Belglii 35 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 35
Utskilt: 1983
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 437
Type: Bustadseigedom

Belglii 35 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Denne heimen ligg heilt øvst i det gamle Stusslifeltet. Karsten Tybring Hansen byrja å byggje her i 1982, og flutte inn året etter.

Karsten Tybring Hansen, f 1949, 2004 busett Øyer.

g hv m Anne Dorte Carlson, f 1960, 2004 busett Trysil, ikkje born.

Anne Dorte er oppvakse i Kristiansand, som dotter åt Else og Carl Ragnar Carlson. Carl Ragnar Carlson bygde Hovden skisenter i 1967, og dreiv den verksemda til 1986, då han overlet drifta til dottera og versonen. Karsten er frå Arendal, og son åt Ole og Inga Hansen. Han var banksjef på Hovden i åra 1981-86, og sidan dagleg leiar for Hovden skisenter 1986-90. I det sistnemnde året flutte han og Anne Dorte til Lillehammer for å arbeide med OL. Då dei drog frå Hovden, selde dei huset til dei som bur her nå:

  • Johannes Væting, f 1954.
sb m Anna Lise Pedersen, f 1958. Born:
  • Nicole, f 1986.
  • Serine, f 1989.

Johannes er frå Birkeland, og son åt Åsvald og Ragnhild Væting. Anna Lise er frå Fredericia, Danmark, og dotter åt Bent og Frida Pedersen. Johannes og Anna Lise har båe budd på Hovden sidan 1970-åra, ho frå 1976. Han arbeider som byggmeister. Ho er sosialleiiar i Bykle kommune. Bent og Frida, foreldra åt Anna Lisa har også budd på Hovden. Dei flutte hit i 2000, og budde fyrst i ei ei av leilighetene i utleigebygget åt Erling Dåsvatn, men flutte sidan til eldretunet på Hovden. Men sidan det er til huset her dei har familietilknyting, fører me dei opp her:

Anna Lise Pedersen.
Foto: Setesdølen
  • Bent Pedersen, f 1932
g m Frida Andersen, f 1937, d 2004. Born:
  • Ellen Marie, f. 1957, kundehandsamar i forlag, busett København, g m Erling, jfr. Fjellgardstun, bnr 20
  • Anna Lise, f 1958, sjå ovanfor
  • Uffe, f 1961, lærar, busett Fredericia, Danmark, sb m Susanne Fredriksen, born:
  • Astrid, f 1998
  • Sigurd, f 2002

Bent er opphavleg frå Over Lerte, Sønderjylland, foreldra hans var Nikolai Pedersen og kona Anna Johanne Christine Petrea. Frida var frå Bekke på Jylland og dotter åt Ellen og Aage Andersen. Bent har bakgrunn som meierist, medan Frida var veverske. Dei budde i Fredericia på Jylland til 1981, då dei flutte til Hønefoss, der han arbeidde i ei industriverksemd. Så flutte dei til Hovden etter at han vart pensjonist.


0941 Bykle komm.png Belglii 35 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 33 • Neste bolk: Belglii 36

Koordinater: 59.5618° N 7.36206° Ø