Fyresdal Sparebank

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fyresdal Sparebank er ein eigedom (gnr. 36/1/3) i Folkestadbyen i Fyresdal kommune med adresse Folkestadgata 3 og 5 i 2021. Denne er skilt ut frå Fyresdal prestegard.

Første og eneste sparebank i Fyresdal

Den 9. januar 1899 hadde banken sin fyrste kontordag på Folkvang i Folkestadbyen. Det vart vedteke å melde banken inn i firmaregisteret under namnet Fyresdal Sparebank.

Før dette hadde det lenge vore på tale å skipe ein bank i bygda, og hadde ikkje heradstyret fatta vedtak om å få til ein sparebank ville Jon K. Kiland og Olav T. Veum ha skipa ein privatbank. Men då kommunen tok opp saka ville dei ikkje gå i vegen.

Då Fyresdal heradstyre valde det fyrste forstandarskapet i møte 6. desember 1897 var den nye sparebanklova alt vedteke av Stortinget for 10 år før. Styret for banken hadde sitt fyrste møte 1898. Til formann i styret vart vald Ivar Tveiten med vara lensmann K. Moghus.

Banken kunne ta i mot innskot og yte lån. Fyresdal hadde til nå hatt eit kornmagasin, midlane her var  det naturleg at gjekk over som eit grunnfond i banken. Kornmagasinet hadde drive låneverksemd under naturhushaldet, no hadde pengehushaldet teke over. Fyrste forretningsdagen innførde banken kr. 6863,89 i innskot.

Banken får eige hus

I 1912 kom spørsmålet opp om bygging av nytt banklokale på tale og det vart drøfta i eit forstandarskapsmøte, men vart ikkje satt ut i livet av økonomiske grunnar. I 1914 kom saka opp att i forstandarskapet. Det vart vedteke å bygge ein bankbygning som samtidig skulle ha rom for eit kommunelokale og leilegheit for kasseraren. Når ein fekk opp eigen bygning kunne ein få romslegare plass, og samtidig få bygd eit brannsikkert kvelv. På Folkvang hadde ein bare eit mindre jarnskap til oppbevaring av bankens midlar og bøker.

Ein fekk ei tomt på Prestegarden sin grunn kalla Magasinhusreini, og i møte 19. juni 1916 vart det vedteke å setje arbeidet i gang. Teikning til bygget vart utarbeidd av arkitekt Børve, men denne vart endra ein del etterpå. Då bygningen stod ferdig til bruk 4. mai 1918 fekk dei lagleg ekspedisjonsrom, brannsikkert kvelv, to mindre rom og kommunelokale, alt i fyrste høgda. I andre høgda var ein fem roms leilegheit for kasserar. For kommunen, som hadde hatt sine heradstyremøter på Meinstad og av og til i ledig lokale på Gimle skule, kom det vel med å få eige lokale.

I 1965 gav forstandarskapet løyve til å bygge eit tilbygg til bankbygningen som stod ferdig sumaren 1968 og gav større arbeidsplass samt spiserom og konferanserom.

I 1982 vart det gjort vedtak om eit gardseigarselskap for framtidig drift av bankbygningen. Dette då i form av stiftinga A/S Fyresdal Bankbygg. Banken gav ikkje frå seg råderett eller eigartilhøve, men gjorde ei omorganisering. Dette selskapet vart sletta i 1985 og banken kjøpte attende bygget og aksjekapitalen vart tilbakebetalt..

29. oktober 1986 sa forstandarskapet nei til innstilling om samanslåing med Sparebanken Telemark, og på same møtet vedtok dei fyrste gangs handsaming av framlagd avtale for fusjon med Sparebanken Sør, noko som vart gjennomførd i 1987. Ved ei omorganisering i 1998 vart dei lokale styra avvikla.

Banken utvidar lokala

Bankbygget stod ferdig modernisert og utvida i 1985. Arbeidet omfatta påbygging til eksisterande bygning så vel som ombygging i eksisterande lokale. Arkitekt for ombygginga var Eivind Spockelid. Total golvflate vart utvida til 450 m2. Bygget fungera svært tilfredsstillande og var godt rusta til å møte komande utfordringar og konkurranse. Fyresdal Rekneskapskontor A/S tok over leilegheita i andre høgda. Møteromet i andre høgda vart leigd ut til lag og organisasjonar.

I 1999 vart banklokalet fornya og ominnreidd for å bli tilpassa ny teknologi og fekk med dette ein heilt ny profil.

I 2019 flytta Fyresdal Rekneskapskontor ut av husværet i 2. høgda i bankbygget til eige bygg Lauvstad i Folkestadbyen.

Bankbygget vert seld

I 2021 vart bankbygningen seld til eigar og drivar av forretninga Sporten i Fyresdal som har halde til i eigedomen Austad i Folkestadbyen i leigd lokale. Det vert då ei omfattande ombygging,  men Sparebanken Sør har avtale om å leige eit par rom førebels 3 år framover frå 2021.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Ormtveit, Astrid S: Banken og bygda gjennom 100 år. Bø Trykk A/S, Bø i Telemark 1998. 95 s.
  • Taraldlien, Bendik:  Fyresdal. Med bilæte.  Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania. s. 88
  • Taraldlien, Bendik:  Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo. s. 14
  • Veum, Jon: Fyresdal Sparebank 50 år.