Flyhaugen (Bjorli)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Flyhaugen, Bjorli)
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyhaugen sett frå vestsida av Bøvre. Flyet kom truleg inn austfrå og hamna i elva.
Foto: Arnfinn Kjelland (2020)

Flyhaugen på Bjorli er ein kolle litt aust (lokal retning sør) for Bøvre på omlag 670 moh. Den har namnet sitt etter ei dramatisk hending 27. april 1940, da eit tysk Heinkel 111 bombefly styrta i haugen. Det hadde starta frå tyskokkuperte Ålborg i Danmark om morgonen, og oppdraget var å angripe fiendtlige flyplassen, vegen Åndalsnes - Dombås, militære troppeforsamlingar og transportskip. Dei gjennomførte angrep på det britiske luftvernfartøyet Flamingo utanfor Åndalsnes, men vart der angripe av tre britiske Skua jaragfly. Heinkel-flyet vart treft første gang i flysida og halepartiet av mitraljøseelden, og hadde ha kome inn i Romsdalen. Skua-flyene hang på og skaut til Hienkelen vart kome Bjorli da kapteinen innsåg at flyet var i ferd med å styrte.

Den tyske flykapteinen, Hans Ludwig Steinbach, skreiv i 1980 ein rapport om turen. Om styrten skreiv han ta han tok i bruk ei prosedyre han hadde lært: han styrte flyet mellom to store furutrær for å slå av vingene med bensintankene, for å unngå brann. Det klarte han, dei eine vingen vart flerra av, flyet styrta ned i Bøvre og han og dei tre andre i besteninga klarte å kome seg ut i live. Dei var til dels sterkt skadde og vart tekne til fange av norske soldatar frå Møre infanteriregiment.

Saman med kona besøkte Steinbach Bjorli att i 1985.

Kjelde

  • Mølmen, Øystein (1996): Krigen 1940-45. Eget forlag. Digital versjonNettbiblioteket side 240-42.
  • Nørstegård, Rune (2021): «Krigstid - historie fra Lesjaskog og Bjorli», i Jubileumshefte Dovre og Lesja krigsminnesamling 25 år 1995-2020. DLKMS 2021 side 90-92.

Koordinater: 62.2695536° N 8.1980061° Ø