Förvaltningsområdet för samiska språket
(Omdirigert fra «Förvaltningsområdet för samiska språken»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Förvaltningsområdet för samiska språket i Sverige er ei gruppe av kommunar der samiske språkbrukarar har rett til å bruke språket sitt i visse samanhengar. Dette inkluderer førskule, eldreomsorg og kontakt med kommune og stat. Det finst derimot ikkje nokon rett til samisk som førstespråk og opplæringsspråk i grunnskulen i Sverige. Förvaltningsområdet för samiska språket inkluderer alle svenske kommunar som grensar til Noreg mellom Trysil i Hedmark og Storfjord i Troms. I tillegg er innlandskommunane Östersund, Dorotea, Lycksele, Malå og Arvidsjaur så vel som kystkommunen Umeå inkludert.
Kommuneoversyn
(Merk at nordsamisk blir bruka i tillegg til det historisk lokale språket mange stader.)