Avisutklippsbok Strandli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Døme frå den første utklippsboka.
Foto: Skanna av Arnfinn Kjelland 2017

Avisutklippsbok Strandli er eigentleg ei samling av __ slike utklippsbøker frå bustaden Strandli i Lesjaskog sentrum. Arbeidet med å klippe ut interessante avisinnslag og lime disse inn i bøkene ble utført av dei siste som budde fast i Strandli, Astrid Mølmen (1896-1988) og sonen Helge Mølmen (1917-1996).

Den eldste boka startar i 1951, og utklippsbøkene går fram til 1996. Dei er svært innhaldsrike. Det er i alle fall utklipp frå Gudbrandsdølen, Lillehammer Tilskuer, Dagningen (som etter kvart vart samanslegne), Åndalsnes Avis, Driva og Kyrkjebladet for Lesja. Familien hadde òg samla eldre klipp heilt tilbake til tidleg på 1900-talet, som er limt inn i ei eiga bok «Gamle utklipp» (seinare supplert med «Nye utklipp»). I denne boka er mange klipp utan dato. Det eldste daterte er frå 1938, og det nyaste frå 1974. Ein del klipp i denne boka er òg frå under og rett etter krigen, m.a. om Gautsjøulykka, ein del hendingar i 1944 og frå landssvikoppgjeret.

Bøkene er rett nok ikkje komplette, for Astrid og Helge har ikkje teke med alt som har vore skrive. I eit julenummer utan referanse til kva for avis (truleg Gudbrandsdølen) i 1972 er dei intervjua og fortel om samlingsarbeidet. Der fortalde dei at målet var å samle alt som var skrive frå eller om Lesjaskogen; personar med tilknyting, hendingar, stader osv., svært detaljert. Eit utklipp handlar om ein soldat på Jørstadmoen som hadde sett ein bjørn i skogen ovanfor leiren, som det viste seg at var hunden til ein person frå bygda busett på Lillehammer. Det var godt nok til å bli klipt ut og limt inn... Men bøkene inneheld også mykje allment Lesjastoff, mellom anna frå ymse kommunale råd og utval.

Dei vart òg spurt om dei klipte ut alt som var skrive om ungdomsskulestriden, men det hadde dei ikkje gjort. Det var ikkje så interessant for dei kvar skulen skulle ligge sidan dei ikkje hadde barn, og det vart òg skrive mykje «leit» i den saka. Andre tema som eventuelt er utelate er ikkje nemnt, så bøkene inneheld altså ikkje eit komplett oversyn over kva som var skrive om bygda.

Familien til Helge og Astrid har gitt løyve til at utklippsbøkene kan plasserast på biblioteket på Lesjaskog skule.

Referanse