Anders Reitan (1826–1872)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Anders Jørgensen Reitan (fødd på Reitan i Ålen 26. juli 1826, død i Oslo 30. august 1872) var skulelærar og folkeopplysningsmann, diktar og stortingsrepresentant. Han var sterkt påverka av grundtvigianismen. Som diktar blir han hugsa for songane «Maalet hennar mor» og «Bondestanden er mig kjær», som i ettertid vart mykje brukt i folkeskulen, og i norskdoms- og bonderørsla

Bakgrunn og familie

Foreldra var gardbrukarparet Jørgen Pedersen Reitan og Kari Jonsdotter Kurås. Faren var stiger ved Ålens koparverk. Han kom frå Rugelsjøen og kjøpte ein av Reitangardane i Ålen. Anders var den yngste av seks born. Foreldra var «sers vyrde folk, evnerike og dugande» skriv O.T.Hagen om dei i bygdeboka for Kvikne. Dei var båe musikalske, faren spela fele, og mora var glad i å syngje.

Anders Reitan var gift med Margrete Taraldsdotter Gjære (1828–1918), også ho frå Ålen. Ho var dotter til gardbrukarparet Tarald Jonsen Gjære og Berit Nord-Aune. Dei fekk ni born. To av dei døde som småborn.

Seminar, lærargjerning og samfunnsengasjement

Hausten 1846 byrja Anders Reitan ved Klæbu seminar, og tok lærareksamen i 1848. Klæbu seminar hadde eit sterkt grundtvigiansk miljø i lærarkollegiet. Særleg innverknad fekk religionslæraraen Fredrik Wexelsen på Reitan i så måte. Lærargjerninga tok til med eit engasjement som huslærar i Tolga. Deretter var han i sju år omgangsskulelærar i Horg i nåverande Melhus kommune. Frå 1853 var han lærar og kyrkjesongar i Kvikne i nåverande Tynset kommune. Der vart han verande livet ut.

Reitan dreiv eit utstrekt folkeopplysningsarbeid også utanom lærarstillinga. Allereie i Horg heldt han på privat basis skule for vaksen ungdom. Etter at han tok til i Kvikne, heldt han privatskule i heimbygda Ålen på sommarstid. Reitan ivra for fysisk fostring av ungdomen, noko han openbert såg i nær samanheng med forsvarssaka. Han innførte gymnastikk og eksesrsis som del av undervisninga. Eksersisen vart utført med øvingsgevær av tre. Iallfall eksersisen var naturlegvis berre for gutane. Det framgår ikkje av gjennomgådde kjelder om jentene i skulen fekk noko tilbod om kroppsøving. Reitan fekk skipa skiforeining og skyttarlag i bygda.

Fråhald. Målsak. Landboforening, fiskeoppdrett.

Stortingsmann

I 1871 vart han vald til Stortinget, der han var medlem av konstitusjonskomiteen. Han vart permittert frå Stortinget i april 1872, og døydde altså kort tid etterpå.

Diktar og spelemann

I 1866 gav han ut diktsamlinga «Fjeld-Ljom». Han skreiv også salmar og gav ut songbøker til bruk for fråhaldslag og for ungdomen. Han var sterkt oppteken av song og musikk. Sjølv spela han fele, og han dreiv med innsamling av folkemusikk, som seinare vart utgjeve av sonen av Anders Haugen.

Kjelder og litteratur