Caroline Nelson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Caroline Nelson (født 1789 i Tysvær, død 24. juli 1846 i Illinois) eller Carrie Nelson var ei av pionerane med sluppen Restauration, som reiste frå Stavanger til New York i 1825. Ho var syster av Cleng Peerson, og var ein av dei fyrste norske busetjarane i Fox River-kolonien i Illinois.

Liv

Kari Pedersdotter Hesthammar vart født på garden Hesthammar i Tysvær, og var dotter av Inger Sjursdotter (1744–1814) og Peder Larsson (1755–1841).[1] Her vaks ho opp som den yngste av tre sysken på eit leiglendingsbruk. Eldstebroren hennar var Cleng Peerson, som reiste til USA fyrste gongen i 1821, mens den andre broren, Lars, etter kvart tok over garden.

I 1812 vart Kari gift med Cornelius Nelson Hersdal (1789-1833) på garden Hersdal. Dei vart buande der eit drøyt tiår, fram til broren Cleng hadde funni nye utsikter åt dei på andre sida av «dammen». Kari og Cornelius var kvekarar, og dermed utsett for ei viss mistru frå styresmaktene, og derfor var det nok fristande å reise til eit land der dei kunne utøve trua si fritt. Dermed tok Kari og Cornelius med seg dei fire borna sine, og forlet Stavanger den 4. juli 1825 med sluppen «Restauration». Om bord var 52 personar, mange av dei kvekarar eller haugianarar.

Nybyggjar

Dei kom til New York i oktober 1825, og drog opp til Kendall i upstate New York. Frå no av ser ho ut til å ha kalt seg Caroline eller Carrie Nelson. Dei vart buande her saman med dei aller fleste av sluppefolket frå Restauration, og fekk tre born til her. Desember 1833 døydde Cornelius i Kendall, og tre år seinare tok Carrie med seg borna sine vestover til Mission Township i LaSalle County, Illinois, der bror hennar hadde kjøpt jord åt ho. Her vart ho buande resten av livet, og tok imot fleire nye innvandrarar med stor gjestfridom: Millom anna Abel Cathrine og Bjørn Anderson budde her eit halvt år mens dei var i Illinois.

Carrie Nelson døydde 24. juli 1846.

Etterslekt

Carrie og Cornelius Nelson fekk i alt sju born. Dei fire eldste vart født i Tysvær, dei tre yngste i Kendall:[2]

  1. Susane Ann, 1813-1865, gift fyrste gongen i Kendall med Jerome Lake, andre gongen i Illinois med Levi Lightfoot. Ho fekk ei dotter med fyrste ektemannen, seks born med andre.
  2. Nels, 1816-1893, gardbrukar i Illinois, gift med Catharine Iverson (1826-1906).
  3. Inger, 1819-1896, gift 1836 med John Sylvester Mitchell (1814-1890). Dei budde i Ottawa, Illinois, og fekk fem born.
  4. Martha, 1823-1913, gift med Beach B. Fellows (1821-1893). Dei budde i Mission og Ottawa, Illinois, og fekk seks born.
  5. Sarah Ann, 1827-1896, skulelærar i Fox River. Ho vart gift 1847 med Canute Peterson (Knut Peterson Maurseth), som seinare vart mormonsk biskop i Utah. Dei fekk ni born.
  6. Peter Cornelius, 1830-1904, gift 1850 med Signy Danielsdotter Ache (1833-1874), dei fekk elleve born. Gardbrukar i Illinois, seinare i Larned, Kansas. Dei fekk elleve born.
  7. Amelia, 1833-1854, døydde i Illinois.

Fotnoter

  1. Dybdal-Holthe, side 229.
  2. Basert på Kotlarchik, side 90-92. Sjå óg Anderson, side 94-95.

Litteratur

  • Anderson, Rasmus B.: The first chapter of Norwegian immigration (1821-1840) : with an introduction on the services rendered by the Scandinavians to the world and to America. Utg. R.B. Anderson, Madison, Wisconsin, 1896. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Dybdal-Holthe, Nils: Gard og ætt. Tysvær sokn, band 2 av Tysvær. Utg. Tysvær kommune, 1990. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Kotlarchik, Karen Kindler: Our Norwegian Ancestors of the Fox River Settlement. 2019.