Berta Barstad

Berta Barstad (født 4. oktober 1867 i Ørsta, død 1938 same stad) var fotograf. Etter å ha gått på Statens håndverks- og industriskole i Kristiania, gjekk ho i fotograflære hos Margrethe Svendsen i Ålesund. Overtok i 1902 det fotograffirmaet som var starta om lag 1870 av P. O. Sørheim og i 1889 overtatt av Paul Mork. Ho dreiv det til 1920, da det vart overtatt av Morks svigersønn Karl Kornberg, som i 1978 framleis dreiv det saman med sonen Lasse Kornberg. Fotograf Olav Lystad, Ørsta, har tatt vare på nokre ganske få av Berta Barstad sine tidlege negativ.

I folketeljinga 1910 står ho oppført som ugift fotograf i Halkjelsvik, no Volda sentrum. Som nemnd tok andre over firmaet i 1920, og i folketeljinga frå det året finn vi ho på Barstad i Ørsta som rentenist.


Kilder


  Berta Barstad er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.