Enok Pedersen Gylland (1828–1891)
Enok Pedersen Gylland (fødd 1828 i Horg, død 1891 same staden) var gardbrukar og rokkmakar i Gylland i Horg, no i Melhus kommune.
Han var son av Peder Pedersen Hovin (1804–1891) og Gjertru Enoksdatter Gylland (1806–1889).
I 1852 vart han gift med Eli Jensdatter Gylland (1828–1913). De fekk to born:
- Gjertud Enoksdatter (1853–1914). Gift med Ole Pedersen Løberg.
- |Olaug Enoksdatter (1859–1894). Gift med Anders Pedersen Løberg.
Mora var dotter av husmann og rokkmakar Enok Nilsen Gylland (1770–1832) på Nordre Gyllbakken, og då far hennar døydde i 1832 tok ho og mannen over plassen. Enok Pedersen tok over plassen kring 1856/1857, og i 1857 fekk han skøyte og vart sjølveigar. Som morfaren var han rokkmakar ved sidan av gardsdrifta. Grenda Gylland er kjend for rokkproduksjon.
I 1890 gav han bruket vidare til dottera Gjertrud og svigersonen Ole Pedersen, mot tusen riksdalar og kår. Han døydde allereie året etter, men enka vart nok verande i kår på bruket til ho døydde i 1913.
Litteratur og kjelder
- Enok Pedersen Gylland i Historisk befolkningsregister.
- Haukdal, Jens og Asbjørn Furunes: Busetnad og folkeliv i Horg. 2 : Gard og grend. Utg. Melhus kommune. Melhus. 1985. Digital versjon på Nettbiblioteket.