Abel Cathrine Amundson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Abel Cathrine Amundson. Bilete frå boka The first chapter of Norwegian immigration av sonen Rasmus B. Anderson.

Abel Cathrine Amundson (født 8. oktober 1809 i Sandeid i Vindafjord, død 31. oktober 1885 i Northwood, Iowa) var gardkone og utvandrar. Ho og ektemannen var mellom dei fyrste utvandrarane til USA frå Norge, berre eit drygt tiår etter pionerane på sluppen «Restauration». Dei budde i fleire av dei norske nybyggjarkoloniane i Midtvesten i 1830- og 1840-åra.

Tidleg liv

Abel Cathrine von Krogh vart født i Sandeid, og var dotter av løytnant Bernhard Arnold von Krogh og kona Cecilie Sophie Møller.[1] Faren høyrte til ei grein av slekta von Krogh som hadde seti på garden Hogganvik i fleire generasjonar, og ifølgje sonen Rasmus B. Anderson hadde mora óg anar i von Krogh-slekta.

Abel Cathrine vart gift i juli 1831 med Bjørn Anderson Kvelve (1802-1850) frå garden Kvelve i Vikedal, no Vindafjord. Bjørn var av bondeætt, og var attpåtil sympatisk til kvekarane, så giftemålet vart ikkje teki godt imot hos far hennar.

Over dammen

I 1830-åra var utvandringa til USA så smått i gang, ikkje minst blant haugianarar og kvekarar, som ikkje passa inn i truslandskapet i Norge på den tida. I 1825 hadde eit følgje på litt over femti personer dregi over i sluppen «Restauration», mellom dei fleire kvekarar. Det er sannsynleg at Abel og Bjørn hadde kontakt med dei, og iallfall heilt sikkert at dei visste om dei.

Dei utvandra til Amerika med skipet «Norden», som forlet Stavanger fyrste onsdagen etter pinse i 1836. Med om bord var og dei to fyrste sønene deira, Andrew og Bruun. 12. juli 1836 kom dei fram til New York, og dei drog derfrå til Rochester, der dei budde eitt år hos Lars Larsen Geilane og familien hans. Mens dei budde her, arbeidde ektemannen Bjørn som bøkkar, og fekk oppnamnet «Tøndebjørn».[2]

Mot vest

Sonen Rasmus B. Anderson var født i Albion, Wisconsin. Han vart professor i skandinavisk ved universitetet i Madison i 1875. Bilete frå hans eiga bok The first chapter of Norwegian immigration.

I 1837 drog Abel og Bjørn frå Rochester til Mission i LaSalle County, Illinois. Dette området, også ofte kalla Fox River etter elva som renn gjennom det, var på denne tida reisemål for mange norske innvandrarar, og mange av sluppefolket frå 1825 hadde no funni vegen hit. Dei vart verande her i fire år, og budde ulike stader, det fyrste halve året budde dei hos Carrie Nelson (Kari Hauge), systera hans Cleng Peerson.

Våren 1841 flytta dei vidare til ein ny koloni ved Koshkonong-sjøen, ein stad som i dag heiter Albion i Dane County. Dei skal ha vori det fyrste paret som busette seg her. Ifølgje sonen Rasmus B. Anderson, som vart født her i 1846, var dei fyrste åra her prega av lite pengar og mykje arbeid. Bjørn pleide å ta med seg det vesle overskuddet garden gav dei, på okseryggen til Milwaukee, der han bytte til seg andre varer. I løpet av 1840-åra hadde dei komi seg, og hadde utvida garden frå 120 acres med upløyd mark til 230 acres med dyrka mark, som tilsvarar om lag 920 mål.[3]

Ektemannen Bjørn og sonen Bruun døydde båe i ein koleraepidemi i august 1850. Etter at ektemannen døydde, fekk Abel Cathrine alle barna med unntak av eldstesonen døypt av en dansk metodistprest, men seinare vart ho medlem av den lutherske kyrkja i Dane County. Ho gifta seg på nytt i 1854 med Bright Amundson frå Stavanger, og dei levde saman fram til han døydde i 1861.[4]

Dei siste atten åra av livet budde Abel Cathrine Amundson hos dottera Dina i Iowa, og ho døydde der den 31. oktober 1885. Fem dagar seinare, den 5. november, vart ho gravlagt i Koshkonong, Wisconsin.

Etterslekt

Eldstesonen Arnold Andrew Anderson var født heime i Norge. Han vart gardbrukar i Goodhue County, Minnesota. To av systrene hans vart óg gift hit. Bilete frå boka The first chapter of Norwegian immigration av broren Rasmus B. Anderson.

Abel Cathrine fekk ti born med Bjørn Anderson, åtte av dei vart vaksne:[5]

  1. Arnold Andrew Anderson, født 9. april 1832 i Norge, vart gardbrukar i Goodhue County, Minnesota.
  2. Augustinus Meldahl Bruun Anderson, født i Norge, død 6. august 1850 av kolera.
  3. Ei dotter, født/død 1836/1837.
  4. Elisabeth Anderson, født 1837 i LaSalle County, Illinois, gift med Hans Danielson, gardbrukar i Goodhue County, Minnesota.
  5. Cecelia Anderson, født 1840 i LaSalle County, gift med Rev. S. S. Reque, til Spring Grove, Minnesota.
  6. Martha Anderson, født 1841 i Albion, gift med Lewis Johnson frå Danmark, til Goodhue County, Minnesota.
  7. Dina Anderson, født 1843 i Albion, gift med Rev. T. A. Torgerson, til Worth County, Iowa.
  8. Rasmus B. Anderson, 1846-1936, født i Albion, 1875 professor i skandinavisk ved universitetet i Madison, Wisconsin.
  9. Abel B. Anderson, født 1847 i Albion, prest og professor i Montevideo, Minnesota.
  10. Bernt Augustinus Bruun Anderson, født 1851 i Albion, handelsmann i Spring Grove, Minnesota.

Fotnoter

  1. Foreldra er nemnt i Heimar og folk i Vikedal, side 652.
  2. Anderson, side 43-44, 159-160.
  3. Anderson, side 162-163.
  4. Anderson, side 164-165.
  5. Anderson, side 163-164.

Litteratur

  • Anderson, Rasmus B.: The first chapter of Norwegian immigration (1821-1840) : with an introduction on the services rendered by the Scandinavians to the world and to America. Utg. R.B. Anderson, Madison, Wisconsin, 1896. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Heimar og folk i Vikedal, band 1: Vikedalsosen og Hogganvik. Red. Kari G. Hempel, Arne Langhelle og Nils Olav Østrem. Utg. Fagbokforlaget, 2019. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder