Gunhild Larsgard (1909–1993)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunhild Larsgard, ugift, stelte heime, tenestjente, storprodusent av brunost, kvitost og smør, dronning i eige rike: Randen gard i Hovet/Hallingdal på 950 moh., 7 km til nemmaste granne. 1981.
Foto: Joronn Sagen Engen (1981).

Gunhild Larsgard (fødd 3. august 1909 i fjellbygda Hovet i Hol kommune i Hallingdal, død 29. september 1993 i bygda Hol, Hol kommune) var tenestjente, budeie, og dronning i eige rike. Ho gjorde ein stor innsats under andre verdskrigen.

Foreldra var Birgit Pålsdotter og Hans Larsson Larsgard. Dei var bønder. Gunhild var nummer fire i ein syskjenflokk på seks, og den yngste av tre jenter. I 1915 flytta ho, seks år gamal, med familien til fjellgarden Randen som låg kring sju kilometer frå Hovet. Ho gjekk på skule i Nord-Hovet. Storesystrene etablerte seg utanfor bygda. Mor hennar døydde i 1941, far følgde etter i 1949. Ein bror drukna i 1947. Den yngste broren sette seg ned i Hovet. Det vart eldste bror hennar, Pål, som held fram som bonde på Randen. Saman lyfta Gunhild og Pål arven etter far og mor, men utan brorfamilien i bygda vore det ikkje mogleg drifte garden. I 1986 flytta dei til bygdars att, for godt. Den siste tida budde Gunhild  på aldersheimen i grannebygda Hol, der ho døydde 29. september 1993.

Kven var Gunhild Larsgard? Kva kjenneteikna tida ho levde i? Korleis var dagane organiserte på ein liten fjellgard, 950 moh., i øvre Hallingdal, på 1900-talet? Bygdebokforfattaren Lars Reinton gir oss i kortform eit svar: «Kvinne, ugift, steller for Pål heime». Ho var kjent for sin gode brunost, og for innsatsen under krigen.[1]

Ser ein nærare etter finn ein ei uhyre produktiv kvinne, men produkta, som ost, smør og rumme ligg ikkje att i landskapet som varige merke etter lange dagar med tunge lyft og slit, slik til dømes arbeidsrøyser etter menns innsats gjer det. Om ein likevel prøver kvantifisere Gunhild Larsgards produksjon, kva finn ein då? Svar kjem seinare i denne artikkelen.

Å stelle heime gir assosiasjonar til noko trygt og godt, noko koseleg, kanskje? Det kan gi næring til førestellingar om at livet på fjellgarden var av det romantiske slaget, der tida gjekk langsamt og alle hadde god tid. I røynda er det eit liv med tunge lyft og mykje slit, slik historia om Gunhild Larsgard viser.

Tenestjente eller ...?  

Gunhild Larsgard, storprodusent av brunost og kvit ost med kjelda til rikdommen: geitene på garden Randen i Hovet i Hallingdal. Ukjent fotograf, 1945.

Gunhild fekk ei årleg utbetaling frå bror Pål, eigaren, brukaren og bonden på Randen. Slik sett var ho «I tjeneste hos andre», som det heiter i den nasjonale statistikken, dvs. tenestjente. Det var ho heile livet, mens det for mange andre var ein fase i unge år, før giftarmål. Men denne tenestjenta var bunde til garden og bror sin med band som skilte seg frå dei jenter i tenest hjå andre hadde. Ho var ikkje innleigd midlertidig. Banda var meir forpliktande, og uoppseielege. Å forstå henne som vanleg tenestjente femner ikkje det ho var og det ho gjorde. I den praktiske kvardagen var ho meir for bondekone enn tenestjente å rekne. Men ulikt bondekoner på den tida fekk ho lønn for arbeidet. Ho hadde eit lyst hovud, var omsutsfull og viljesterk, med ei overraskande fysisk styrke for ei som berre raga 166 cm over jorda. Dette, saman med Gunhilds eksklusive kunnskapar, og måten ho meistra kvardagen på, kvalifiserer til neminga dronning i eige rike.

Gunhild i si tid

I Gunhild si tid var det to verdskrigar, med dyrtid, børskrakk, arbeidsløyse og framveksande arbeidarrørsle i turbulente år mellom 1914 og 1945. Det var ei tid med målstrid og siger for nasjonalt sjølstende i 1905, med stemmerett for kvinner i 1913 og endringar i sosiallovgivninga til beste for arbeidsfolk. Ei tid som sett under eitt var prega av økonomisk framgang.

Ho levde i ei tid med omstilling frå familiebasert naturalhushald til industrialisert salsjordbruk i seks-sju tiår på 1900-talet, gjerne omtala som det store hamskiftet, og frå 1970-talet endrar teknologiseringa, sentraliseringa og samdrifta norsk landbruk til noko heilt nytt i norsk landbrukshistorie, eit skifte bygdeforskaren Reidar Almås kallar det nye hamskiftet.[2] Talet på gardsbruk gjekk drastisk ned, og det vart vanleg å hente inntekter til garden utanfor bruket. Denne trenden finn ein også att i Hol og i fjellbygda Hovet.

Historikaren Kåre Olav Solhjell har karakterisert tida i Hol mellom 1900 og 1940 som bureisingperioden i kommunen.[3] Bondestanden vart til småbrukarar som produserte mat til familien, og skaffa seg kontantar av arbeid utanfor garden. Vasskraftutbygginga i Hovet (Hol I) etter krigen vart ei god inntektskjelde i så måte, men flukta frå landsbygda som kjenneteikna 1950-talet var også ein realitet, og bidrog til varige endringar i fjellbygda Hovet, der eit folketal på 6-800 fastbuande (1946–1960 – noko usikkert, då tellingsgrunnlaget varierte) auka drastisk i åra fram mot slutten av 1940-talet. Då var det i periodar nær 1500 anleggsarbeidarar, slusk eller bus som dei kalla seg, i arbeid ved Hol I i Hovet. Dei var ikkje fast busette. Derfor fins dei ikkje i statistikken. Det var den konservative landbruksbygda noko heilt fremmandt.

Skremande var det visst då anleggsarbeidarane markerte 1. mai 1946 med raude faner og norske flagg, hornmusikk og hundrevis av festkledde busar med koner og ungar i langt tog gjennom bygda, der bønder sto i arbeidsklede og spreidde møkk på jordene, slik den lokale skribenten Embrik Skøro skildrar det i Hallingdølen (udatert).

Anleggsarbeidarane skapte store verdiar i fjellbygda. Det kom også bøndene til gode. Med vasskraftutbygginga fekk dei råd til å vera med på dei store hamskifta. Hesteslåmaskiner og hesteriver kom i bruk, og ny politisk tenking med  Arbeiderpartiet sitt inntog og styrka stilling i kommunalpolitikken.

På Randen fekk dei direkte føling med utbygginga, då tunellarbeidet gjekk føre seg rett utanfor stuguglaset deira. Anleggsfolka sette pris på og kjøpte produkta Gunhild laga: Kvit og brun ost, smør, fløyte og rumme. Hesteslåmaskina gjorde nytte for seg på flataste delen av jordet på fjellgarden.

Tenestjenter på 1900-talet

Tenestjenter var det mange av i Norge heilt fram til kring andre verdskrigen. I år 1900 var det til dømes 112 000 personar som hadde tenestyting som leveveg. Heilt til utpå 1930-talet var 7–8 prosent av innbyggjarane i Norge tenarar. Dei aller fleste var kvinner. Tala er henta frå boka Anne Sletto. Eit kvinneportrett.[4]

Kari Melby skriv om tida mellom 1900 og 1960 i «Med kjønnsperspektiv på norsk historie». Andelen ugifte kvinner nådde eit toppunkt i folketellinga i 1930. Tenaryrket var viktigaste lønnsarbeid for kvinner heilt til etter andre verdskrigen, og mellom 1900 og 1930 var ein firedel av dei yrkesaktive framleis i tenest. På 1900-talet vart det å vera i tenest eit kvinneyrke. I 1950 var talet på tenestjenter halvert sidan 1900. To tredelar av dei finn vi på landsbygda. Sysselsettinga i jordbruket kom til å avta mykje frå 1900 til 1960, og mest for kvinner. Blant dei arbeidde 25 prosent av dei yrkesaktive i jordbruket i 1900 mot berre 4 prosent i 1960.[5]

Av ein prosjektrapport «Om kvinners arbeidsinnsats i landbruket» gir Inger-Lise Labugt ein oversikt over nedgangen i arbeidsinnsats i prosent i ulike tidsrom (1949–66, 1969–86 og 1969–90) fordelt på menn og kvinner. Denne syner at nedgangen i arbeidsinnsatsen i 1949–66 var lik for kvinner og menn (39 %). I perioden 1969–86 held nedgangen for menn seg på 39 %, mens den for kvinner gjekk ned med 52 %. Det vanlege er å forklare nedgangen med mekaniseringa av landbruket, men Labugt meiner noko av forklaringa kan vera ein auke i kvinnenes yrkesaktivitet utanfor landbruket.[6]  Samanlikningar over tid er ikkje enkelt innan landbruket. Registreringsgrunnlaget skifter, og ein skil ikkje alltid mellom gifte og ugifte kvinner.

Reidar Almås skriv i boka «Kva skjer i bygde-Noreg» at tida etter krigen var ei tid for avtantifisering og avtausifisering i landbruket,[7] og er inne på same tanken som Mimi Sverdrup Lunden om frigjorte hender og tid som kunne nyttast til andre ting jentene hadde lyst til.[8]

Solhjell viser at for tenestjentene i fjellbygdene i Hol førte ny teknologi til at det i fyrste omgang vart meir arbeid for dei ute i onnene. Til dømes måtte dei raka og breie ikkje berre etter ein, to kanskje tre, slåttekarar med langljå, men etter ei hesteslåmaskin med mykje større kapasitet. Og det utan at dei fekk mindre å «stelle med» inne. Teknologiske nyvinningar innan tenestjentene eller bondekonene sine arbeidsområder kom fleire tiår etter arbeidssparande teknologi på mennene sine arbeidsområder.[9]

Norge vart eit fritt land fire år før Gunhild kom til verda. Ho var småjente då fyrste verdskrigen rasa, men mens dette var ein krig langt borte, kom Gunhild til å stå midt oppe i andre verdskrigen 1940–45. Meir om det under.

1900-talet var Gunhild Larsgard si tid, men hamskifta, det store og det nye, nådde ikkje heilt fram til fjellgarden Randen.  Arbeidsinnsatsen gjekk knapt ned, slik trenden var på landsbasis. Ingen hender vart frigjorde her, men slitet vart noko redusert dei aller siste åra før dei flytta til bygdars. Etter krigens fyrste stramme år, fekk folk meir kontantar mellom hendene, og med det betra marknadstilhøva seg for gardsprodukta frå Randen. Dette er i grove trekk rammene om Gunhild Larsgards liv og arbeidsinnsats.

Burtebuande skulejente  

Gunhild flytta til Randen i 1915. Året etter vart ho skulejente ved Nord-Hovet skule, og måtte bu hjå andre i bygda. Småjenta stunda til sine på Randen.

Siste året i skula fekk ho ansvaret for fyrsteklassingen, bror Hans. Dei budde på grannegarden til Nord-Hovet skule, fortel brordottera Grethe Larsgard Rudningen. Stigen heim gjekk i bratte lier langs Urunda, ei elv som kasta seg i ville juv langt der nede. Omen sto opp liene. Bilveg til Randen om Sisseldalen kom fyrst med vasskraftutbygginga (Hol I) i 1945. Den var i alle år vinterstengt.

Fjellgarden Randen – kareslit og kvinnestell

Garden Randen, 950 moh., 7 km til nemmaste granne, påska 1945. Snøen dølgjer store arbeidsrøyser og lange dreneringsgrøfter. Ukjent fotograf.
Garden Randen, 950 moh., i Hovet i Hallingdal, kring 1975. Ukjent fotograf.
Randen gard 1930-35 med f.v. Lars, Gunhild, mor Birgit, far Hans, Margit og Hans Larsgard framma våningshuset. Ukjent fotograf.

Garden  

Randen låg i ei sørvendt, open kvelving i landskapet, godt i le for vestavinden, 950 moh. I sør trona det mektige Hallingskarvet med kvit kappe året rundt, og var ein innvevd del av Gunhilds indre landskap. Nuten og Dalberget reiste seg mot himmelen i vest med utsyn til det bratte Kleivbrottet og Kleivtjødne (Urundstøltjørne), som strekte seg vestover mot Urundstølen. Åsane mot nord var slake og nytta som beiteområder, slik liene under nutane var det. På nordåsen låg også Randetjødne. Der var utspringet til grove, bekken, som delte jordene på garden i to.

Randen var i si tid den høgastliggjande garden i drift i Norge. Den hadde ei historie attende til tidleg 1700-tal med hyppige skifte av eigar og brukar. Enkelt var det ikkje finne utkomme så høgt til fjells, så langt frå folk, men det var hit Hans L. Larsgard, sommaren 1915, etter turbulente år i bygda, tok gravid kone og fem ungar i alderen 3–13 år med. Den siste (Hans) kom til på Randen i februar 1916. Dei fyrste åra leigde han Randen, og husa ein draum om Amerika. Det vart med draumen. Kona Birgit sette foten ned. Dei disposisjonane Hans L. Larsgard gjorde på eigenhand i 1915 la tunge og krevjande føringar på familien hans og slekta i fleire generasjonar etter han.

I 1923 fekk Hans L. kjøpe Randen, men selgjaren sette garden beinast på eldstesonen, Pål, som det heiter i bygdeboka.[10] Han var då 17 år og umyndig (myndigheitsalder den gongen var 21 år). I folketellinga 1920 er Margit (f. 1904) med, men ikkje den eldste, Sigrid (f. 1902). Ho var alt i tenest uttafor, som det heiter lokalt. Levevegen for Margit er oppgitt å vera «budeie og innejente», og ho arbeidde for «gardbrukers sønn». Seinare folketellingar er ikkje digitalt tilgjengelege, men truleg ville vi finne liknande informasjon om Gunhild som for Margit, altså tenestjente.

Kareslit på vanvona gard

Gunhild voks opp med ein far som gjorde ein stor innsats for å få ein vanvona (vanskjøtta) gard på fote. Han fekk god hjelp av sønene sine, heiter det.[11] Jordvegen var begrensa. I bygdeboka blir det gjort greie for gardshistoria heilt attende til 1704, og utviklinga under Larsgard-familien si tid på Randen.[12] Det er ei fortelling om slit og tunge lyft: felling av skog, bryting av stubb og stein, grøfting og steinkøyring, og som blir oppsummert slik: «Saman braut dei opp mykje jord, og tok 2000 m grøft. Nedunder nybrottet ligg ei steinrøys 45 m lang, 15 m breid og ca. 12 m høg, av 8–9000 lass stein. På ein vinter køyrde dei bort 3000 lass stein».[13] Dei braut når det ikkje var tele i jorda, la steinen i haugar og køyrde haugane i røys på vinterføre. Alt manuelt. Alt telt. Arbeidsrøysene er enno synlege på Randen.

Fleire mål utmark vart til dyrkamark, og med det auka dyrehaldet. Kva det auka dyrehaldet, fleire sauer, kyr og geiter, førde til av auka arbeidsbør for kvinnene, er ikkje nemnt. Det var krøtter på garden så lengje det var folk der. I 1981 hadde dei tre kyr, ei kvige, 35 geiter og 12 sauer, går det fram av ein reportasje i avisa Fremtiden 31. januar 1981, og slik omtrent var det fram til 1986, då garden vart fråflytta.

Garden som kvinnearbeidsplass

Mens kareslitet er godt utmåla i lokalhistoria, leitar ein, som nemnt, forgjeves etter tilsvarande om kvinnene sitt slit. Gunhild visste kva slit var. På 1950-talet held dei tre kyr, 30–40 geiter, 10–12 sauer på garden. Ein hest høyrde med, to kattar og ein altfor velfødd buhund. Teknologiske nyvinningar som mjølkemaskin vart prøvd, men geitene rømde vettskremde til fjells av alt bråket frå aggregatet. Maskinmjølka kyr fekk ofte jurbetennelse, og dyrlegen var timar unda både sommar og vinter. Dessutan vart det mykje meir av for- og etterarbeid med maskinmjølking. Dyra vart derfor mjølka for hand. Frå 1949 til 1974 var Gunhild og Pål to-eine på Randen. Dei siste tretten åra var dei tre, då syster Margit flytta heim att.

Mjølka vart det morgon og kveld. Mjølka vart separert i ein handdriven separator. Det var viktig med rett fart og innstilling, så fløyta vart passe tjukk. Den vidare foredling sto Gunhild også for: kvit ost av kyr og geit, og mjølkeprim, godt smør og rumme av topp kvalitet. Ho kokte ekta brun geitost som det gjekk gjetord om. På butikken i bygda var det lange ventelister. Ostebørene bar ho sjøl, til butikken i bygda, i ryggsekk. 50 kilo til bygdars, og heimatt bar ho med ekstra matmjøl, sukker, salt, kaffe og anna som trongst på garden og som dei ikkje kunne lage sjølve.  Ofte var børa like tung begge vegar. 14 km til fots, og på ski. Verst var den bratte og lange lia frå dalbotnen, der butikken låg, opp på åskamben.

Etter krigen, truleg på tidleg 1950-tal, vart våningshuset sett i tidhøveleg stand. Det gamle tilbygget vart reparert og ga no plass til ved i bakkant og kokerom med kjelring. Bror Hans, snekkaren, var den som stod for dette arbeidet. Gunhild slapp koke ute i eldhuset. Ho fekk kokerom vegg i vegg med kjøkkenet, og veden ei armlengd unda. Ei stor forbetring for kvinnearbeidet.

På kjøkkenet var det ein svartomn. På den vart det kokt, i den vart brød, kjøt og anna steikt. Det var alltid glør i brennhuset. Den ga også ein god varme i huset. På kjøkkenet var det innlagt kaldt vatn. Lyskjelda var ei parafinlampe. Bad var det ikkje, og anna enn utedo vart det heller aldri.  Bekken var god lauge seg i sommarstid. I 45 år var det slik. Det skulle ta mange år før det vart elektrisiteten som ga lys og varme på Randen, og opna opp for hjelpemiddel som kjøleskåp, frysar og vaskemaskin.

Stelle heime – osteproduksjon

Gunhild Larsgard yster kvitost på Randen. Foto: Bjørn Larsgard, 1984.
Kvit geitost mellomlagrast i stugutemperatur før langtidslagring på hyller med rett bakterieflora i kjellartemperatur. Foto: Bjørn Larsgard, 1984.
Brunostmassen er i røringa. Foto: Bjørn Larsgard, 1984.
Reiing av brunostmassen før den kjem i osteformer. Foto: Bjørn Larsgard, 1984.

Osteproduksjonen tok mykje av Gunhild si tid i sommarhalvåret. Fyrst kom ostekjelen på kjelringen (vedafyra rund omn med ringar på toppen). Den var sjølvsagt gullande rein. Så var det å nøre opp eit lite bål under kjelen. Temperaturen på mjølka skulle vera kring 35 grader før løypa kom i. Den skilde ut ostemassen (den faste delen i mjølka). Kraftig omrøring, og så skulle alt stå roleg til det tjukke i mjølka sank til botnars. Ostemassen vart så hatt i ostebalu med gastørkle i for at mysu skulle renne vel av. Ostebalu stod på ei kluft, ei grein som var naturleg delt i to og som låg på tvers over ostekjelen.

Når det vel hadde slutta drype av ostebalu, var massen blitt fast. Osten vart pakka ut, snudd og vendt nokre gonger. Så fekk han kvile i romtemperatur fem–seks dagar før han vart lagt til modning i kjellaren. Etter 2–3 månaders lagring på trehyller med rett bakterieflora, var den kvite geitosten passe moden. Riktig modna var osten ei sjeldan smaksoppleving. Den vart lagt rett på brødskiva, maula med berre godt smør på, eller saman med nypotet. Då vart det eit festmåltid.

Mjølka vart samla over eit par mål, lagra i ti-liters ringjer i kjellaren og når det var naudsynt, i 50 l spann i grove (bekken), der vatnet alltid var kjøleg. 10-liters ringjene fulle av mjølk lyfta Gunhild frå kjøkkengolvet, og balanserte dei ned ei bratt stigetrapp til jordgolvet i kjellaren under kjøkkenet. Morgonen etter var det same prosedyre motsett veg, før alt vart hatt i primkjelen. Tunge lyft, nøyaktig balansering.

Ostemassen vel innpakka, var det å fyre opp eit større bål, for no skulle kring 80 liter mysu koke inn til kring 5 kg brun masse med konsistens som tjukk deig.

Av kumjølk kokte ho mjølkeprim, ein søtare brunostvariant, som vart skoren i tjukke skiver og servert som kaffimat.

Nøye var det under røringa, men aller viktigast var det då primen (den innkokte mysu) skulle reiast, dvs. å røre hardt og kraftig, for at den ikkje skulle bli senden (då vart det som å tyggje ost med sand i). Kjelen måtte av kjelringen straks og ned på murgolvet inne. Var det vêr til det, kom ostekjelen ut på grasbakken, og Gunhild rørte ekstra kraftig om til massen hadde kjølna til rett temperatur. Fyrst då kunne den havast i ostekasser og setast kjøleg til dagen etter. Ei koking var, som nemnt, på kring 80 liter geitemjølk. Fleire liter kufløyte vart hatt i massen siste timen av kokinga. Var det rart det vart god ost? Vel ute av kassene, vart kvar einskild ost sletta på yttersidene med mjuk kniv, og til sist vart ostane pakka i matpapir. Gourmetost for dei som visste seta pris på den, men den var ikkje noko danske hyttegjester tok med heim.

Mon tru kor stor haugen vorte om ein hadde samla all ost Gunhild laga kvart år? Enn si levetida ut? Forsøk på stipuleringar følgjer under overskrifta "Kvinne, ugift, steller for Pål - produksjon av ostar og smør kvantifisert" .

Stelle heime – matstellet

Matstell var for visst kvinnenes ansvar i arbeidsdelinga på garden. For bonden var kjøkken og matkjellar terra inkognita, ukjent terreng. Dagen starta med biskematen, ein liten brødblings og kaffe før mjølkinga om morgonen ved seks-sju-tida, frukost ved nitida, når krytyre, kyr og geiter, var hatt ut i hamna, og fjøs og stall var pynta. Dagleg reinhald av kjørøld (bytter og spann mv.), kjøkken og kokehus høyrde med.

Til frukost var det heimebaka brød, tjukke skiver med godt smør, ostar, syltetøy og nysila mjølk. Etter frukosten bar det ut på jordet. Klokka elleve stod dugurden på bordet; vassgraut med brunost som vart varm av grauten, og surmjølk i eigen bolle. Det kunne også vera flatbrødsoll med sur mjølk. Non, middag, vart servert klokka to, og kvelds laga Gunhild etter fjøsstellet ved fem–seks-tida. Då var det atter brødskive med spenavarm mjølk, rett frå juret.

Det var godt krype til køys tidleg kveld, kvile hovudet på kjøleg pute, under dyne med trekk av fallskjermsylkje frå kontainer-sleppa i fjellet under krigen – som Gunhild hadde sydd. Ho hadde for visst sy av. 74 digre fallskjermar i gult, blått, kvitt og grønt vart samla saman med kontainersleppa. Gunhild måtte førebu neste dag. Ho hadde ikkje eige soverom, og var alltid sist i seng.

Kvil og kaffe

Etter dugurd og non var det fast rutine at bonden kvilte ein god halvtime, mens Gunhild vaska opp og snugga åv (rydda), og stod klar med kaffetår til den som hadde kvilt, før det bar ut på jordet att. Ingen protesterte på det opplagt urettvise i denne arbeidsdelinga. Ikkje på Randen, og ikkje ellers i den konservative og tradisjonsbundne jordbruksbygda Hovet.

Stelle heime – vasking, hausting, slakting og foredling av bær og slakt

Gjetslejenta Eva Almhjell med plagg på hovudet i kvene på Randen saman med danske hyttegjester 1958. Foto: Privat.

På Randen vart slaktedyr, enten det var ku, kalvar, sauer, lam, geiter eller killingar slakta på staden. Berre hesten vart slakta av andre enn bonden sjøl. Gunhild var med, tappa blod av dyra og sørga for at lår og bogar av små og store slakt vart salta og turka. Andre delar av dyret vart hermetiserte eller oppmalne og nytta til kjøttkaker. Kloter (blodklubb) og blodpudding laga ho også sjøl. Kloter var leskande mat varme sommardagar, saman med godt smør, kald mjølk, eller godt tomtebrygg ho sjølv hadde brygga.

I skogen henta ho molter, blåbær og tyttebær som vart til saft, gelé og syltetøy. Jordkjellaren under kjøkenet var ein heil fargesymfoni seinhaustes.

Gløymast skal heller ikkje at til vårsjauen høyrde å vaske ned våningshuset inne. Det var arbeid for kvinner. Karearbeid var det å spa ut tallen, det sauer og geiter hadde trødd fast saman på golvet i stallane. Det vart nytta som gjødsel saman med tallen etter sauene, møkka i hestestallen og kumøkka under fjøset. Alt vart køyrt ut på jordene og spreidd på skareføre.

Stelle heime – klesvask

Stundo måtte det vaskast klede. Tungt og stivt arbeidstøy, handdukar, sengetøy og andre klede som var i dagleg bruk. Alt for hand. Med vatn i grove, bekken, 50 meter austa huset. Tøyet vart lagt i bløyt over natta, før det som skulle kokast kom på kjelringen. Alt vart skrubba for hand på vaskebrett, og reingjort med sjølkokt lutsåpe. Ferdig vaska drog Gunhild vasken med på ei trille bort i grove (bekken) sunna våningshuset. Om vaskinga var tung, var ikkje skyllinga i kaldt vatn mindre krevjande. Tungt var det også, for den med giktiske armar, å få vridd den verste væta ut or tøyet, og få blåtøy, sengetøy og anna opp på gjerder og snorer. All stryking vart gjort med strykejern vermde på svartomnen i kjøkkenet. I 1980 kom det vaskemaskin til Randen, seks år før dei gamle flytta til bygdars for godt.

Stelle heime – onnearbeid 

Pål Larsgard med langljå i slåtten på Randen 1984. Foto: Bjørn Larsgard.
Gunhild (t.v.) og Margit Larsgard set høysåter på Randen i 1920-30-åra. Ukjent fotograf.

Til det å stelle heime høyrde for visst den travle onnetide om sommaren. Slåtten tok Pål for hand, med langljå eller tohending (reidskap for to hender), i 1950-åra, unntatt dei flataste delane av jordene. Der vart hesten sett i arbeid med slåmaskin. Graset vart lagt på hesjatråd i lange hesjer, og køyrt inn med høyvogn. Der ein ikkje kom til med langljå, nytta Gunhild stuttorv (kortskafta ljå eller einhending), slik som mellom steinane på dei brattare delane av jordet, der grasstråa til slutt vart plukka for hand for å få med alt. Mange år seinare vart hesteslåmaskina avløyst av ei tohjula motorslåmaskin.

Stelle heime – haust- og vinterarbeid

Hausten var tid for lauving, dvs. at Gunhild rispa lauv av bjørka medan ho enno hadde grøne blad, og turka. Rispalauv var sikringskost for dyra i vårknipa. Sauene, som hadde gått i fjellet heile sommaren, skulle klyppast. Det var dei to om, men bearbeidinga av ulla var kvinnearbeid i mørke kveldar: rensing, karding, spinning, veving og strikking. Nærma det seg jul, vart det slakting og foredling av slakt. Kjøt av killingar og lam var etterspurt råvare i bygda, som fenalår/spikjikjøt var det blant hyttegjestene i nærleiken. Det ga kontantar til garden.

Vinteren var ellers ei rolegare tid, men gjerandslaus var dei ikkje. Reidskap måtte haldast ved like og velast. Utpå ettervinteren skulle småbjørk fellast i lier rundt garden, og setast i køs (pyramide) på tunet. Det var bonden sitt arbeid. Når sola tok til å verme, sleppte dei geitene og sauene på godsakene. Til sist vart køsen til ved. Så måtte dei klyppe sauene før dei slapp ut på sommarbeite i fjellet.

Vinterstid var tida for veling og saum av klær. Gunhild sydde det som måtte til av nytt, og bøtte og lappa. Ho strikka nytt og stoppa det gamle. Om hausten leto kyrne åv, som geitene gjorde det, dvs. at dei hadde lite eller ikkje noko mjølk i jura. Kokinga slapp ho derfor nokre månader på mørkaste vinteren. Men kyr og småfe skulle ha sitt daglege stell, sjølsagt. Og når påska var runda, tok det til å kry av nykomlingar i fjøs og stall.  Arbeidsoppgavene auka på att. Det var slik det skulle vera, gitt bondens årshjul og naturens gang.

Om vinteren fekk dei også betre tid til å lesa. I bokhyllene stod mykje reiselitteratur. Kunne ein ikkje reise fysisk, var det ingen som hindra ein i å dra jorda rundt i bøkene. Dei held seg godt orienterte i samtida med fleire fagblad og tre aviser; lokalavisa Hallingdølen, Nationen og Vårt Land. Dei trivdes med den kvite stilla.

«Kvinne, ugift, steller for Pål» – produksjon av ostar og smør – kvantifisert    

Sal av slakt, smør, rumme, brun og kvit ost ga, ved sidan av utleigehytta, tiltrengte kontantar til garden. Vart det tid, tok dei fisk i garn, og kanskje var jakt ein del av naturalhushaldet på Randen. Banken var skuffen i kjøkkenbordet.

Bygdeboka gir, som nemnt, tal for kareslit med nydyrking, grøfting og steinkøyring. Ein kan sjå konkrete framsteg av innsatsen. Tilsvarande kvantifisering saknast for kvinnenes arbeidsinnsats for gard og folk. Er det mogleg finne tal som kan si noko om dette? Gitt besetninga på garden, med 3–4 kyr og 35–40 geiter, og dei naturgitte tilhøva på 950 moh., er dyra inne kring 7–8 månader i året. Dei resterande 4–5 månadane er dei ute. Kor mykje ost og smør kunne det i eit gjennomsnitt bli som Gunhild laga årleg og som livsproduksjon? Stipuleringar går fram av tabellen under.

Tabell 1: Gunhilds produksjon av brun og kvit ost og smør, årleg og samla for åra 1936-1986.

Produkt Årleg produksjon –

gjennomsnitt

Produksjon 1936–1986

livsproduksjon

Brunost 312 kg 15 600 kg
Kvitost 250 kg 12 500 kg
Smør   140 kg   7000 kg

Kjelde: Stipuleringar gjort av Eva Almhjell i samråd med kunnige fjellbønder juni 2023 og korrigert etter innspel frå lesarar august 2023. I følgje innspela ligg årsavdråtten av ei telemarkskyr ligg på 1500-2000 liter, meir enn dobbelt så mykje som fyrst anslått. Tala for mjølkemengde og smørproduksjon er justert i tråd med dette.


Tala i tabell 1 er peikepinnar på kvinneproduksjon på ein fjellgard der korkje det store eller det nye hamskiftet i landbruket nådde heilt fram, slik vi alt har vore inne på, men dei kan kanskje også vera ein indikator på kva tenestjenter og gardbrukarkoner har bidratt med i fjellbygdenes sjølvberging og generelle samfunnsutvikling.

Grunnlag for tala i tabell 1

I stipuleringane, som går over ein 50 års periode (1936-1986), legg vi til grunn eit gjennomsnitt for det dyra yt. Utan å ta eit slikt grovt grep, sit ein fast i detaljane. Vi tek utgangspunkt i tre mjølkekyr og 25 geiter som mjølkar. Dei beitar fire månader i året (juni, juli, august og september, rekna til 120 dagar), og står stort sett inne resten av året. Dyra er vårbær, og gir dermed mest mjølk om sommaren, og noko mindre utover seinhausten. Om vinteren er dei fleste drektige. Vi prøver også ta omsyn til at mjølkemengda truleg auka då dei tok til å bruke kraftfór på Randen, kring 1952-53. Kyrne lar vi i gjennomsnitt årleg yte 2,5 liter kvar, 1,25 l morgon og 1,25 l kveld. Geitene lar vi yte i gjennomsnitt 0,5 liter pr. geit dagleg (morgon+kveld). Året lar vi ha 300 mjølkedagar.

Ku - smør

3 kyr som kvar mjølkar 2,5 l dagleg i 300 dagar gir 2250 l mjølk årleg. Til fråtrekk reknar vi 90 l kalvedrikke og mjølk til matstell mv., og sit att med kring 2 160 l kumjølk i året. 10 l mjølk gir 1 liter fløyte, dvs. 216 l fløyte. Det går med 2,5 l fløyte til ein kilo smør. Eit grovt overslag gir kring 70-80 kg smør i året.  

På 50 år produserte Gunhild kring 3500-4000 kg smør.  

Geit – brun- og kvit ost

Vi reknar at 25 geiter yt i gjennomsnitt 0.5 l pr. geit dagleg i 300 dagar. Det gir 3750 l geitemjølk i året. Så reknar vi kring 50 kokingar i året, og for kvar koking går det med kring 80 l geitemjølk. 12 l mjølk gir kring 1 kg brunost. Det gir kring 312 kg brunost årleg.

Kvar koking ga ein kvitost på kring 5-7 kg. Med 50 kokingar i året gir det kring 250 kg kvit geitost, eller 12 500 kg på 50 år.

På 50 år produserte Gunhild kring 15 600 kg brunost og 12 500 kg kvitost.  

Produksjonen til Mari Lisleslett

Mari Lisleslett (1881-1967) sat heile sommaren i 32 år på ein støl i Lein/Strandavatnet. Ho hadde 50-60 geiter og 7-8 kyr og dreiv mest med geitostproduksjon. Mari laga jamnleg 8-10 kg geitost om dagen, heiter det hjå Reinton (Hol V, s. 168-169). Dette var sommaravdråtten på ein støl. Lik Gunhild og mange andre gardkjæringar var ho ei drivande kraft i bygdelivet.

Bera vatn og bera ved

Pål Larsgard sørga for ved til oppvarming og osteproduksjon. Det vart 4-5 famner årleg i mange år. Foto: Bjarne Tormodsgard, 1984.

Kring 3 kyr, 25 geiter, 10–12 sauer og ein hest skulle alle ha vatn. Ei kvalifisert stipulering gjort av røynde og kunnige bønder i bygda, kom fram til at til denne besetningen kunne det dagleg gå med kring 300 l vatn. Om ein reknar at dyra stod inne kring sju månader, skulle det bli vel 22 000 l vatn pr. år. 22 000 liter vatn som Pål frakta på slede frå bekken til fjøs og stallar, og som dei bar inn til dyra i 10-liters bøtter. I den kjønnsbaserte arbeidsdelinga var omsut for hest og sauer karearbeid, medan fjøsstell, ansvar for kyr og geiter høyrde til kvinnearbeidet. Før og under krigen var det fleire på garden til å bera vatn, og dele på anna arbeid, men frå 1947 var dei berre to att. 22 000 l vatn køyrt og bore i 14 år gir 308 000 l vatn.

All kokinga kravde store mengder ved kvar sesong, stipulert til kring 4–5 famner ved pr. år.  Det var arbeid for bonden. Utan ved, ingen ost. I laussnø på ettervinteren drog han det som trengtes ned liene – på kjelke. Han ville spara hesten for dette tunge arbeidet. «Kor tek han kreftene frå?», undra Gunhild, mang ein gong. 4–5 famner ved i 14 år gir 60–70 famner ved som Pål var aleine om å få fram til garden.

Sjøl om Gunhild i reportasjen i Fremtiden i 1981 understrekar at dei på Randen prøver greie seg sjølve, og om hamskifta ikkje fann vegen til Randen, så var gard og folk innvevd i marknadsøkonomien, slik den utvikla seg etter krigen. Det var den som var viktigast for omsetning av varene Gunhild produserte, men det er ikkje funne dokumentasjonen som kan gi ein peikepinn på inntening i kroner og øre.

Som nemnt, er det ikkje gjort overslag over kor mykje dei slakta kor haust og vår (killingar, kalvar), eller kor mykje dei nytta til eige forbruk og kor mykje dei selde.

Kor mange liter molter og anna bær ho plukka, og alt det andre kvinner som steller heime steller med, har vi ikkje greidd stipulere oss fram til.

Gunhild, «kvinne, ugift, steller for Pål», som det står i bygdeboka.[14] Tala og arbeidsoppgavene over syner litt av det som ligg i omgrepet «stelle heime», og det enten ho var oppført som «i tjeneste hos andre», eller anna i folketellingane desse åra (spørsmål 6 om leveveg). For ugifte kvinner var det å vera i tenest hjå andre, vera tenestjente, ei av dei viktigaste levevegane i (bygde-)Norge fram til andre verdskrigen, som vist i innleiinga. Vi saknar tal for deira bidrag i samfunnsutviklinga.

Randen – Gunhilds kvinnefront under krigen

Randen i påska 1945. Garden var heimevernsenter under krigen. Gunhild gjorde ein stor innsats saman med brødrene sine. Ukjent fotograf.

Randen låg høveleg til for motstandsarbeid under krigen, og var eit viktig standkvarter for heimestyrkane i Hol og øvre Hallingdal. Tre brør Larsgard (Pål, Lars, som drukna i Urundåne i 1947, og Hans) og Gunhild sjøl var aktiv i heimefronten. Yngstebroren, Hans, var sjef for motstandsgruppa.

I ein reportasje i Alle Kvinners Blad 17. november 1945 fortel Gunhild litt om livet på fjellgarden under krigen:

Med opplæringa heimefrontkarane fekk på Randen, vart det mange fleire munnar mette. Ho var den einaste kvinna att på garden etter at mor døydde i 1941. Instruktørar og deira elevar til ei kvar tid (4–5 karar) held til i hytta ovanfor garden. I fjella låg det folk i dekning, og fleire karar frå bygda kom opp når det var flyslepp i vente. Gunhild laga ekstra mat, og sørga for å reparere tøy når det var naudsynt. Kom det folk til gards, skulle ho dekke heimefrontkarane, brørne sine og dei i hytta, noko ho meistra til fulle, etter det Alle Kvinners Blad skriv i reportasjen i 1945. Mange gonger var tyskarar på jakt etter dette avsidesliggjande heimevernsenteret, men okkupantane fekk ingen hjelp til å finne fram. Okkupasjonsmakta kom aldri til Randen.

Usynleggjort krigsinnsats? 

I Hol V heiter det at «Pål, Lars, Hans og Gunhild, gjorde alle ein stor innsats under krigen» med utdjuping, som vel er, av det karane gjorde.[15] Men Gunhild sin krigsinnsats blir ikkje utmåla. Kåre Olav Solhjell har skrive mykje og bra om krigen i Hol,[16] men det står eindel att å ynskje for å få fram kvinnenes stille innsats under krigen.

Det er, med rette, skrive utførleg om mennenes grøfting og steinkøyring, skogfelling og nyrydding, og kva motstandsarbeidet bestod i – for karane.  Same omfang og detaljeringsgrad finn ein ikkje om kvinnearbeidet og Gunhilds rolle i krigsåra.

Bygdebøkene «Folk og fortid i Hol» av Lars og Sigurd Reinton er, som nemnt, av dei beste i landet, men som andre lokalhistorier, er dei skrivne av menn, mest om menn og i mangt også for menn. Det er fyrst når bygdekvinnenes historie kjem fram i lyset at vi får heile bygda sitt rikhaldige kulturliv, historie og utvikling gjennom tidene.

Ein skal ikkje vente at det i bygdebøker blir gjort så nøye greie for kvinnearbeidet som det ein kan gjera i eit minneportrett, men tal som kunne samanliknast med mennene sin arbeidsinnsats vore fint hatt med.

Ugift jente steller for familien heime

Gunhild var yngst av dei tre jentene som voks opp på Randen. Ho var det som tok kvinnedelen av ansvaret på Randen. Den avgjerdsla tok ho under krigen, den var utan tvil, og la føringar på (bort)val ho gjorde seinare, fortel brordottera til Gunhild, Grethe Larsgard Rudningen. Heile historia deler ikkje Gunhild med nokon, men ho visste at hennar styrke, eksklusive kunnskap og arbeidsinnsats var naudsynt for å drifte garden.

«Den agrare kulturen avspeiler kvinners stilling i det gamle bondesamfunnet, der arbeidsinnsatsen deres ikke bare var nødvendig og selvsagt; på sine områder arbeidet de selvstendig og hadde en kunnskap som var eksklusiv. Store deler av gårdens produksjon ville stanse opp uten kvinners arbeidskraft.»[17] Denne konklusjonen gjeld gifte kvinner. Men den er, som vist, like gyldig for ugifte kvinner, som Gunhild på fjellgarden Randen.  

Står det likevel att å svara på spørsmålet om kven som rådde med pengane i den agrare kulturen: var det bondekonene, der dei skapte verdiane, eller bonden som eigar? Frå gamalt, og i områder med sterk stølskultur, bidrog kvinner ikkje minst med kontantar ved sal av stølsprodukt som ost, smør, rumme og fløyte. Hadde dei «bok», eigen konto i banken? Svaret på slike spørsmål er viktig med tanke på likestillinga i det rurale samfunnet.

Kristin Dale viser i artikkelen «Bondekoner – jordbrukets arme riddere?» at bondekonene så seint som på 1970-talet meinte jordbruksinntektene, inntektene gardsdrifta ga, skulle gå til garden, og dei hadde mannen hovudansvaret for. Det underlege er at dette i den einskilde familie er for eit ikkje-tema å rekne, skriv Dale.[18]

Pengar familien trengte til klede, feriar mv. måtte skaffast ved arbeid utanfor garden. Og det var det som skjedde med det nye hamskiftet frå 1970-talet og utover, då bondekonenes arbeidsinnsats på garden gjekk ned og lønnsinntekter frå arbeid utanfor garden auka. Kvinnene følgde arbeidsoppgaver dei tidlegare hadde gjort ulønna på garden ut i det offentlege, særleg innan helse- og sosialsektoren, der dei fekk lønn for strevet. Desse inntektene hadde bondekvinnene sjølve råderetten over.[19]

Jordbrukssamfunnet i Norge endra seg radikalt etter krigen,[20] men på Randen var alt ved det gamle. Syskjenparet kunne ikkje ha drive garden utan kvarandre. Dei dreiv etter gamle tradisjonar og la den tradisjonelle arbeidsdelinga i fjellbygda til grunn, men ingen grenser var så faste at ikkje skrantande helse tvang fram samarbeid på tvers av den tradisjonelle arbeidsdelinga, som til dømes at Pål var med i fjøset, der kvinnene i all tid hadde rådd grunnen. Best var det om ingen såg det...

Gamal jente i Hovet 

«Kvinne, ugift, steller heime»... I bygda vart denne gruppa kvinner omtala som «gamal jente», eller attegløyme, ei som vart gåande utan å bli gift, ei ingen ville ha, kanskje. Stas var det ikkje, vera attegløyme eller gamal jente. Det var helst noko skamme seg over. Men historiene bak kunne vera av mange slag. Demografiske forhold, med kvinneoverskot, spelte ein rolle. Krig og dyrtid under fyrste verdskrigen, børskrakk og massearbeidsløyse i mellomkrigstida, og tronge tider etter krigen spelte inn.

Det kunne også vera ho som ikkje ynskte seg mann og barn, og leva slike familieliv ho såg rundt seg. Kanskje drøymde ho om utdanning og eit liv på eigne føter? Men vart fanga av den praktiske kvardagen i familie- og bygdeliv?

Historiene kunne spenne frå vilja innsats i eigen barndomsheim, til glede og nytte for den som ga og den som fekk, og til den som kjende seg pressa inn i ein rolle ho helst ville slept, og som vart eit anna liv enn det ho drøymde om, kanskje.

Hovet: 50 gardar, 10 gamle jenter – etter krigen

Gunhild Larsgard si historie er hennar eigen, men i rollen som «kvinne, ugift, steller heime» var ho ei av mange. Til dømes kan ein telle ti gamle jenter berre i den vesle jordbruksbygda Hovet med kring 50 gardsbruk frå midt på 1940-talet fram mot 1960. Dette er overslag basert på bygdebøkene og lokalkunnskap. Med andre ord er kunnskapen der, men den er ikkje komponert med tanke på å synleggjera innsatsen frå dei ugifte kvinnene.

Randen – eit familieprosjekt 

Brorson Bjørn Larsgard leverer post til f.v. Margit og Gunhild på Randen i 1973. Innsatsen bror Hans og brorson Bjørn og resten av familien i Hovet gjorde, var avgjerande viktig for livet Gunhild og hennar syskjen levde på fjellgarden Randen, Hovet i Hallingdal. Foto: Bjarne Tormodsgard.

Som nemnt ser det ut til å ha vore eit mål for gamle Hans Larsgard at garden Randen skulle drivast av tre brødre i lag. Slik gjekk det ikkje, som vi har sett. I praksis vart Randen likevel eit familieprosjekt som involverte broren i bygda og hans familie, i tillegg til dei to på Randen. Det var broren Hans, og etterkvart også brorsonen, Bjørn Larsgard, som tok seg av transportarbeidet, var med å sette garden i tidsmessig stand, fekk lagt opp radiosamband og som var aktivt med i høyonn og anna onnearbeid. Bror Hans var det også som sette opp hus til syskjena på Randen i bygda. For også på Randen måtte den lange arbeidsdagen til slutt ein ende ta.

Til bygdars – for godt

Her kviler Gunhild Larsgard (1909-1993) saman med bror Pål og syster Margit på Hovet kyrkjegard. Foto: Eva Almhjell, 2023.
Kyrkja i Hovet. Foto: Eva Almhjell, 2023.

Historia om Gunhild Larsgard, slik ho er fortalt her, gir ikkje på nokon måte det fullstendige bildet av den ho var og det ho gjorde. Dette er eit portrett basert mest på eigne røynsler, supplert med dokumentasjon frå ulike kjelder.

Pål Larsgard var bonden. Han eigde garden. Gunhild, var «kvinne, ugift, stelte for Pål», eller ho var «i tjeneste hos andre» som det óg kan heite i statistikken. I 1961 vart det lys i alle glas på Randen – elektrisk lys. Så kom det kombinert fryse- og kjøleskåp på 1970-talet, og til sist, i 1980, dei siste seks åra, kom vaskemaskin i hus. Varetransporten gjekk etter kvart på skuter vinterstid og bil om sommaren.  Kring 1973 vende storesyster Margit, diakonissa, heim att. Gunhild sjøl konkluderte i reportasjen i Alle Kvinners Blad med at livet 950 moh. var eit liv i nøysemd, eit liv i slit. Den konklusjonen står seg, sjøl om tekniske hjelpemiddel letta litt på tilhøva. I 1986 flytta alle tre til bygdars – for godt.

Gardsdrift etter gamlemåten, og ti-år med same slitet tok på, og den ein gong så sterke og staselege budeia, dronninga i eige rike, fekk tunge helseplager. Men den djupe respekten for dyr og menneskje, og klokskapen, beheld ho til det siste.

Sitt eige rom

I bygda flytta dei inn i nytt hus, med store, lyse rom, elektrisk oppvarming, eit lettstelt kjøkken, og soverom til kvar av dei tre. For fyrste gong i livet fekk Gunhild sitt eige rom. Syster Margit, diakonissa, stod både for stell i heimen og sjukepleie for syskjena sine til ho tok kvelden i 1990. Pål døydde i 1994. I 1993 var livet til endes for bror Hans, og same året kom Gunhild Larsgard på gamleheimen i grannebygda Hol. Der somna ho stille inn 29. september same året.

Kanskje fota ho seg, med det mektige Hallingskarvet som tilskodar, på si siste ferd, lett og spenstig, opp på Nuten ovanfor garden, lokka geitene, sang sin kulokk, som berre ho kunne? Og dei svara henne? Før alt tagna.

Fotnoter

  1. Reinton bind V, 1975: s. 382.
  2. Almås 2023
  3. Solhjell 2000
  4. Almhjell og Øyrehagen Sunde, 2015
  5. Melby 2020
  6. Labugt 1992: s. 40-41
  7. Almås, R. (2023). Kva skjer i Bygde-Norge? Dreyers forlag.
  8. Sverdrup 1941
  9. Solhjell 2000
  10. Reinton. Hol V: s. 382
  11. Reinton Hol V: s. 381
  12. Reinton Hol V: s. 375-385
  13. Reinton Hol V: s. 381-82
  14. Reinton. Hol V: s. 382
  15. Reinton. Hol V: s. 383
  16. Hol i hundre år, bind 1, 1995 og Hallingdal i krig, 2000
  17. Lena Sommerstad, sitert i Gro Hagemanns kapittel «Fra husholdsøkonomi til markedsøkonomi 1800-1900» i Med kjønnsperspektiv på norsk historie, 2020.
  18. Brandt og Verstad 1993
  19. Labugt 1992
  20. Almås 2023

Kjelder

Muntlege kjelder

  • Eva Almhjell, som var gjetslejente under Randen somrane 1956-58 og livslang ven av Gunhild Larsgard.
  • Bjørn Larsgard, Hovet, sonen til Hans H. og far til Siv, har stilt bilder til disposisjon
  • Siv Therese Aaker Larsgard, eigar av Randen, Hovet
  • Grethe Larsgard Rudningen, brordotter, bonde og sosionom, Ål
  • Ola Ruud, f.d. mjølkebonde i Hovet
  • Trine Lilleslåtten, bonde og osteprodusent, Jacopsplass i Skurdalen. Ho lærte lage ost av Gunhild Larsgard.

Eksterne ressursar