Anne Røise (1888–1983)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravminnet til Røise-familien på Hoff kyrkjegard.
Foto: Inger-Marit Østby (2015).

Anne Røise (fødd 13. mai 1888 i Vang i Valdres, død 4. april 1983 i Østre Toten) var gardkone på Dorslo i Østre Toten. Ho var også engasjert i misjonsarbeid.

Ho var det yngste av dei sju borna til Ole Halldorsson Rudi (1856-1930) og Ingebjørg Ivarsdotter f. Robøle (1849-1927). Familien dreiv garden Røe (gnr. 95/2) i Høre sokn i Vang til 1898, då dei kjøpte Nørre Jøvne (gnr. 88/1) i hovudsoknet.

Rudi-familien flytta rundt 1908 til Toten. Anne var fyrst budeie på garden Holmstad i Skreien, og der møtte ho Helge Røise (1885–1972) frå bruket Røyse. Han var son av Karl Olaussen (1847–1927) og Johanne Beate Røise (1855–1936). Helge og Anne gifta seg 6. april 1911 og flytta til Skattum i Nordlia, som foreldra hennar hadde kjøpt. Ungfolka overtok snart garden, der dei mellom anna sette opp ny låve.

I 1916 kom den meir sentrale eigedomen Dorslo (gnr. 94/24), som låg like ved Hoffkyrkja, for sal. Dei selde Skattum og kjøpte Dorslo, som besto av om lag 130 mål dyrka jord og 50 mål anna areal. Dette var nok til å fø tre hestar og 13 kuer. Då Anne i 1958 fylte 65 år, heitte det i Totens Blad at ekteparet «ved en enestående innsats har gjort [Dorslo] til et mønsterbruk», og «ofte ble arbeidsdagen 20 timer».

Anne og Helge Røise fekk fem born:

  • Karsten (1912–86), gardbrukar og kinosjef
  • Ingeborg (1915–?)
  • Oskar (1916–87), sløydlærar
  • Haldis (1924–?)
  • Arnhild (1926–?)

Sonen Karsten Røise overtok Dorslo etter foreldra i 1961, etter å ha forpakta garden i nokre år. Anne Røise vart nesten 95 år gammal.

Kjelder og litteratur