Hågen Johansen Sorte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hågen Johansen Sorte (født 1799 i Lånke, død 21. desember 1863 same stad) var gardbrukar, og sannsynlegvis den fyrste lånkbyggen som utvandra til Amerika på 1800-talet.

Tidleg liv

Hågen Sorte vart født på Nordre Svorte, og var son av Johan Andersen Børstad (1749-1801) og Sigrid Hågensdotter Sorte (1764-1839). Mora Sigrid vart oppført som enkje i folketeljinga 1801, og vart gift på ny seinare same året med Ola Larsen Hofstad (1775-1815). Etter at stefaren døydde i 1815, fekk Hågen skjøte på garden i dødsbuet etter han.

Han fekk i 1820 ei dotter, Sigri, utafor ekteskap med Ingeborg Halvorsdotter.[1]

Gardbrukar

Hågen Sorte vart gift 2. november 1829 med Randi Nilsdotter Bjørgen (1795-1847) frå Bjørgen i Stjørdal. Dei fekk berre ei dotter: Johanna (1838-1922), gift i 1860 med Ola Olsen Sorte (1825-1906), brukar på Mellom-Svorte.[2] Hågen vart enkemann i 1847, og sommaren 1850 selte han garden til Peder Hågensen Kyllo (1816-1890) frå Hegra, som fekk skjøte 31. juli 1850.

Utvandrar og nybyggjar

Da Hågen Sorte selte garden, kan det vera at han alt hadde planar om å utvandre: Den 27. september 1850 var han nemleg hos prosten på Værnes og fortalte at han skulle «til New York i Amerika».[3] Det vart likevel ikkje New York, men California som skulle bli målet hans, for han vart med på ein gullgravarekspedisjon som drog ut frå Trondhjem med skuta «Sophie» den 26. oktober same året. Denne ekspedisjonen omfatta 106 håpefulle gullgravarar, alle menn, og dei fleste trøndarar. Berre frå Stjørdalsbygdene var fleire med, mellom dei Faber Marcus Gørrissen frå Værnes, Sivert Thoresen Kleven frå Hegra og Lars Kjelstrup frå Meråker. Dei fleste om bord var ein god del yngre enn Hågen Sorte, og mange var ugifte. Om ikkje Hågen var den einaste enkjemannen mellom gullgravarane, er det lite som tyder på at det var mange fleire enn han.

På nyåret i 1851 kom «Sophie» til Rio de Janeiro i Brasil. Skipet vart sagt å vera i dårleg stand, og kondemnert, og dei 106 nordmennane sto derfor utan høve til å komma seg vidare. Da kom eit tilbod frå eit koloniseringsselskap av Hamburg om å bli kolonistar lenger sør i landet, eit tilbod 74 av de 106 nordmennene slo til på. Da dei kom til den nye kolonien som med tida skulle bli byen Joinville, valte 13 av dei å reise heim med den norske skuta «Colon», som hadde brakt tyske og sveitsiske kolonistar dit. 61 nordmenn valte å bli, iallfall for nokre år, og vart skrivne inn i den lokale lista over innvandrarar.

Hågen Sorte var mellom desse 61, men var òg mellom fleirtalet av dei i at han ikkje vart verande lenge: Han skal ha forlati Joinville den 6. august 1852, som var seinare enn dei fleste – berre i løpet av 1851 hadde sytten nordmenn dregi enten heimatt eller vidare, og seks hadde døydd, mellom dei stjørdalingen Hieronymus Sommerschield. Sorte drog same dag som Knut Olsen Kjesbu (1794-1878) frå Skogn, men det er ikkje kjent om dei kom heim att saman.

Forfattarane av Stjørdalsboka skriv at Hågen Sorte kom att til Lånke, «men reiste ut på nytt»,[4] men boka seier ikkje noko om kvar han drog denne andre gongen. I alle høve kom han heim att enda ein gong, og døydde heime i Lånke kort tid før juleftan 1863.

Noter

  1. Sigri Haagensdatter i Ministerialbok for Stjørdal prestegjeld, Lånke sokn 1820-1821 fra Digitalarkivet.
  2. Stjørdalsboka, side 130-131 og side 145.
  3. Aarnes, side 14.
  4. Stjørdalsboka, side 145.

Litteratur