Anders Jensson Fåberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Jensson Fåberg (fødd kring 1633, død kring 1700) var truleg frå garden Mjølver i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Anders vart gardbrukar og leiglending på Nedre Fåberg i Jostedalen. Han fekk hand om ein del av bruket kring 1665 og resten av bruket eit par år seinare. To tredelar av bruket let han så frå seg kring 1682 medan han dreiv den siste tredelen så lenge han levde.

Anders må ha vore ein framståande mann i Jostedalen og overtok ombodet som kyrkjeombodsmann etter presten Tøger Jensson i 1670. Han vart i 1674 avløyst av prestesonen Hans Ottoson Ravn.

Han gifte seg kring 1665 med Guri frå Hellegård, og tre born er kjende etter dei:

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 691. (Digital utgåve, NBdigital)