Gunnar Tarjeisson Rysstad
Gunnar Tarjeisson Rysstad (fødd 27. mai 1867 på Heimigard Rysstad, død 23. juni 1928) var bonde, forfattar, målmann, fotograf, handelsmann og politikar. Som fotograf virka han i Setesdal frå 1880-åra og det finst bilete etter han i Setesdalsmuseet på Rysstad. Den fyrste diktsamlinga, Sukk og song, kom ut i 1888. I åra 1904–1906 var han tredje representant på Stortinget frå Nedenes amt for Høgre, og så ordførar i Hylestad 1915–1916 og 1923–1925. Rysstad var og ein ihuga organisasjonsmann som stod ved vogga til (og var leiar av) fleire lag som til dømes Otra Skogeierforening, Setesdalens reinssamlag og Valle mållag.
Gunnar T. Rysstad mottok 7. juni-medaljen til minne om unionsoppløysinga.
Ætt og familie
Gunnar var det eldste av Tarjei Gunnarson Straume og Targjerd Niklosdotter Hovet sine åtte born. Faren var ein ihuga mål- og norskdomsmann og ein flink plogsmed, men tæringa tok han då han berre var 41 år, og sonen Gunnar 41 år etter. Familien kan ha budd på Straume allereie rundt 1875. Folketellinga 1875 fortel at heile familien ikkje var på Rysstad, men på «Ströme i Hyllestad Sogn». Der vart dei på ny talde 1. januar 1891, og sidan 23. november 1887 var Gunnar gift med eitt av oldebarna til eidsvollsmannen Olav K. Tveiten, Vilborg Olsdotter Rysstad.
Mora Targjerd var den som sytte for dei 11 som var busett på garden, Gunnar var gardsarbeidar og diktar. Frå 1896 skal Gunnar ha drive slektsgarden på Straume Der nede og i 1897 fekk han skøyte på garden.
Gunnar og Vilborg fekk ti born, og av dei døydde seks utan etterkomarar:
- Targjerd (1888–1971). Ektemake: Gunstein Gunnarson Moi Der nede, Bygland.
- Tarjei[1] (1890–1984), tok over Straume Der nede etter foreldra. Ektemake: Helga Steinsdotter Birkeland, Bygland.[2]
- Olav (1893–1894)
- Olav (1895–1970). Ektemake: Tora Torleivsdotter Haugen, Valle.
- Gunnar (1897–omlag 1925), utvandra til USA.
- Ånund Gunnarsson (1900–1918)
- Såvi Gunnarsson (1902–1963)
- Gunhild Gunnarsdotter Straume (1905–1988). Ektemake: Kristian Stubseid, Bygland.
- Torleiv Gunnarsson (1908–1940)
- Bjug Gunnarsson (1911–1966)
Skule og arbeid
Etter folkeskulen fortsette Gunnar på Amtsskulen, som var i Valle vinteren 1881–1882. Ein av lærarane der var skulemannen og rikspolitikaren Jørgen Løvland frå Evje. Deretter fylgde vikariat som lærar, før han 17 år gamal gjekk på Vonheim folkehøgskule i Gausdal vinteren 1884–85. Fire år seinare var han handelsstyrar på Rysstad.
Han var med i det frilynde ungdomslaget i Hylestad.
Politikar
Gunnar sin far, Tarjei Gunnarsson Straume, var den fyrste formannen i Vinstrelaget i Hylestad. Det var det fyrste i Noreg, og som faren vart og sonen aktiv i styre og stell for Venstre i Hylestad.
Gunnar var aktiv på fleire frontar for å få betre forhold i Setesdalen, til dømes kan diktet «Eimhesten» takast til inntekt for ynskjet om å få Sætisdalsbanen til Byglandsfjord. Ein av strofene som vart nytta i eit namnlaust innlegg i Fædrelandsvennen 23. mai 1890 er klår:
- «De Menn, som sitje i Stortingssalen,
naa lyt de hjelpe paa Sætisdalen!
Folk sukkar saart ifraa sør og Nord:
Lat os faa Bane til Bygglandsfjord!»
- «De Menn, som sitje i Stortingssalen,
Fem år seinare er bygginga starta, og på side 2 i Den 17de mai 10. januar 1895 visar han på ny kor han stend:
- «"Norsk arbeid". Her var mykje tale um aa hjelpa fram "det norske arbeid" paa siste storting. Og det vilde vera godt og vel.
Men naar fabrikherren og kapitalisten leiger svenskar og arbeider upp ditt og datt her i landet, so er det væl "norskt arbeid"? Dei kallar det so, trur eg. Og det skal vernast um! Men var det kje likare aa forma um dette slagordet slik, at me burde verna um den norske arbeidaren?
Eller er det kanskje ein av unionens "vælsignelser" aa forsyna oss med svenskar?»
- «"Norsk arbeid". Her var mykje tale um aa hjelpa fram "det norske arbeid" paa siste storting. Og det vilde vera godt og vel.
Innlegget var byrjinga på ein utveksling rundt emnet svensk arbeidskraft i Den 17de mai.
I tida frå 1893 til 1925 var han medlem i heradsstyret i Valle og Hylestad, nestan utan pause. Han var Hylestad sin fyrste ordførar i 1915–1916, og fekk ein periode til 1923–1925. Berre 34 år gamal valdes han til varaordførar i 1902.
Riksforviklingar i 1904
Målet om å bli stortingsmann nådd han då han vart vald til valmannskollegiet med mest alle røyster i Valle i bagasjen. Det som kom, var uventa og det vart eit stort rabalder då det 10. september vart kjend at venstremannen hadde gått over til Høgre. Dermed let han målsaka falle, riksmål og landsmål fekk arbeide attmed kvarandre. Korleis han røysta kunne vere avgjerande for om Høgre eller Venstre «vann» sidan Høgre hadde 71 representantar og Venstre 69 i valmannskollegiet. Folket visa og tydeleg at dei ikke var nøgde med det som hadde hendt, Høgre fekk i regelen ikkje meir enn 10–15 røyster i Valle. Berre lensmannen der, Ole Lund, meinte at Gunnar på førehand hadde sagt klårt i fra at han ville gå med Høgre, og forsvara han offentleg. Fædrelandsvennen skreiv at «Gunnar Rysstad og det parti som valgte ham er vistnok hinanden fuldt værdige.»
Gunnar hadde ein sterk forsvarar til, Bjørnstjerne Bjørnson, som rosa Gunnar for at han var tru mot sine eigne idear. Til venen Haakon Løken, som tydeleg ikkje var samd med Bjørnson, skreiv han eit brev som vart trykt i Norske Intelligenssedler 22. oktober 1903. I dette står det mellom anna at:
- «[...] nu holder jeg denne maanedlange Forfølgelse av Gunnar Rysstad ikke længer ud. Er det en Forbrydelse at være Venstremand, men finde det umuligt at stemme sammen med sit Parti, da ikke det, men Modparten har det Program, som tykkes det beste [...] ja, saa er vi Forbrydere allesammen, og en saa uhyrlig Følgeslutning burde bringe selv en Fanatiker til at gaa bagover. [...] For at bevare mit gode Omdømme om Dem, har jeg maattet avstaa fra at læse Dem! [...] Nu maa vel Tiden være kommet, at vi slipper ud av Personforfølgelsens Ørkensand og kommer over paa fast, frugtbar Grund igjen.»
Venskapen brast.
I tida på Stortinget 1904–1906 var han medlem i Protokollkomiteen. Truleg øydela denne manøveren sjansane hans for ei politisk karriere på nasjonalt nivå, og den stogga han uansett lokalt. Han kom ikkje på listene til heradsstyret i Hylestad i 1904, og i 1907 var berre så vidt det var at han vart vald inn.
Gunnar T. Rysstad kom attende til Stortinget, om enn som varamann. I 1918 vert han vald inn for Venstre og i 1927 for Bondepartiet.
Den skrivande Gunnar T.
Ei mengde av Gunnar T. Rysstad sine dikt og prosastykke vart trykte i til dømes Fedraheimen, Den 17de Mai, Christiansands stiftsavis og Syn og segn. Den første diktsamlinga, Sukk og song : ein rimkrans, kom i 1888. Då bondebladet Sæbyggjen vart starta i 1890 var Torgeir Bjørnaraa bladstyrar og Gunnar medstyrar saman med Lars Liestøl og lensmann Ole Lund. I bladet kom mange dikt og artiklar frå han. Til dømes finnes eit dikt han skreiv etter at han høyrde spelemannen Eivind D. Aakhus som vitja bygda imellom slåtten og skurden i Den 17de Mai 3. september 1898.
24. september 1914 fortalde Agderposten at «Gunnar Rysstad har et større nutidsdrama, "Sætisdølar", ferdigt. Det er godtat til oppførelse av Det norske teatret. Hr. Rysstad har desuten lagt sidste haand paa en større digt-samling. Grundet de vanskelige literære forhold er det dog tvilsomt, om bøkerne kommer ut iaar.». Sætisdølar er det elles ikkje funne spor etter i bibliografiar.
Til det fyrste bandet av praktverket Norske bygder skreiv Gunnar kapitlet «Natur og folkekarakter» på setesdøl, og nytta dette til å fortelje om alt det som har vorte skapa i husflid, diktning, musikk og bygg. I Sørlandet og litteraturen skriv Bjørn Hemmer på side 126 at:
- «Rysstad er et godt eksempel på hvordan det som [...] ble kalt den setesdalske "renessanse", kunne føre til økt selvfølelse og identifikasjon med egen kulturell bakgrunn. Det å være bonde og det å være døl, det var en ære for ham. [...] forente et politisk engasjement med en sterk kjærlighet til hjembygd, tradisjon og diktining.»
Olav Bø var redaktør for ei minnebok, Hugsjå - dikt og prosa, med eit fyldig utval av forfattarskapen hans, som Det norske samlaget gav ut til hundreårsdagen hans i 1967.
Fleire av tekstane til Gunnar T. Rysstad har fått musikk, nokre eksempel er dikta «Tore» og «Vårliv», men han sette og Deilig er jorden om til nynorsk. Den fekk tittelen Fager er jordi og vart trykka i Syn og Segn i 1900, seks år seinare var den ein del av Bernt Støylen si Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte og i Nynorsk Salmebok fekk han nummer 675.
Bibliografi
- 1888: Sukk og song : ein rimkrans, dikt, Kristianssand : I kommission hjaa Mons Litleré.
- 1890: Femti dikt paa landsmaal og bygdemaal, Kristianssand : I kommission hjaa Mons Litleré. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- 1896: Hugsjaa : dikt, Kristiania : Haffner & Hille.
- 1904: Vaarnott : ei forteljing i song, Aschehoug & co, pris kr. 1.25, indb. kr 1.75.
- 1912: Vigleik : sogespel i 5 vendingar, Risør : Erik Gunleiksons forlag, pris kr. 2.50, ib. 3.75.
- 1915: Orren Spelar : dikte, Risør : Erik Gunleiksons forlag.
- 1921: «Natur og folkekarakter» i Norske bygder. 1 : Setesdalen, Bergen : Alb. Cammermeyer. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- 1967: Hugsjå - dikt og prosa, nyutgjeving ved Olav Bø.
Tekstar brukt i innspelingar
Eit utval
- 1988: «Vårliv» på albumet Min kvedarlund av Kirsten Bråten Berg.
- 1990: «Fysst'an æ utå bygdo flate» på kassetten Luftslaget av Bjørgulv Straume.
- 1995: «15 gamlestev frå Reiår unge» på albumet Frå ætt til ætt av Bjørgulv Straume.
- 2011: «Fager er jordi» på albumet Heim te jol av Inger Lise Stulien.
- 2012: «Fager er jordi» på albumet Eg såg deg av Anne Karin Kaasa.
- 2013: «Tore» på albumet Eisemo av Ugagn.
Noter
Kjelder
Fyrstehandskjelder
- Gunder Tarjeisen i folketeljinga 1875, Aust-Agder fylke, Valle herred
- Gunnar Torgeirsson Rysstad i folketeljinga 1891, Aust-Agder fylke, Valle herred
- Gunnar T. Rysstad i folketelling 1900 for 0940 Valle herred fra Digitalarkivet
- Gunnar Torgeirsson Rysstad i folketelling 1910 for 0940 Valle herred fra Digitalarkivet
- Aust-Agder fylke, Valle, Ministerialbok nr. A 7 (1854-1868), Fødte og døpte 1867, side 62.
- Aust-Agder fylke, Hylestad i Valle, Klokkerbok nr. B 3 (1921-1948), Døde og begravede 1928, side 140.
Andre kjelder
- Agderposten: «Vore forfattere» side 2 24. september 1914, Digital versjon på Nettbiblioteket. (Om Sætisdølar).
- Hemmer, Bjørn: Sørlandet og litteraturen, Kristiansand : Høyskoleforl., 1995. ISBN 8276340210. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Ryningen, Alfred: Valle kommune I, Gards- og ættesoge Hylestad, s. 208–210 og 286; Valle kommune 1985, ISBN 82-991334-0-8.
- Terland, Ingrid: Agder-forfattere gjennom tidene : en bibliografi. D. 1 : Skjønnlitterære forfattere født før 1900, s. 81–83. Kristiansand : Agder distriktshøgskole, 1988. ISBN 8271172093. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Gunnar Torgeirson Rysstad hjå NSD.
- Gunnar T. Rysstad hos Aasentunet (lagra versjon på archive.org).
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Gunnar T. Rysstad på Digitalt museum.
- Gunnar T. Rysstad på KulturNav
- Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket
Eksterne lekkjer
- Teksta til «Fager er jordi» på aasentunet.no
- Gunnar Tarjeisson Rysstad i Historisk befolkningsregister.
Gunnar Tarjeisson Rysstad er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |