Andreas Hesjedal (1917–1945)

Andreas Hesjedal (fødd 10. mars 1917 i Naustdal, død 1. september i Florø) mista livet i ei eksplosjonsulukke under oppryddingsarbeidet etter tyskarane.

Major Olav Aalen legg ned krans på minnestøtta for Andreas Hesjedal ved Eikefjord kyrkje.
Foto: Brynjar Svardal

Familie

Han vart fødd i Naustdal, som son av Lyder Olai Vilhelm Hesjedal og Anna Maria Bertia f. Helle.

Andre verdskrigen

Han var med i kampane i Valdres mot tyskarane i 1940. Hesjedal vart i 1945 kalla inn som vaktsoldat i dei norske vaktstyrkane i Florø. Abraham Øvrebotn, som ordna med vaktlista, fortalde at Hesjedal var sett opp i transporten den dagen, men kom tilfeldigvis innom kontoret der ein kjenning frå Eikefjordsdalen også var innom for å be seg fri frå vakttenesta om bord i båten "Hekla". Han måtte reise heim for å utføre noko arbeid. Andreas tilbaud seg då å byte med han. I vaktprotokollen for Heimestyrkane i Florø 1945 står der:

Klokka 15.10 høyrdes ein voldsam eksplosjon. Ved etterrøking synte det seg at det var båten som transporterte sprengstoff frå Moloen for senking som sprang i lufta. Båten sprang i lufta mellom Oddane og Furesund. Sersjant Østby og sersjant Svardal reiste straks til ulukkesstaden. Det var føreåt komme fleire båtar, men ingen fann restar av folket som var med båten. Ulukka kravde 20 menneskeliv: Fangevakt 15332 Hesjedal, ein engelsk sersjant, engelskmennene sin tolk, 10 NS- fangar og 7 tyskarar.

Dagen etter reiste sjefen for heimestyrkane i Florø, Bertel Svardal, til heimen med den tunge bodskapen.

Minnestein

Framfor inngangen til kyrkja i Eikefjord er det sett opp ein minnestein over Andreas Hesjedal. Det var kameratane og ungdomslaget i bygda som reiste minnesteinen, som vart avduka 17. mai 1945. Ola Aarset på Løkkebø fortel at steinen vart funnen 50 meter oppe i urda ved Endestadvatnet mellom Øyra og Eikevika då Statens vegvesen henta stein der til ein mur på Knapstad. Ola var 13 år, og såg på då steinen vart henta ut. Det var ein av lastebilane til vegvesenet som transporterte steinen til Eikefjord, meiner han.

Kvar 17. mai blir det lagt ned krans på minnestøtta og heldt ei minnetale over Andreas Hesjedal.

Kjelder og litteratur