Gjemnes tinglag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Hovuddelen av Trondheims hovudlen 1647 med Nordmørs fogderi fargekoda. Gjemnes tinglag er lysegrønt.

Gjemnes tinglag var på 1600-talet og utover til tidleg på 1800-talet den rettslege administrative eininga som dekte noverande Kristiansund, indre deler av Eide kommune, vestsida av Aspøya i noverande Tingvoll kommune og noverande Gjemnes kommune med unntak av Angvik og Flemma. Innaføre Nordmøre grensa tinglaget til Mek tinglag i nordvest, Halsa tinglag i nordaust og Gagnat tinglag i aust. I sørvest grensa tinglaget til Eresfjord åtting, Fanne åtting og Våge åtting i Romsdal.