Den ålesundske hovedveg

Den ålesundske hovedveg strekte seg frå Ålesund over Nørvasundet og viare til Lerstad fram til Rødset og innover Brusdalen via Skodje og til Sjøholt der den møtte den Trondhjemske postvegen frå 1785, som fortsatte over Ørskogfjellet. Vegen vart bygd stykkevis over Uksnøya i åra fram til 1838.

Vegen starta i SteinvågenAspøya og hadde ei lengde på omtrent 38 kilometer. Det var skysskifte på Rødset. Det vart bygd bruer over Hellesundet i Ålesund i 1836, over Dragsundet i 1835 og i 1838 kom den første brua over Nørvasundet.

Vegen avløyste då føringa av post frå Ørskog med båt til futegardane på Sula og prestegarden i Borgund. Amtsmann Hilmar Meincke Krohg la grunnlaget for bygginga av vegen då han i 1827 synfarte strekninga Tysse Ålesund med formål å få bygd ein hovudveg mellom ladestaden Ålesund og Sjøholt.

Då den nye strekninga mellom Tysse og Nørvasund vart opna i 1838 vart samtidig hovudvegen mellom Magerholm og Blindheim nedgradert til bygdeveg.

Litteratur og kjelder