Georg Ulrich Wasmuth (1788–1814)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Georg Ulrich Wasmuth med Dannebrogordenen.
Foto: Ukjent kunstnar

Georg Ulrich Wasmuth (fødd i Kristiansund 19. mars 1788, død på Ytterøya 16. oktober 1814) var offiser og eidsvollsmann.

Familie

Foreldra var kjøpmann Christian Fredrik Wasmuth (1753–1805) og Johanne Susanne Holck (1749–1822). Hans farfar, legen Georg Heinrich Ulrich Wedich Wasmuth (1724–1800) hadde innvandret fra Mecklenburg. Familien tilhøyrde eliten av borgarskapet i Kristiansund. Dei hadde i ein herskapeleg bustad på Innlandet, som kjøpmann Wasmuth hadde bygd kring år 1800. Vi finn dei der i folketeljinga 1801, foreldre med to søner og tre døtrer. Men firmaet gjekk konkurs i 1804.[1] Den unge Georg Ulrich var da under utdanning ved Krigsskolen.

Virke

Han byrja i teneste som korporal ved Nordafjelske skiløperbataljon, truleg i 1804, medan han framleis var kadett. Frå 1805 var han offiser og tilsett som fenrik ved 1. Trondhjemske infanteriregiment, 1. gevorbne grernaderkompani. Han fekk sekondløytnants grad frå 1806, premierløytnant to år seinare. Han deltok i felttoget i Jämtland under Krigen mot Sverige 1808–1809. Her ble han utnevnt til ridder av Dannebrogordenen for tappert og treffsikkerhet.[2]

I 1810 kom han til Ytterøyske kompani ved det same regimentet. Han vart kaptein og sjef ved Fosneske kompani i 1800, og kom attende til Ytterøyske kompani som sjef der frå 27. april 1812.

Rett etter den nye kompanisjefutnemninga gifta Wasmuth seg 10. mai 1812 med Mette Jakobine Christine von Hirsch (fødd på By i Stjørdalen 1792, død i Trondheim 1878). Bryllaupet stod i Værnes kyrkje 10. mai 1812. Brura var dotter til major Jobst Conrad von Hirsch og Maria Mantzin Henrici. Dei fekk to døtre, Johanna Maria, fødd 5. mars 1813, død 27. mars same år, og Johanna Susanna, fødd 17. mai 1814, død 7. april 1902 i Trondheim.[3]

Wasmuth vart vald som representant for regimentet til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Der vart han rekna til Sjølvstendepartiet, men lite og ingenting er elles kjent om hans standpunkt og verksemd der.

Han deltok i kamphandlingar både i Trøndelag og sør ved Glomma under krigen mot Sverige hausten 1814. Seinare same året døydde han, berre 26 år gammal. Gjennomgådde kjelder opplyser ikkje om dødsårsaka. Han vart gravlagt på Eid kyrkjegard på Ytterøya. Enkja gifta seg i 1818 opp att med løytnant Jens Jacob Sejersted (1796-1844).

Minne

17. mai 1914 reiste kommunene Kristiansund og Ytterøy en bauta over Georg Ulrich Wasmuth, ved Eid kirke. Gravsteinen var da borte. 17. mai 1964 var det en ny høytidelighet, med bekransning og minnetale. Et initiativ om å hedre kaptein Wasmuth med et gatenavn i Kristiansund ble avvist politisk i 2007, men ble bejublet ved grunnlovsjubileet 2014.

Da ble det vedtatt at den rundt 75 meter lange bakken som går parallelt med Thomas Aasgaards gate fra Sundbåtkaia til BautaveienInnlandet skulle hete Wasmuthbakken.[4][5]

Referansar

Kjelder og litteratur