Eldrid Valebjørg Hoprekstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eldrid Valebjørg Hoprekstad (fødd 31. mai 1917 i Bergen, død 25. september 2006 same stad[1]) var filolog og folkeminnesamlar. Ho samla inn materiale frå Vik og kringliggande bygder i Sognefjorden.

Bakgrunn og oppvekst

Barndomsheimen var Laura Gundersens gate 2 på Kronstad i Bergen, der ho vaks opp med tre sysken. Foreldra var den kjende læraren og målmannen Olav Hoprekstad, frå Vik i Sogn, og Signe Valebjørg Hoprekstad, frå Fyresdal i Telemark.[2] Ho fekk løyve frå Justisdepartementet 6. mars 1937 til å ta namnet Valebjørg som andre fornamn (meldt i Norsk Kundgjørelsestidende 10. mars 1937).

Utdanning

Hoprekstad tok examen artium i 1937. Seinare studerte ho i Oslo, der ho tok bifagseksamen i fransk og tysk og hovudfag i norsk. I studietida var ho opptatt av lyrikk og skreiv dikt på mora si dialekt frå Vest-Telemark.[3]

Virke som folkeminnesamlar

I åra 1953–1982 samla Hoprekstad inn minnestoff og historisk materiale frå bygder i Sognefjorden, spesielt Vik. Ho sendte inn materiale til Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo, der ho hadde eit særskilt samarbeid med professor og folkeminnegranskar Olav Bø.[4] I fleire år gjennom 1950– og 1960-talet fekk ho folkeminnestipend frå Universitetet i Oslo, som skulle dekka innsamlingsreiser til Vik og kringliggande bygder.[5][6][7][8][9][10][11] I dag finn ein materiale etter ho i Norsk Folkeminnesamling, men òg i Fylkesarkivet i Vestland, der niesa Signe Hoprekstad leverte inn arkivet hennar i 1999.[4]

I materialet ein finn i Norsk Folkeminnesamling finn ein både skøyte til gamle gardar i Vik og minnestoff. Hoprekstad har intervjua fleire namngitte kjelder, der nokre tema som går igjen er sjukdom og lækjedom hos menneske og dyr, slakt, skikkar knytte til friing, bryllaup og jul, vern mot huldrer og underjordiske, livet på stølen, bakst, vermerke, plantefarging og hesten. Informantane fortel fleire fargerike historier, der eit eksempel er forteljinga om kjøttmeisen:

Om våren kom kjøttmeisen til Indrefjorden, var der om sumaren og yngla, og reiste att seinhaustes. Dei gamle sa då at han reiste avgarde og sette seg på sjøbotnen og sat der heile vinteren. Ein fiskar fekk ein gong angelen sin rundt ei stor buske, og då han drog opp, sat det putrende fullt av kjøttmeiser på buska.[12]

Folkeminna Hoprekstad samla inn har blitt brukt i fleire publikasjonar, mellom anna i For konge og fedreland: Kvinner og menn i norsk krigshverdag 1550-1905 (2006) av Ørnulf Hodne og Nordic Childhoods 1700–1960: From Folk Beliefs to Pippi Longstocking redigert av Reidar Aasgard, Marcia Bunge og Merete Roos. Vik Historielag har òg gitt ut bøker der materialet hennar er brukt, som Segner frå Vik (1998) og Vik Historielag: Årbok 2001.

Referansar

  1. Eldrid Valebjørg Hoprekstad i Døde 1951 - 2014 fra Digitalarkivet
  2. Digitalarkivet, "Kommunal folketeljing 1922 for Bergen kjøpstad: Signe Valebjørg Hoprekstad". URL: https://www.digitalarkivet.no/nn/census/person/pf01065522084397
  3. Knoop, Gerhard, Ingvar Hauge og Øivind Holter, Studentlyrikk. Oslo: Ernst G. Mortensen, 1947. s. 98.
  4. 4,0 4,1 "Folkeminne frå Vik og Luster" s. 32 i: Kjelda: Nytt frå arkivarbeidet i Sogn og Fjordane (1999) Vol. 8 Nr. 4
  5. Universitetet i Oslo, Årsberetning, samt Universitetets matrikkel for 1953/54. Oslo: Universitetsforlaget, 1957. s. 743
  6. Universitetet i Oslo, Årsberetning, samt Universitetets matrikkel for 1955/56. Oslo: Universitetsforlaget, 1959. s. 1012
  7. Universitetet i Oslo, Årsberetning, samt Universitetets matrikkel for 1956/57. Oslo: Universitetsforlaget, 1960. s. 928
  8. Universitetet i Oslo, Årsberetning, samt Universitetets matrikkel for 1957/58. Oslo: Universitetsforlaget, 1961. s. 570
  9. Universitetet i Oslo, Årsberetning, samt Universitetets matrikkel for 1958/59. Oslo: Universitetsforlaget, 1963. s. 924
  10. Universitetet i Oslo, Årsberetning, samt Universitetets matrikkel for 1959/60. Oslo: Universitetsforlaget, 1967. s. 347
  11. Universitetet i Oslo, Årsberetning, samt Universitetets matrikkel for 1960/61. Oslo: Universitetsforlaget, 1973. s. 202
  12. NFS-Hoprekstad: 6 (Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo)

Litteratur og kjelder