Forside:Folkemusikk på Nordmøre

Om Folkemusikk på Nordmøre
Samling kring bordet på hotellet på Skei: Vi ser bl.a. felespelmannen John Røen (med svart vest; Stangvik), polsdansarane Ragna og Anders Ansnes (med nordmørsbunad; Todalen) og visesongaren Kolbjørn Botten (i blågrønn blazer; Valsøyfjord).
Foto: Olve Utne
(1996)

Folkemusikken på Nordmøre heng naturleg nok i hop med folkemusikken i nabodistrikta. På Nordre Nordmøre så vel som Tingvoll og i Surnadalen og Rindalen var nok sambandet sterkast mot Trøndelag. Sunndalen står i ei mellomstilling mellom Oppdal, Nord-Gudbrandsdalen og Romsdal. Søndre Nordmøre har ein del drag i retning Romsdal. Folkemusikken i området står òg i nær samanheng med det generelle musikklivet på Nordmøre, inkludert den klassiske musikken. I tillegg til vokalmusikken har det tradisjonelt vore mykje bruk av tyskfɛ'l (flatfele), kḷanét (klarinett) og trommo (trommer), og frå 1800-talet av, zither, trekkspel, gitar og andre instrument det var greitt å få tak i. Typiske dansar inkluderer pols/springar og halling, så vel som bruramasj til prosesjonar. Det meir gammaldansprega repertoaret inkluderer rilender (reinlender), masjurka (mazurka), vals, hoppvals (polka), pariser (parisarpolka) m.m. Blant dei mest kjente folkemusikarane kan nemnast felespelarane Gottfred Hans Fabian von Eppingen, Halvor Ørsal, Holger Aresvik, Erik Almhjell og Nils Bakke; og songaren Magnhild Havdal Almhjell.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Denne artikkelen tar føre seg ulike aspekt ved musikklivet på Nordmøre frå 1600-talet og framover.
Fjølfela etter Johannes Berven sett frå sida. Legg merke til kor tjukke loket og botnen er. Sargen (sida) er saga ut av éi fjøl.
Foto: Olve Utne
Instrumenta som ein veit har vore bruka i eldre tid på Nordmøre er: fele (tyskfę’l = vanleg fiolin), klarinett (kḷanét) (truleg frå 1840-åra), seljefløyte, munnharpe, trommor og rikkelstikkor (eit slags kastanjett-liknande instrument). Dessutan har truleg langeleiken vore bruka her tidlegare. Utover 1800-talet kom andre instrument inn: psalmodikon (salmónikón el. salmeikó), gitar, harpeleiksither og trekkspel. Først på 1900-talet kom òg hardingfela inn, og ho kom til å dominere folkemusikken på Nordmøre i nokre tiår før den vanlege fela fikk overtaket att.Allereie først på 1600-talet kjenner ein til ein felespelemann på Nordmøre: Hallvard Flå var brukar på Flå i Øksendalen frå 1600 til 1637. Han var bondelensmann og «en dreven violinspiller». At han må ha vore god er det rimeleg å tru, ettersom han vart henta frå Øksendalen til Trondheim for å spela i bryllaup for rikfolk der. Ein av dei viktigaste spelemennene på Nordmøre på 1800-talet var Gottfried Hans Fabian von Eppingen (18301888).   Les mer …

Gravsteinen over Ingvar Hestnes på kyrkjegarden ved Valsøyfjord kyrkje.
Foto: Olve Utne
(2015)
Ingvar Hestnes (19041990) var ein spelemann frå Valsøyfjord i Halsa kommuneNordmøre. Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 av foreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867). Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga åt honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da Ingvar var 19 år gammal, kjøpte faren ei hardingfele åt honom gjennom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.   Les mer …

Nils Bakke ca. 1915-1920.
Nils Bakke (fødd 10. januar 1887, død 11. august 1969) var ein felespelar av romanifolket og ein av dei viktigaste tradisjonsberarane av folkemusikken på Nordmøre kring midten av 1900-talet. Nils Gulbrand Forselius Fredriksen Bakke vart fødd på Oppdal i Sør-Trøndelag den 10. januar 1887 av Anne Kathrine Gulbrandsdatter (Rosenberg) (Nordli 1847- Lesja 1906) og Kristian Fredrik Benjaminsen Forselius (Elverum 1859-Kristiansund 1935). Nils var god ven med Erik Almhjell og Magnhild Havdal Almhjell og spela mykje saman med Erik og med Hallvard Ørsal. Utanom musikken arbeidde Nils Bakke blant anna på Løkken verk og ved Gideon Motorfabrikk i Molde. I sine seinare år budde Nils på Innlandet i Kristiansund. Nils Bakke døydde der den 11. august 1969.   Les mer …

Gravstein over Holger J. Aresvik og kona, Beret Aresvik, f. Fugelvåg på kyrkjegarden ved Otnes kyrkje i Valsøyfjorden.
Foto: Olve Utne
Holger Aresvik (fødd 10. januar 1883; d. 17. februar 1938) var ein felespelmann og målar frå ArasvikaErtvågsøya i Aure kommuneNordmøre. Han er blant anna kjent for å ha gjeve form til «Bruramarsj frå Valsøyfjord» — ein mangedelt bruremarsj som har utgangspunkt i to kortare bruremarsjar.   Les mer …

Magnhild og Erik Almhjell i 1948.
Erik Almhjell (fødd 25. november 1881, død 25. april 1963) var ein notekyndig spelemann frå SunndalenNordmøre. Erik heldt seg til tyskfela og la stor vekt på å formidle tradisjonen nøyaktig heller enn å satse på moteriktig kappleiksspel. Opptaka av Erik Almhjell åleine og i fleirstemt samspel med sambygdingen Tore Hoås, så vel som notenedskriftene Erik gjorde, utgjer svært sentrale kjelder for sunndalstradisjonen av folkemusikken på Nordmøre. Særleg interessante er opptaka av sunndalsspringaren.   Les mer …

Det noverande huset i Grinda. Husa var nok enklare da Jó Gri’nn voks opp på plassen
Foto: Olve Utne
Jon Olsen Mogrinden (17941853), mest kjent som Jó Gri’nn, var ein spelemann og skreddar frå Kvenna (oftast skrive «Kvanne») i Stangvik i noverande Surnadal kommuneNordmøre. Han var kjent som ein av dei fremste spelemennene på Nordmøre i si tid. Jon Olsen Mogrinden vart fødd utanfor ekteskap i 1794 av mora Mali Jonsdatter, som var frå husmannsplassen Grinda eller Mogrinda på Kvenna. Etter kyrkjeboka var faren ein soldat med namn Ole Olsen fra Nordvik. Jon kom i skreddarlære etter at han var konfirmert, og han lærte òg å spela tyskfele.   Les mer …
 
 
Kategorier for Folkemusikk på Nordmøre
 
Mest lest