Andreas Berge

Andreas Berge (fødd 2. mars 1886, død 19. juni 1960) var fotograf i Herøy i Møre og Romsdal.

Han var son av Andreas Johannesson Berge (1847-1928) og Nikoline Jensdotter Flusund (1846-1927). Han vart i 1922 gift med Mathilde Annaniasdotter Rovde (1887-1971).

Berge var i fotograflære hjå Margit Siem i Straumen, Herøy og hjå Isak Isaksen HellebustNordfjordeid. Starta eigen fotografforretning på heimstaden i 1905 og reiste mykje rundt og fotograferte. Han var aktiv fram til 1950. Det første mørkerommet var ein gamal potetkjellar, og skikkelig atelier fekk han ikkje før i 1908. Det finst ei samling negativ etter ham på private hender, men det vart arbeida for å få samlinga til Herøy Sogelag.

Barnebarnet Magnar Hjertenæs, som er førstelektor ved Høgskulen i Volda, har over fleire år digitalisert og registrert om lag 9000 bilete etter Andreas Berge. Om lag 200 av dei er med i boka Horisonten til vegger og himmelen til tak : fotograf A. Berge frå Herøy (1886–1960), som han gav ut i 2017.

Litteratur og kjelder

  • Andreas Berge i Historisk befolkningsregister.
  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Andreas Berge på Digitalt museum.
  • Andreas Berge på KulturNav
  • Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjonNettbiblioteket
  • Sunnmørsposten 06.11.1982
  • FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal. Eldre fotografer i Møre og Romsdal. [Database]. 2009.
  • Hjertenæs, Magnar: Horisonten til vegger og himmelen til tak : fotograf A. Berge frå Herøy (1886–1960). 2017.


  Andreas Berge er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!