Cecilia Clausen (1901–1993)
Cecilia Maria Nathalia Storebø Clausen (fødd 25. oktober 1901 i Austevoll, død 8. august 1993) var utdanna lærar frå Volda lærarskule i 1927. Ho gjekk og på Garnes handarbeidsskule, gjennomførte handarbeidskurs ved Nordhordland ungdomsskule og gjekk lærarinnekurset ved Statens kvinnelige industriskole i Oslo. Vidare tok ho kurs i røystebruk, og reiste til Nääs i Sverige og gjennomførte kurs i gymnastikk og pappsløyd.
Foreldra var kjøpmann Halvor Olai Storebø (1871-) og Johanne Karie Storebø (1877-1957). Cecilia gifta seg i 1940 med lærar og forfattar Conrad Gudrow Clausen (1902-). Dei hadde tre barn.
Cecilia Clausen jobba i Austevoll i 1929, i tidlegare Sund kommune i noverande Øygarden kommune 1930-1936 og Hetlevik i Askøy kommune frå 1936. Ho var leiar i Hetlevik helselag, og var lærarinnene sin representant i Askøy skulestyre.
Kjelder og litteratur
- Bakke, Karl (red.): Norske skolefolk, Dreyer, 1952. Bind 1, s. 1-709. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Folketeljingane 1910 og 1920.
- Cecilia Clausen i Historisk befolkningsregister.
- Tufteland, Johan (red.): Austevoll sokn. Gard og ætt II. Austevoll 1981. 752 s. Digital versjon på Nettbiblioteket