Fedrelandspartiet
Fedrelandspartiet var eit politisk parti, som vart stifta 17. mai 1990. Partileiar fram til 1994 var Harald Trefall, han hadde også utarbeidd idégrunnlag, program og vedtekter for partiet. I partiprogrammet frå 1993 stod det blant anna:
"Fedrelandspartiets målsetting er at Norge skal forbli en norsk nasjonalstat, i samsvar med det prinsipp om folkesuvereniteten som ble knesatt på Eidsvoll i 1814. (...) Fedrelandspartiet (...) vil stoppe alle former for folkevandring til Norge.''"
Ungdomsorganisasjonen til partiet var Fedrelandspartiets Ungdom/Fedrelandsungdommen. [1][2]
Partiet vart sletta frå Einingsregisteret 8. januar 2009. [3]
Leiarar
Frå 1994 til 1996 var Odd Even Hårvik partileiar. Deretter kom Trefall igjen inn som leiar fram til 2002, då Arild Kibsgaard overtok. [4]
Representasjon i Rogaland og Hordaland i 1991
Ved kommunevalet i 1991 kom Leiv B. Økland inn i kommunestyret i Karmøy, Trefall vart valt inn i Hordaland fylkesting. [5] Partiet har ikkje vore representert utanom dette.
Andre kandidatar for partiet har mellom anna vore: Jan Høeg (Stortingsvalet 1993)[6], Arne Myrdal (Kommune- og fylkestingsvalet 1995)[7] og Erik Gjems-Onstad (Stortingsvalet 2001)[8].
Referansar
- ↑ https://web.archive.org/web/20010813190054/http://www.fedrelandspartiet.no/html/fun.html
- ↑ http://www.sno.no/files/documents/104773.pdf
- ↑ https://w2.brreg.no/enhet/sok/detalj.jsp?orgnr=981579127
- ↑ https://web.archive.org/web/20051211183456/http://www.fedrelandspartiet.no/html/trefall.asp
- ↑ https://www.nb.no/items/716ff633ca6993b39f58cf4eef8b690c?page=55&searchText=Fedrelandspartiet
- ↑ https://www.ssb.no/a/histstat/nos/nos_c170.pdf#%5B%7B%22num%22%3A460%2C%22gen%22%3A0%7D%2C%7B%22name%22%3A%22XYZ%22%7D%2C0%2C841%2Cnull%5D
- ↑ Gjermund Orrego Bjørndahl (2020): Arne Johannes Myrdal 1935-2007: et liv i kamp
- ↑ https://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/val_2001_sogn_og_fjordane/1205734.html
Eksternt stoff
- Innslag på radio ved stortingsvalet 1993
- Nettsider for partiet (arkivert frå oktober 2007)
|