Bekkemo (Bykle gnr 2/88)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bekkemo
Utskilt: 1964
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 88
Type: Bustadeigedom

Bekkemo er ein bustadeigedom på Hovden i Bykle kommune. Tomta har gått ut frå Hovdeplassen, bnr 8, og ligg nedanfor tunet på det bruket, like fyre ein kjem til huset åt Bjørgulv og Gerd Hovden. Det var Edvard og Margit Sommerseth som bygde seg ein heim her i 1964.

Edvard Sommerseth til høgre, Sjur Løyning til venstre. Biletet er teke i tunet på Hovden Der sø sumaren 1973.
Foto: Gerd Fosse Hovden

Edvard Sommerseth, f 1902, d 1978

g m Margit Josefa Einarsen, f 1910, d 1994. Born:
  • Lars, f 1933, snikkar, d 1992, g m Dagrunn Hauga, busett Utskarpen, Rana
  • Elise Helene, f 1935, husmor, g m Anders Henriksen, busett Mo i Rana
  • Gunnar, f 1945, sjømann, verkstadarb., g m Randi Monsen, busett Trondheim

Edvard Sommerseth var reingjetar, medan Margit arbeidde som husmorvikar. Dei flutte til Bykle frå Nesna i Nordland i 1956. I 1976 flutte dei til Utskarpen i Rana, og selde då heimen her til Paul Hovden. Jorunn Hovden, mor hans, budde her ei tid etter dette. Sidan leigde Paul ut huset ei stund, men i 1981 selde han det til Anni Uleberg frå Hornnes, f 1948, eit syskenbarn åt Jon og Kjetil Uleberg. Ho budde på Hovden frå 1969, dreiv Furumo kafe, fyrst åleine i 7 år, og sidan saman med Asbjørg Kaasin (sjå Bjåen, gnr 1, bnr 3) til 1986. Dinest var ho ei tid ved Skisenteret, men i 1988 selde ho huset, og flutte seinare til Oslo.

Kauparen i 1988 var Nils Johannes Evju i Skien, bror åt Anne Breivegen. Han har huset som fritidseigedom.


0941 Bykle komm.png Bekkemo (Bykle gnr 2/88) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Lye • Neste bolk: Fredtun

Koordinater: 59.55584° N 7.34491° Ø