. Det vart sendt på NRK2 fra 9. mai kl. 18 til 10. mai kl. 18, og var ein del av NRK sin markering av jubileumsåret. NRK sine programleiarar var Torkild Jemterud og Rebecca Nedregotten Strand.

1814 på 24 timar var eigentleg eit foredragsmaraton i Eidsvollsbygningen, som var ope for alle som ville høyre på. I seksten bolker tok det for seg ei rekkje sider ved historia om Grunnlova. Rundt femti forskarar – historikarar, statsvitarar, juristar og andre – tok del i prosjektet.

Dei seksten bolkane var:

  1. «1814 på 24 timer»: Innleiing.
  2. «Opplysningstida»: Om ideane som låg bak Grunnlova.
  3. «Realhistorie om einskapsstaten»: Om dansketida, Napoleonskrigane, naudsåra og kaperfart.
  4. «Konstitusjonar»: Om inspirasjon til Grunlova frå andre land sine konstitusjonar.
  5. «Regionane og valprosessane»: Om valet til Riksforsamlinga.
  6. «112 Eidsvollsmenn på 112 minutt»: Om eidsvollsmennene. Ved underdirektør i Riksarkivet Eli Fure.
  7. «Ytre og indre press»: Om stormaktspillet fra Storbritannia og Russland, og om samar og kvener.
  8. «Lord Greys tale»: Om den britiske lorden sin tale for Noreg si sak i overhuset 10. mai 1814.
  9. «Restaurering av Eidsvollsbygningen»: Om det store restaureringsprosjektet fram mot 2014.
  10. «Sommar og haust 1814 – krig og fred»: Om krigen mot Sverige 1814 og Mossekonvensjonen.
  11. «Minoritetar og menneskerettar»: Om jødeparagrafen og andre menneskerettsspørsmål i Grunnlova.
  12. «Kvinnene si rolle»: Om kvinner sin kamp for likestilling etter 1814.
  13. «Dagens dilemma»: Om Grunnlova og demokratiet i Noreg i dag.
  14. «Feiringar»: Om feiringa av grunnlovsdagen.
  15. «Finaleforedrag»: Om Grunnlova gjennom 200 år. Ved rettshistorikar Dag Michalsen.

Sendinga vart avslutta slik dei gjorde i 1814, med «broderkjede» i Rikssalen.

Heile sendinga er lagt ut på NRK Nett-TV.

Litteratur og kjelder