Bjårlii 1 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjårlii 1
Gjerden 70.jpg
Bjårlii 1 pr 30.4.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Bjårlii tomt 19
Rydda: 1992
Utskilt: 1991
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 110
Type: Bustadeigedom
Adresse: Bjårlii

Bjårlii 1 i Bykle vart utskilt frå bnr 106 i 1991, då Harald Tråsdahl kaupte tomta hjå Bykle kommune. Huset her hadde han ferdig året etter.

  • Harald Tråsdahl, f 1961
g hv m Heidi Marita Skipstad, f 1963. Born:
  • Ellen Marie Skipstad, f 1982
  • Anne Therese Skipstad, f 1984

Heidi Skipstad er frå Egersund, og bur i den byen. Der er også døtrene.

Harald er fødd i Målselv, og son åt Jarle og Torunn Tråsdahl. Mor hans er det fortalt noko lite meir om i bolken om Myggbo, bnr 77, og Merete, syster hans, bur i Bjårlii 7, bnr 115 og er omtala der. Han arbeider på vindaugsfabrikken, og kom til Bykle i 1985, han hadde då ikkje huslyd med seg. Han var vore engasjert i fagforeningsarbeid, og representert AP i kommunestyret. Elles har han tenestegjort mykje i FN-styrkane, og vore i Libanon, Bosnia og sist i Kosovo. I Kosovo var han i tre kontraktsperiodar i åra 2001-2003.


0941 Bykle komm.png Bjårlii 1 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjårlii 7 • Neste bolk: Skvåbekk

Koordinater: 59.35510682° N 7.3487689° Ø