Flåmsbana

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Flåmsbanen»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tog mellom Lunden og Flåm på Flåmsbana.
Foto: Leif-Harald Ruud (2003).
Flåmsbana går i krevjande terreng, og det tok nær eitt år per kilometer å byggje bana.
Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket.
Lokomotiv på Vatnahalsen stasjon.
Foto: Arnfinn Kjelland (2012).
Ei av vognene på Flåmsbana på Vatrnahalsen stasjon.
Foto: Arnfinn Kjelland (2012).
Kjosfoss kraftverk, oppført 1941 etter tegninger av NSB Arkitektkontor ved Gudmund Hoel.
Foto: Roy Olsen (2005).

Flåmsbana er ei 20,4 kilometer lang sidebane til Bergensbanen mellom Myrdal og Flåm. Han har 20 tunnelar og 11 haldeplassar, og på det brattaste ei stigning på 55 ‰, noko som gjer Flåmsbana til den brattaste jernbanen på det offentlege nettet. Heile bana ligg i Aurland kommune i Vestland.

Historie

Det fyrste initiativet til jernbane i området vart teke allereie i 1871, og i 1875 kom ei utgreiing frå Jernbanekomitéen der dei gjekk inn for forsert utbyggjing av bane mellom anna til Bergen. For å fange opp meir trafikk ville dei ha sidebaner til Granvin og Sognefjorden. Frå anlegget til Bergensbanen vart det lagt ein fire kilometer lang anleggsveg til Myrdal. Den gjekk gjennom 17 hårnålssvingar, og hadde ei stigning på 17 %. Sjølv om vegen var tung, fekk dei indre bygdene samband med Bergensbanen. Då Bergensbanen så var ferdig i 1909 kunne ein byrje med sidebanene.

I 1893 hadde ein sett på mogleg trasé. Det var tankar om ei smalspora bane med tannstangdrift på dei verste stigningane. I 1904 kom eit nytt forslag om bane over VossStalheimGudvangen, med elektrisk drift og med taubane til Myrdal. Men det viste seg at ei bane frå Myrdal til Fretheim var billigare å bygge, og i 1909 vedtok Stortinget å bygge Flåmsbana.

Det skulle vere tannstangbane opp kneika til Myrdal, då ein vanleg adhesjonsbane ikkje klarte stigninga. Med adhesjonsbane meinast det prinsippet jernbane nytter no, altså friksjon mellom hjul og skinner; på tannstangsbaner får ein hjelp av grep mellom tannhjul på tok og tannstenger i skinnegangen. Men etter å ha studert moderne baner i Sveits, der ein hadde dei same utfordringane med terrenget, kom overingeniør Ferdinand Bjerke til at det var mogleg å satse på rein adhesjonsbane. Først i 1923 var ein heilt einige, og det ble vedtatt å byggje normalspora adhesjonsbane for elektrisk drift.

Anleggarbeidet starta i 1923 og var ikkje ferdig før i 1947. Leiar for anlegget var Peder Bernhard Kristiansen Lahlum, som på same tid hadde ansvaret for Hardangerbana. Den store utfordringa var tunnelane, som det er heile tjue av på strekninga. Meir enn ein fjerdepart av strekninga går i tunnel. Atten av dei vart drevne for hand, og det tok ein månad å kome ein meter inn i fjellet. Dei to siste, Nåli tunnel og Vatnahalsen tunnel, vart drevne med maskinboring. Det er fleire vendetunnellar, og nedafor Myrdal stasjon er det spor i fem «etasjar» for å minimere stigninga. Det er òg tunnelar under Flåmselvi på dei tre stadene der bana kryssar elva. Arbeidarane verka under farlege og harde kår. I starten måtte dei fleire stader firast i tau ned fjellsida.

I april 1940 var jernbanen kome langt, men ikkje klar for opning. For å hindre den tyske framrykkinga måtte ein sprenge Blomheller-tunnelen. Etter at krighandlingane var over starta arbeidet opp att. Tyskarane ville ha bana i drift, og i august 1940 kunne ein kjøre med damplokomotiv der. Den 10. februar 1941 åpna Flåmsbana for persontrafikk med dampdrift. I oktober 1944 vart bana så elektrifisert, med kraft frå Kjosfoss kraftverk.

Etter krigen tok det tid før ein kunne få i gang normal drift. Ein grunn til det var at A/S Per Kure, som leverte materiell til NSB, var blitt sprengt av Osvald-gruppa.

Ein opningsseremoni kom i 1947 så NSB fekk nye elektriske lokomotiv i drift på bana. Men den offisielle opninga kom faktisk ikkje før i 1980, då ein feira at det var førti år sidan dei første toga kom i drift. Dei elektriske lokomotiva som gjekk på bana, var El 9, (1947–1982), El 11, (1982–1999), El 17 (1999–2016) og El 18 frå 2016. Togekspeditørar er alltid til stades på Flåm og Myrdal, og om sumaren også på Berekvam ved mogleg krysning.

I stasjonsbygget på Flåm finn ein Flåmsbanemuseet. Inngangsbillett på museet er inkludert i togbilletten på Flåmsbana.

I 2010 lagde NRK programmet Flåmsbana minutt for minutt.

Stasjonar og haldeplassar

Stasjon Km Moh. Opna Merknadar Bilete
Myrdal 0,00 866 1908 Er òg stasjon på Bergensbanen. Aurland, Myrdalsvegen 8, Myrdal stasjon.jpg
Vatnahalsen 1,13 811 1940 Aurland, Vatnahalsen hp.jpg
Reinunga 2,20 767 1942 Aurland, Reinunga hp.jpg
Kjosfossen 4,40 670 1951 Aurland, Kjosfossen hp.jpg
Kårdal 6,34 557 1946 Nedlagd 2008 Aurland, Kårdal hp.jpg
Blomheller 8,40 458 1942 Aurland, Blomheller hp.jpg
Berekvam 10,51 343 1940 Aurland, Berekvam stasjon.jpg
Dalsbotn 13,90 200 1942 Nedlagd 2012 Aurland, Dalsbotn hp.jpg
Håreina 15,61 48 1940 Aurland, Håreina hp.jpg
Lunden 18,60 16 1942 Aurland, Lunden hp.jpg
Flåm 20,20 2 1940 Aurland, Stasjonsvegen 8, Flåm stasjonsbygning-2.jpg

Litteratur og kjelder