Gunhild Høyjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunhild Olsdotter Høyjord (fødd 1766 i Vivestad i nåverande Tønsberg kommune, død 29. januar 1834 i Lier) var ein framståande haugianar som særleg verka i Vestfold, Drammen og Eiker. Namnet Høyjord kjem frå garden som ho og mannen åtte og dreiv i Høyjord sokn i Andebu (nå Sandefjord kommune).

Ho var fødd på garden Nordre Teigen i Vivestad. Foreldra var gardbrukarparet Ole Abrahamsen (1763-1802) og Kirsti Andersdotter Gjøtterød (1746-1779). Mor hennar døydde da Gunhild var 13 år. Etter Gunhild si eiga utsegn verka sorga over tapet til at ho vart særleg oppteken av religiøse spørsmål. Ho gifta seg i 1791 med Aksel Ambrosiussen Høyjord. Han var fødd på nabogarden Søndre Teigen, son av gardbrukarparet der, Ambrosius Akselsen (1762-1791) og Dorte Eriksdotter (død 1779).

Gunhild og Aksel vart gardbrukarar på Østre Høyjord i Andebu. Seinare skal dei ha vore på Revå i Fon sokn i Ramnes. Ekteparet fekk fem born.

Familien flytta på eit tidspunkt til garden Åby i Lier. Ifølgje gards- og slektshistoriene for både Andebu og Ramnes skjedde dette i 1822, medan det i kulturbandet av bygdeboka for Andebu står at det skjedde rundt 1817. Aksel kjøpte og selde gardpartar i Andebu iallfall fram til 1824.

Gunhild Høyjord er ei av dei som har gjeve skriftlege vitnemål om si kristne tru og omvending i Hans Nielsen Hauges bok Om religiøse Følelser og deres Værd frå 1817. I året 1800 hadde mannen hennar kjøpt ei av Hauges tidlegaste bøker, Forsøg til en Afhandling om Guds Visdom. Den påverka ekteparet sterkt. Men Gunhild seier sjølv at ho for alvor vart vakt eit par år seinare under innverknad av «en Pige fra Nummedal». Ei anna framståande haugiansk kvinne, Sibille Sørum, som i likskap med Aksel og Gunhild Høyjord var frå Vivestad, fortel at det var Gunhild som hadde tilskunda hennar eiga omvending i 1802.

Gunhild og Aksel Høyjords heim i Andebu vart openbert til eit kraftsentrum for den haugianske vennerørsla i distriktet. Heggtveit fortel at også i den nye heimen deira i Lier heldt Gunhild oppbyggingar, og ho hadde nær kontakt med trusfeller i Drammen og distriktet rundt, ikkje minst det sterke haugianarmiljøet knytta til Eiker papirmølle.

Kjelder og litteratur

  • Furseth, Inger: «Kvinnenes plass i haugebevegelsen», i Dørum, K. og Sødal, H.K. (red.): Hans Nielsen Hauge. Fra samfunnsfiende til ikon. Cappelen Damm Akademisk, Oslo 2017.
  • Gallis, Arne: Andebu bygdebok. Utg. Andebu kommune. 1975-82
  • Heggtveit, H.G.: Den norske Kirke i det nittende Aarhundrede. Bd. 1. Kristiania 1905-1911 side 242-244.
  • Unneberg, Sigurd H. i samarbeid med Christoffer Holt: Ramnes bygdebok. Bind II. Gårds- og slektshistorie. Utg. av Ramnes kommune, 1970. Side 807-808, 816 og 1168.
  • Gunhild Høyjord i Historisk befolkningsregister.