Belglii 17-19 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Belglii 19 (Bykle))
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 17-19
Utskilt: 1987
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 2
Bnr: 485
Type: Bustadseigedom

Belglii 17-19 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette er ein kommunal tomannsbustad frå 1986.

17
  • Britt Clüver, f 1964
g hv m Knut Ingmar Knutsen, f 1960, busett Tvedestrand. Born:
  • Linn, f 1982, hotellutd., p.t. (2004) butikkmedarb.
  • NN (sønn), f. 1985.
  • Gry Thelma, f 1987, p t (2004) under utdaning

Britt er oppvakse på Hovden som dotter åt Gotfred Edvard Olsen og kona, Lillan Clüver. Foreldra åtte og dreiv Hovden fjellstove i perioden 1967 til 1979 (sjå bnr 16). Britt budde i Tvedestrand frå 1979 til 1998, då ho flutte til Hovden for å arbeide på Hovdestøylen hotell. Sidan har ho hatt arbeid fleire stader i turistnæringa, for tida [2004] på Hovden skisenter.

Dertil er ho utlært keramikar, og på denne bakgrunnen engasjert i kunsthandverkssenteret til Ella Uleberg i Hovden Der nede, bnr 1. I 1999 kaupte Britt eit hus i Belglii, bnr 46. I 2004 selde ho det, og året etter flutte ho hit.

19
  • Brigitte Bachmann, f 1927, ug

Brigitte Bachmann er frå Bad Karlshafen i Landkreis Kassel, Hessen, Tyskland. Ho er dotter åt Amalia og Friedrich Bachmann, og kom til Hovden i 1970 for å arbeide hjå broren, Herbert (sjå Setebo bnr 113), som då starta opp serveringsverksemda Triangel Sportell. Herbert drog attende til Tyskland kring 1990, men Birgitte vart verande på Hovden. Friedrich, faren, døydde i 1984, og mora, Amalia, flutte då til Hovden, og budde ilag med dottera til ho døydde 94 år gamal i 1997.


0941 Bykle komm.png Belglii 17-19 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 15 • Neste bolk: Belglii 18

Koordinater: 59.56061° N 7.35966° Ø