Anne Marie Moland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anne Marie Moland (fødd Vågslid 31. desember 1915 i Vinje, død 2. juli 2023) var budeie, husmor, gardbrukar og sydame, busett i Seljord. Ho vart heile 107 år gamal.

Ho vart født i grenda Vågslid, øvst i Vinje i Telemark, og var dotter av gardbrukar Torjus Eivindsson Vågslid (f. 1868) og Åse Eivindsdotter Vågslid (f. 1872). I 1937 utdanna Anne Marie Vågslid seg ved Tilskjerarakademiet i Skien, der ho lærde å lage mønster og sy klede. Som ganske nyutdanna heldt ho eit saumekurs i Flatdal. Ho var óg budeie på Sæbøtunet i Vinje ei tid.

Rett før andre verdenskrig braut ut, arbeidde ho på Nutheim gjestgivargard. Litt etter frigjeringa, i 1947, gjekk ho på husmorskule i Seljord. I 1948 vart ho gift med Ingvald Moland (1914–1965). Dei dreiv gard saman, men ho vart tidleg enke. Ho vart buande i Flatdal lenge, men mot slutten av livet flytta ho inn på aldersheimen i Seljord.

Ho vart gravlagd frå Flatdal kyrkje den 7. juli 2023.

Kjelder og litteratur


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.