Harald Trefall

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Harald Trefall (fødd 10. november 1925 i Oslo, død 14. mars 2008 i Bergen) var professor i eksperimentell fysikk og grunnleggjar av Fedrelandspartiet.

Utdanning og arbeid

Trefall vart cand. real ved Universitetet i Bergen i 1951, filosofisk doktorgrad frå Universitetet i Oslo i 1961. I 1954 vart han amanuensis i Bergen, frå 1957 var han dosent i eksperimentell fysikk. Han vart utnemnd til professor i 1964.

Partipolitikk

I 1983 vart Trefall valt inn i bystyret i Bergen for FrP. I løpet av mandatperioden melde han seg ut av partiet, og var uavhengig representant fram til 1987.

17. mai 1990 vart Fedrelandspartiet etablert. Harald Trefall stod bak idègrunnlag, vedtekter og program for partiet, han var også formann fram til 1994. I 1996 gjekk han igjen inn i dette vervet, fram til han gjekk av i 2002.

Anna engasjement

Harald Trefall var formann i Bergens Geofysikeres Forening 1958-1959. I 1987 var han medlem av det første landsstyret for Folkebevegelsen mot innvandring. På 2000-talet var han med i styret for Vestmannalaget i Bergen, noko som fekk Norsk Målungdom til å koma med ei oppmoding om at Trefall burde ekskluderast.

Gravlagt i Fana

Trefall vart gravlagt på Fana kyrkjegard 25. mars 2008.

Kjelder og eksternt stoff